Du er logget inn som

 

Svelgen og omegn Husflidslag

🌟🌟 VISJON: Husflid som levande kultur og næring. 🌟🌟 VERDIAR: Haldbart, skaparglede, kvalitet, tradisjon, nytenkande og inkluderande fellesskap. 🌟🌟 HOVUDMÅL: Vere ein synleg, fagleg sterk, frivillig organisasjon, som varetek og utviklar kulturarv, kulturliv og lokalmiljø.

Du er hjertelig velkommen til å bli medlem i Svelgen og omegn Husflidslag



Info til medlemmane

Vi vil bruke denne sida til å informere medlemmane om kva som foregår i laget, så klikk deg innpå i ny og ne for å holde deg oppdatert. Sjekk og mailen din, då informasjon av meir privat karakter blir sendt der.

Vi har for tida ikkje kapasitet til å tilby aktivitetstilbud tilrettelagt for barn/unge.

Svelgen og omegn Husflidslag vart skipa 4. mars 1980. Det har vore eit svært aktivt husflidslag, og på slutten av 90-tallet passerte medlemstallet 50. Vi har lagt ned mykje arbeid i ung husflid opp igjennom åra. Ei periode hadde vi aktivitet to ganger i veka for tilsaman 30 barn/unge. Svelgen og omegn Husflidslag har alltid hatt eige lagslokale. Vi eigde tidlegare eit stort hus i Svelgen, men dette vart for kostbart og for mykje arbeid å halde vedlike. Huset vart solgt, og etter den tid har vi leigd faste lokaler i sentrum av Svelgen. Rundt år 2000 byrja medlemstallet å synke. Tilbakemeldingane var at medlemmane var leie av dugnadsarbeid. Dei siste åra har det vore vanskelig å halde laget i drift, og nedlegging vart eit tema. Hausten 2022 tok nokre av oss tak, og mobiliserte for å unngå dette. Vi har fått på plass eit nytt styre, og pr 27. februar 2023 er vi 14 betalande medlemmer i laget. Kryssar fingrane for at fleire ønskjer å være med, slik at vi på nytt kan få ein trivelig møteplass med fokus på sosialt samvære, husflid og handtverk.