Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Uke 2 i 2025
Då var vi klar for eit nytt semester, og vi startar med studieringar:
Vevgruppen møtast måndag 6.jan kl.10.00-14.00.
Dugnadsgruppen møtast og måndag 6.jan kl.10.00-14.00. Dette er ei nyleg oppstarta gruppe; eit sosialt treff der vi gjer handarbeid med tanke på gevinstar eller gåver for/til laget. Då tenker vi på basaren vår, men og på dugnadsstrikk til Ukraina (eit samarbeid vi har med Os Sanitetsforening). Her kan du få hjelp, tips og råd dersom du står fast i arbeidet. Alle er velkomne! Merk! Denne gruppa skal ikkje betala noko for å vere med, og ein får kaffe/te på huset.
Sygruppen møtast måndag 6.jan kl.17.30-21.00.
Spinnegruppen «Rokkeringen» møtast torsdag 9.jan kl.17.30-21.00
Ynskjer du å delta i studiering?
Litt info: Her har vi ikkje kurslærar, så det er ikkje opplæring i grunnleggande teknikkar.
Vi hjelper kvarandre undervegs ved å dele erfaringar og gje tips og støtte til kvarandre.
Du er hjarteleg velkomen til å koma innom i Yrkesstova for å sjå om dette kan vere noko for deg!
Ta gjerne kontakt på førehand med leiar Sølvi Erdal, mob.nr.92644839.
Studieringane kostar kr.250,- pr. halvår for medlemmar i Norges Husflidslag, og kr.500,- dersom du ikkje er medlem. Unnatak: Dugnadsgruppen, dei skal ikkje betala noko i kroner og øre. Dei bidrar med gevinstar/gåver.
Til butikken
Din handlekurv er tom.