Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Følg oss på facebook: Ørskog og Skodje Husflidslag
Eller stikk innom oss på kafé: onsdag og laurdag 11 – 15 er det kafé og ope husflidsutsal i lokala våre. Vi held til i Sjøholt Småsenter, Sjøholtvegen 5 på Sjøholt.
Siste måndag i månaden har vi som regel det vi kallar husflidskveld – eit ope arrangement for alle interesserte. Då har vi eit tema, enkel servering og loddsal.
Lurer du på korleis vi har det eller er interessert i å vere med i laget, er du og hjarteleg velkomen kva måndag som helst når vi har medlemsmøta våre kl. 18.
*
Anna aktivitet i laget:
Skinngruppa
Møtest ein torsdag i månaden og driv med alt innan skinnsaum. Vi syr i lag og gir kvarandre råd og rettleiing.
Bunadverkstad
Ope for alle interesserte. Siste torsdag i månaden. Då held ein på med alt som er bunadrelatert, nokre syr skjorte, andre broderer bunad eller lagar hoseband. Dette er ikkje kurs, men vi hjelper kvarandre med tips og råd.
Vevgruppa
Møter kvar tysdag. Vi har 20 vevstolar og godt med utstyr. Vi lærer av kvarandre og set opp mange ulike renningar.
Strikkekafé
Vi arrangerer strikkekafé eit par gonger i halvåret. Då inviterer vi lokale garnbutikkar eller strikkedesignarar til å presentere seg og varene sine.
Ung husflid.
Vi har enkelte arrangement i løpet av året for barn og unge.
Kurs.
I fleire år har vi hatt kurs i å brodere og montere ei bunadskjorte som er forankra i lokal tradisjon, Berte Melle-skjorta, eller ørskogskjorta. Vi har og andre kurs innan ulike område, både bunadrelatert og anna. Siste åra har vi mellom anna hatt kurs i pilfletting, vev, skinnarbeid og nålbinding.
Julemesse
Vi arrangerer julemesse første laurdagen i desember. Utstillarane sel husflids-og handverksprodukt.
Vi har hatt eigne utstillingar og delteke på messer i distriktet. Vi tar gjerne ein sommartur i juni. Einskilde arrangement er berre for medlemmer, og andre er opne arrangement.
Boksamling
Husflidslaget har ei ganske god boksamling som er tilgjengeleg for medlemene. Bøkene står på lagslokalet vårt, Husflidshjørnet.
Til butikken
Din handlekurv er tom.