Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
1. okt 2024|
Rødlista|
Raudlista: Stryn Husflidslag har arbeidd med lagging som sin raudlisteteknikk, og hadde denne dokumentajsonen på trykk i heftet «Raudlista handverksteknikkar» frå 2015.
I oktober 2013 var husflidskonsulenten i Sogn og Fjordane og Jorunn Sollid frå Stryn Husflidslag på besøk til Hans Tvinnereim for å sjå på arbeida han laga i teknikken lagging. Det var dette Stryn Husflidslag ville bidra med på Raudlista. I verkstaden fekk vi gode samtaler. Hans fortalde om bakgrunnen sin – og kvifor handverk vart hovudinteressa frå tidleg barndom.
Hans Tvinnereim, frå bygda Hopland i Stryn, vart fødd i 1927 – og dei var i alt 7 søsken . Faren til Hans var «laggar» og bestefaren snikkar. Så Hans lærte mykje av dei. Fleire av brørne hans vart og handverkarar. Det var naudsynt å kunne lage bruksting på ein gard.
Teknikken lagging vart brukt til å lage bøtter til å bære vatn i. Faren til Hans lagga fôrstamper til å ha i fjøsen – kvar kyr hadde sin stamp. Det vart stor slitasje i botnen, men då la dei inn ny utan å måtte demontere stampen.
I skulen hadde Hans sløyd. Han hugsar godt ei episode då han var ca. 7 år. Han hadde laga eit pennalhus, som han vart veldig nøgd med. Men læraren såg på det og sa: «Dette er ikkje bra nok»! Dette har Hans aldri gløymt. Men det var dyktige lærarar på sløyden, og det har hatt stor betydning for gleda over å halde på med dette handverket.
Då Hans var ca. 20 år reiste han til Utvik på treskjeringskurs. Det var Elias Sølvberg som hadde vinterkurs. Dei fekk bruke lokala i ungdomshuset og det kunne vere 20 elever som og fekk kost og losji. Hans gjekk der i 2 vintrar – det vart nesten ~om ein yrkesskule.
På Rand hadde Hans ein onkel som hadde snikkarverkstad, og der jobba Hans til han tok over farsgarden og fekk sin eigen verkstad. Så Hans vart både snikkar, murar, tømrar og bonde.
På 1950-60 talet minka det på arbeidet med lagging til bruksting – plasten kom og drifta endra seg på gardane.
Tidlegare år saga Hans all materialen sjølv nede ved sjøen. Det er sagbruket i bygda. Materialen som Hans brukar no er lind , som han kjøper frå sagbruk.
I ein alder av 86 år driv Hans framleis med handverket sitt. Det er imponerande å sjå på handlaget og dei ulike system og «triks» han har når han viser oss korleis han lagar «asker» (skåler). Vi spurde Hans kor stor produksjon han har i dag. Han svara at det er helsa som bestemmer. Det tek to dagar å lage ei «aske».
Hans tek ofte turen med bilen sin inn på Coop Fjelli , for dei tek imot og vil gjerne ha fleire for sal. Han leverer også til venner og kjende og etterspurnaden er stor.
I dag veit dei fleste i bygda kva lagging er, men det er berre Hans som held handverket i hevd.
Så neste generasjon bør lære denne teknikken!
Kva er lagging? Namnet skriv seg frå laggen (lauggen) på staven, som er sporet botnen er felt inn i. Kor langt tilbake i tida laggingsteknikken har vore kjend hjå oss er usikkert, men i Osebergskipet frå år 820 fann ein bøtter som er lagga saman.
Framgangsmåten er å felle stav for stav inn på botnen. Stavane blir heldt saman med trepluggar og vakre treband.
Raudlisteprosjektet var første gong publisert i Sogn og Fjordane Husflidslag sitt hefte «Raudlista handverksteknikkar» i 2015 med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Kontaktinformasjon: Stryn Husflidslag
Om Raudlista: Raudlista er ein landsomfattende dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i handverkskunnskap som står i fare for å bli gløymd. Husflidslaga vel sjølv teknikkane dei vil arbeide med.
Til butikken
Din handlekurv er tom.