Du er logget inn som

 

Lom Husflidslag

Lom Husflidslag skal vera aktive for å ivareta tradisjonar og lokalt handverk. Dette blir gjort med kurs og studieringar, samt temakveldar med ulike teknikkar.

Det blir arrangert handarbeidskafear for alle handarbeidsglade kvar tysdag, drevne som nybyrjarar. Målet er å ha minst ein temakveld i månaden frå januar til mai, og frå september til desember, for ny kunnskap om ulike teknikkar.
Styret i laget jobbar aktivt for å verva fleire medlemmar,  for å kunne vidareføre og for å skape ytterlegare engasjement i lokallaget.

Dei som er medlemmar i Husflidslaget får mellom anna 15% avslag på det meste av varer (utan om ferdigklipte bunader og bunadsskjorter) på Husfliden på Lillehammer, og 10% på Fjoset i Lom – om du kjøpar garn frå Rauma, Alpakka, Lopi og Sandnes. Du får også redusert pris på kurs og aktivitetar i regi av Norges Husflidslag, og som medlem i Lom husflidslag får du heile 30 % rabatt på kurs i regi av lokallaget.





12.03.2026
Lom Husflidslag
23.11.2025
Lom Husflidslag
18.09.2025
Lom Husflidslag
21.01.2025
Lom Husflidslag
14.12.2024
Lom Husflidslag
09.11.2023
Lom Husflidslag
13.01.2022
Lom Husflidslag
09.12.2021
Lom Husflidslag
Alle artikler
Eit aktivt Ung husflid-team i Lom husflidslag står på for å gje ungane i området eit variert kurstilbod til ein akseptable pris gjennom året. På programmet står til dømes saum, spikking, strikking, trykking på tekstil og skinn, keramikk, tråsløyd og trearbeid o.a. Kursa for dei unge handarbeidsspirane er temabaserte og går som oftast over tre kveldar. Onsdag er vår aktivitetsdag, med hovudbase på Gamle banken, 2. etg. Vi har også opne aktivitetsdagar til jul- og påske kvart år, samt nokre "Rundt bålet" - aktivitetar i Presthaugen og på Gamle Banken.

Lom husflidslag er eit veletablert husflidslag som vart stifta i 1933, og har i dag 106 medlemmar. Vi har lokale i 2. etasje på Gamle Banken (tidl. Kyrkjelydhuset) i Brubakken 8, i sentrum. Det meste av "mjuke" husflids-aktivitetar skjer i desse lokala, men vi lånar også andre lokale om det passar betre for aktiviteten. Huslflidslaget ynskjer å vere ein plass for både nybyrjarar og øva medlemmar. Variasjon i kurs og prisnivå slik at "alle" kan delta på aktivitetar hjå oss, jobbar vi med kontinuerleg. Dei månadlege temakveldane som haldast på tysdagar skal vidareformidle kunnskap og gje inspirasjon innan husflid- og tradisjonshandverk, og tysdagane elles er det aktivitetskveldar der du kan ta med deg det du har lyst til å drive med sjølv. Lokala våre er ljose og trivelege - og er tilpassa rullestolbrukarar. Lista for å ta ein tur innom oss skal vere låg, så det er berre å ta seg ein tur innom.

Marie Jeanette Helgesen
Drågje 11
2686 LOM
48151422
Styreleder
Anita Sandviken
Nestleder
Marie Jeanette Helgesen
Studieleder
Oddrun Pauline Løkken Mo
Sekretær
Kai Gjessing
Kasserer
Hilde Vikan
Nettansvarlig
Oddrun Pauline Løkken Mo
Ung Husflidskontakt
Marie Jeanette Helgesen
Varamedlem
Ellen Olasveen
Varamedlem
Torill Horten