Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
Nettbutikk
Min side
Velkommen til oss i Haugohuset!
Vestre Slidre Husflidslag er ein sosial og kreativ møteplass for alle – uansett alder, erfaring eller forkunnskapar.
Vi møtest fast: Måndagar kl. 18.00–21.00 Onsdagar kl. 10.00–15.00
Hos oss kan du strikke, sy, veve, drive med redesign eller ta med ditt eige handarbeid. Vi har symaskiner tilgjengeleg, og deler gjerne kunnskap, erfaringar og inspirasjon med kvarandre.
Har du ein glidelås som skulle vore fiksa, ei bukse med hol i, eller ei strømpe som treng stopping? Ta det med! Gjenbruk er tingen, og mykje kan få nytt liv med litt tid, kunnskap og gode idéar.
Men du treng heller ikkje ha eit prosjekt på gang. Du er like velkommen til å stikke innom for ein kopp kaffe og ein god prat. Det viktigaste for oss er å skape ein hyggeleg møteplass der folk kan møtast, lære av kvarandre og halde skapargleda levande.
Gjennom året arrangerer vi ulike temadagar, kurs og aktivitetar, både innan tradisjonelt handverk og nye kreative prosjekt. Har du noko du kunne tenkt deg å lære, eller kanskje noko du sjølv kan lære bort? Ta gjerne kontakt med oss!
Vi ønskjer å ta vare på og vidareføre norsk husflid og handverkstradisjonar – samtidig som vi skaper rom for nye idéar, gjenbruk og kreativitet.
Alle er velkomne – også ungdom, unge vaksne og familiar.
Kom innom Haugohuset og sjå kva vi held på med. Kanskje finn du eit nytt prosjekt – eller berre ein god plass rundt bordet.