Du er logget inn som

 

Vågå husflidslag

Vågå husflidslag er eit lag med kurs og aktivitetar for både ungar og vaksne. Vi held til i eigne lokale i hovudhuset i Ullinsvin i Vågåmo, men har og aktivitet på Vågå ungdomskule (smiing og knivmaking) og på Midtli grendahus.

Haust og vår har vi fast aktivitet av mange slag. I Ullinsvin har vi veving, billedvev, Ung husflid, kurs og anna aktivitet.
På ungdomskulen er det smiing og knivklubb, og på grendahuset Midtli i Nordherad er det reparasjonsverkstad  og anna trearbeid.

Vi har Ung Husflid-aktivitet for ungar frå 10 år omlag 10 kveldar i året.

Dei faste aktivitetane finn du nærare opplysninger om for kvar veke på FB:https://www.facebook.com/vagahusflid

Gjennom året arrangerer vi fleire kurs, både med og utan lærar. Dei finn du i menypunktet KURS OG AKTIVITETER. Vi samarbeidar gjerne med andre aktørar om aktivitetar og prosjekt. Vi har og eit godt samarbeid med Handverkshagen på Lalm og legg av og til vår kursaktivitet dit om lokala der høver best.

Er det eit kurs du kunne tenke deg? Ta kontakt, så ser vi om vi får det til.

Saman med Vågå ull arrangerer Vågå husflidslag Ullinsvin Ullfestival kvar sommar. Her kjem folk frå fjern og nær for å hylle norsk ull og handverkstradisjonar.

Vågå husflidslag er med på arrangere strikke- og spinnehelg på Bessheim i Sjodalen. Ei svært triveleg helg med godt handverk og god mat. Du finn oppsdatering om dette årets arrangement på fb-sida til Bessheim og Vågå husflidslag.

Dei som er medlemmar i Husflidslaget får mellom anna 10% avslag på varer på Husfliden. Alle medlemmar i Norges Husflidslag får redusert pris på kurs i Vågå Husflidslag. Du får også redusert pris på kurs og aktivitetar i regi av Norges Husflidslag.

Heile somaren er husflidslagsmedlemmar aktivt med i det som skjer i Ullinsvin. Vi har eit lite utsal og syner forskjellige husflidshandverk fleire dagar gjennom åpningsesongen til Galleri Ullinsvin.

Vi vil svært gjerne ha nye folk både som deltakarar på arrangement og som medlemmar. Ta kontakt med ein i styret om du har lyst til å vere med på noko. Husk du treng ikkje være verdsmeister i noko handverk for å vere med. Du finn kantaktinformasjon til styremedlemmane under fanen «kontakt»

 

 





Vågå husflidslag har mange Ung Husflid-medlemmar. Kvart halvår lyser vi ut 4 - 5 kveldar med aktivitet for ungar frå 10 år. Det er forskjellige aktiviteter i kvar periode. Ung Husflidkveldane er på onsdagar i oddetalsveker frå kl 17.30 til 19.30. Ta kontakt med Ung Husflid-kontakten (sjå menypunktet KONTAKT OSS) om du vil vere med eller kjenner nokon som vil vere med.

*
c/o Heidi Løkken Karsten
Baksidevegen 261
2682 LALM
98429027
Styreleder
Heidi Karsten
Studieleder
Bjørg Schultz
Kasserer
Heidi Aabakken Fossnes
Nettansvarlig
Brit Karin Damstuen
Styremedlem
Anne Pauline Tessnes
Ung Husflidskontakt
Sigrid Seim Lysne
Varamedlem
Anne Kristiansen
Varamedlem
Anni Lilleengen