Du er logget inn som

 

Årsmelding vevstova

Tilbake

Medlemmer

Det har vore bra aktivitet på vevstova dette året med 18 vevarar.

Møter og aktivitetar

Det vart sett i gang kveldsveving ein gong i veka med 4 av dei som gjekk på kurs hausten 2023. I tillegg til dei fire, passar me på at minst ein av dagvevarane er til stades for å hjelpa til og for å vera ein bindelekk til dei som går på dagtid.

Me merkar at interessa for veving er aukande. Det er spørsmål om kurs og det er ikkje berre pensjonistar som vil veva. Diverre set plassen me rår over grenser for kursverksemd og for å ta inn fleire vevarar.

Me har hatt to allmannamøte med god oppslutning i 2024. Det var eitt i januar til oppstart av vårhalvåret og eitt i september for hausthalvåret. Då blir det delt informasjon og diskutert både nye prosjekt og anna.

I haust hadde trebua og vevstova eit kort kurs med Røde kors i livredning. Det var i samband med at me har fått ein hjartestartar som heng utafor Kulturakademiet.

Vevarane i vevstova vart inviterte til besøk på Kløve gard i august. Me fekk sjå på gamle tekstilar som er lagra på lofta på Kløve.
Omvisar og forteljar var Marta Kløve Juuhl (vevspesialist).

Vevstova har delteke på to opne dagar på Tvildemoen dette året. Medlemmene har også gjeve gåver til basaren til Husflidslaget og vore svært aktive med loddsal.

Me har også hatt ei avslutning før sommaren for vevstova og ei førjulssamling saman med trebua.

Vevnader

På vevstova blir det vove med eit variert utval av eldre og nyare teknikkar. Skilbragdveving og anna tradisjonsveving står framleis sterkt. Me vev framleis napparya som er raudlista. Skaftvekslaren som Karen og Karin monterte i fjor, er no i full drift. Den gjev oss større fridom til å skapa mønster sjølve, noko som gjev stor glede i veven.

Vevnemnda

Vevnemnda dette året har vore Sigrun Kvåle, Karin Raugstad og kasserar Kjellaug Grødem.

 

Vevnemnda