Du er logget inn som

 

Årsmelding, vevstova, 2025

Tilbake

Medlemmer:

Aktiviteten er god, det er 12 faste vevarar på dagtid og 5 på kveldstid. I tillegg er det enkelte som er innom og vev enkeltvevnadar.

Møte og aktivitetar:

Interessa for vev er stigande, me får spørsmål om kurs, men det har me diverre ikkje plass til pr. no. Då må me omorganisera arbeidet  og eventuelt få oss eit større lokale.

Møte: Me har 2 faste allmannamøte,  eitt ved oppstart i januar og eitt ved oppstart i september. Der planlegg me halvåret, kva me skal setja opp på ledige vevar og ynskje om nye vevnader. Det er viktig med variasjon i vevteknikk og at dei som vev får erfaring med å setja opp ulike vevar. Annan nyttig informasjon deler me.

Open dag:  Me er med på Open dag i mai og november, då er vevstova open og folk kan koma og sjå kva me driv me. Mykje vel-lete og kunnskap blir delt. Me rekrutterer óg nye vevarar desse dagane.

Basar: Vevstova er og viktig bidragsytar til basaren med gevinstar og som loddseljarar.

Tur: Me reiste til Fjærland der dei har opna ei vevstove dei kallar Smettingane. Driftige damer har fått bygd om ein fjøs til vevstove. Her vev dei Smettvev for det meste, noko som er ein svært vanleg vevteknikk i Sogn. Me fekk sjå den største veven på 5,7 m som dei har lagt renning på og no er i gang med å veva på. Mange flotte teppe å sjå og inspirasjon å hente. Eit besøk der vert anbefalt av dei fire som var med.

Vevnader:  På vevstova har me vevnader med ulike teknikkar og vanskegrader. Tradisjonsvev som herdaklutar og bunadskast er viktige at me vev og held oppe  tradisjonen på. Å læra å setja opp desse vevane må me vidareføra. Desse vevane vev me óg for sal. Me har laga ein informasjonsfaldar som fortel litt av historia om herdakluten. Det er óg viktig å ha kompetanse om historia til lokale vevnader.

Likeins skillbragd i ulike vanskegrader, her har me 4 ulike vevar. Populære er mindre vevar med handkle, puter og løparar i ulike teknikkar. Siste napparya vart vevd ferdig før jul. Skaftvekslaren er og i drift, her kan vevaren laga sitt eige mønster.

Vevnemnda i 2025:

Karen Holstad                               Ingrid L. Fagnastøl                                     Eli Tjelle