Du er logget inn som

 

Seljord Husflidslag

Velkomen til Seljord husflidslag- eit lite, men aktivt lokallag for alle generasjonar!

Me har flytta inn i nytt lokale sentralt i Seljord: Brøløsvegen 28 med inngang frå gata. Du er velkomne innom dersom me har skiltet ute! Første kurs i sommar er "Lag di eiga halmkrune" med Mari Bryhni 2/7 kl 11.17 på Kunstlåven i Seljord. Du finn meir informasjon under "Aktuelt".

Strikkekafé: Fyrste onsdag i månaden kl.18.30 samlast me til hyggeleg lag med strikking, kaffe, kake og loddsal på Husflidshuset eller rundt om på grendehus o.l. i kommunen.

Program for våren 2026:

4/2: Grendehuset på Seljordshei. Årsmøte kl 17.30-18.30. Strikkekafé frå kl 19.30

4/3   Grendehuset i Åmotsdal (kl 18.00)

8/4   Grendehuset i Langlim

6/5   Husflidshuset i Seljord

3/6   Skulehuset i Svartdal

Alle gonger kl 18.30-20.30 (når ikkje anna er opplyst)

Kaffi og kake kr 50. Utlodding

29/3  Påskeverkstad på Nutheim 

          Kl 12.00-15.00. Fri inngang

          Samarbeid med Nutheim Kunstsenter 

          med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB

Sy& broderigruppe: Kvar måndag føremiddag kl.11-13 samlast me med eigne og felles syprosjekt.

Seljord Spoon Club: Samlingar annan kvar torsdag på Seljord folkehøgskule med spikking og god prat i sentrum fra kl 18.00. Ta med eigen reiskap eller lån av laget. Servering av kaffi & te. Hugs å ta med eigen kopp!

Ung husflid: Startar opp med nytt program vinteren 2026. Me har 6 samlingar i halvåret på onsdager i Husflidshuset

Kva gjerne me elles?

  • Strikkar babysokkar til nyfødde Seljordingar og gjev dei til nybaka foreldra gjennom helsestasjon i bygda.
  • Samarbeider med Seljord kunstforening om arrangement, formidling og utstilling i sommarhalvåret.
  • Samarbeider med Nutheim Kunstsenter om jole- og påskeverkstad for born.
  • Sel Jolekalender med flotte premiar kvar advent. Inntekta går til lokallaget.

 





Besøk oss gjerne på Husflidshuset!

Me held til sentralt i Seljord i Brøløsvegen 28, 1.etg. Velkomen innom på aktivitetene våre!

19.05.2026
Seljord Husflidslag
19.05.2026
Seljord Husflidslag
26.03.2026
Seljord Husflidslag
07.03.2026
Seljord Husflidslag
02.02.2025
Seljord Husflidslag
Alle artikler
Seljord Ung Husflid arbeider for å gje born og ungdom i Seljord kunnskap om husflid og handverk.

Me har ei aktiv Ung Husflidgruppe med seks jenter i alderen 11-13 år. Samlingsstaden vår er husflidshuset seks onsdagar på våren og det same på hausten. Me arrangerer også påske- og joleverkstad i samarbeid med Nutheim gjestgiveri. Av aktivitetar har me siste året hatt eit prosjekt me har kalla Ung Vev. Med god støtte frå Sparebankstiftelsen DNB, den lokale Sparebankstiftelsen og Seljord kommune har me kjøpt inn 10 bordvevar. Jentene har vove vesker, løparar og sittematter og det har blitt fine produkt å ta med heim. Me har brukt gjenbruksmaterialer som gamle filler og diverse kvaliteter av garn og tråd som me har i laget. Temaet i vår er nålefilting, maskinsaum og brodering. Me er tre-fire instruktørar som er med på samlingane.

Seljord husflidslag kan sjå attende på 23 aktive år som lokallag, og slik ynskjer me også å halde fram.

Laget vart stifta 2003 etter initiativ frå husflidsnemnda på Dyrsku’n. Kvart år vert det skipa til ei husflidstevling som del av Dyrsku’n. Dei innsendte arbeida vert stilte ut i ein av utstillingshallene og husflidsnemnda ville gjerne ha eit samarbeid rundt tevlinga og utstillinga. Difor vart den første møteplassen vår Storstøgo på Dyrskuplassen. Laget arrangerte ulike kurs, utstillingar og føredrag dei første åra og tok også del på den årlege jolemarknaden. Første leiar i laget var Gerd Unni Haugstoga. Medlemmer i laget hadde arbeid som vakt i husflidsutstillinga.

Etterkvart vart det stemning for å leige eit lokale der utstyret vårt kunne stå utan å måtte ta omsyn til sambruk som i Storstøgo. Åsne Dyrland med fleire fekk til ei leieavtale med Dyrlandsdalen grendehus og dette blei ein triveleg samlingsstad i mange år. Her var det plass til fleire vevar og det vart halde mange kurs og strikkekafear i huset.

I 2022 flytta laget til Seljord sentrum der me no leiger den gamle rektorbustaden på tidlegare Seljord vidaregåande skule. Her har me arrangert kurs innan m.a. brodering, halmarbeid og trearbeid av ulikt slag og huset er fast møtestad for strikkekafear, studieringar og ung husflid. Seljord husflidslag arrangerer også Spoon Club som held til på Seljord folkehøgskule. Dette er eit tilbod for vaksne i alle aldrar som har lyst til å spikke. Born kan koma saman med ein vaksen. Jeppe Norman Garly er inspirator og initiativtaker for dette og mange kjem også frå nabobygdene for å vera med.

I juni 2023 var Seljord husflidslag medarrangør for Sløydfest, ein festival med tre som tema på Seljord folkehøgskule.

Våren 2026 flyttar laget inn i nytt lokale på Brøløs: 1.etasjen i Brøløsvegen 28

 

 

 

 

 

V/ Borghild Telnes
Mosasida 226
3840 SELJORD
40205197
Styreleder
Borghild Telnes
Studieleder
Maja Freihow Langeland
Kasserer
Rut Fjågesund
Styremedlem
Gro O. Moen
Styremedlem
Mari Kjennbakken
Styremedlem
Sigrid Brennemo
Ung Husflidskontakt
Gro O. Moen
Varamedlem
Mona Helen Haugan
Varamedlem
Åse Bjåland