Du er logget inn som

 

Årsmøte og Husflidstreff 2026 2026

Tilbake

Årsmøte og Husflidstreff den 7. og 8. mars 2026 på Karmøy

main image

Velkommen til Husflidstreff og årsmøte 

Laurdag 7. og søndag 8. mars 2026 

Aiden Haugesund Airport Hotel 

Helganesvegen 24, 4262 Avaldsnes 

Rogaland Husflidslag inviterer til Husflidstreff og regionårsmøte laurdag 7. og søndag 8. mars 2026 på Aiden Haugesund Airport Hotel på Karmøy. 

Sør Karmøy Husflidslag feirar 40-årsjubileum i 2026, og laurdagskvelden vert markert med jubileumsmiddag i Skudeneshavn. 

Denne gongen har vi hovudfokus på organisasjonsarbeid, med kurs på laurdag, samt eit inspirerande foredrag på søndag. Laurdag ettermiddag reiser vi til Skudeneshavn, der Sør Karmøy Husflidslag tek oss vel imot med eit flott program på Tåkelurfabrikken. Her blir det enkel servering, keramikkbutikk, mogleg gatevandring og mye meir. Derifrå er det om lag fem minutt å gå til restauranten. 

Logistikk 
Frå hotellet er det bestilt buss som køyrer oss til Skudeneshavn og tilbake etter jubileumsmiddagen. 

I Skudeneshavn kan det bli ein kort byvandring dersom vêret og interessa tilseier det. Ta gjerne med gode sko. 

Påmelding og prisar
Påmeldinga opnar 15. januar 2026 og skjer via Checkin. 

Pakkar og prisar: 

  • Deltakaravgift med overnatting i dobbeltrom: NOK 2950 
  • Deltakaravgift med overnatting i enkeltrom: NOK 3375 
  • Jubileumsmiddag laurdag kveld: NOK 625 
  • Dagspakke årsmøte (inkl. foredrag, lunsj, kaffi ): NOK 800
  • Dagspakke årsmøte (inkl. foredrag, kaffi, uten lunsj): NOK 600 
  • Foredrag (utan årsmøte): NOK 175 

Foredrag
Kristine Bruvik Vikse: Styrke i kvar maske – korleis handarbeid skaper ro, meistring og fellesskap
Kristine Bruvik Vikse er strikkedesigner, foredragsholder og gründer med lang erfaring innen tekstil og håndverk. Hun har bakgrunn fra Esmod, har drevet eget klesmerke i en årrekke og jobbet som strikkedesigner i garnbransjen. I dag formidler hun engasjerende om hvordan strikking og håndarbeid kan bidra til bedre hverdagshelse, fellesskap og mestring, gjennom konseptet Styrke i hver maske. 

Adresser 

  • Overnatting: Aiden Haugesund Airport Hotel, Helganesvegen, Avaldsnes 
  • Jubileumsmiddag: Havn Hotel, Skudeneshavn 
  • Ettermiddagsprogram: Tåkelurfabrikken, Skudeneshavn 

(Ca. 5 minutt å gå frå Tåkelurfabrikken til Havn Hotel) 

  

Program 

Laurdag 7. mars 2026 

09.30 – 10.00 Registrering til Husflidstreff 

10.00 – 10.30 Orientering om organisasjonen, organisasjonsendringar og husflidskonsulenten v/ William Riedlinger, husflidskonsulent 

10.30 – 12.00 Organisasjonsarbeid
– med utgangspunkt i svar frå spørjeundersøkinga til dei lokale laga
Tema: Checkin, Brønnøysundregisteret, lokallaga sine nettsider, Organisasjonshandboka 

12.00 – 13.15 Lunsj (eventuelt innsjekk) 

13.15 – 14.00 Ønskje og forventningar
Open drøfting om vegen vidare, ønskje og behov 

14.00 – 15.30 Pause og innsjekk 

15.30 Buss til Skudeneshavn 

16.00 – 19.00 Sør Karmøy Husflidslag tek oss imot på Tåkelurfabrikken
19.30 Jubileumsmiddag på Havn Hotel – 40-årsjubileum for Sør Karmøy Husflidslag 

Ca. 22.30 Buss tilbake til hotellet 

 

Søndag 8. mars 2026 

08.30 – 09.30 Frukost 

09.30 – 10.15 Foredrag: Kristine Vikse
Styrke i kvar maske – korleis handarbeid skaper ro, meistring og fellesskap 

10.15 – 10.30 Pause 

10.30 – 13.00 Årsmøte 

13.00 – 14.00 Lunsj
(14.00 – 15.00 Årsmøtet held fram ved behov) 

 

Takk for laget – vi gler oss til ei inspirerande og sosial helg saman!