Nettbutikk
Min side
Du er logget inn som
husflid.no
Giske Husflidslag vart stifta den 11. februar i 1993, og held til på Solbakken skule på Vigra.
Vi har faste medlemsmøter ein gong i månaden. Mange av møta er tema-basert, der vi har laga bjørnemose-kostar, fuglemat, trevispar av bjørkegreiner, strikka gryteunderlag, julepynt, strikkalappar til teppe.
Husflidskonsulenten i Møre og Romsdal, Randi Hole, held foredrag på nokre av møta våre med ulike tema som norsk ull, berekraftige tekstilar, montering av strikkaplagg, trykk på ullstoff mm. Vi inviterer også ulike foredragsholdarar med ulike tema – siste foredrag hadde plantefarging som tema.
Vi arrangerer fellesturar for medlemane i laget, både korte og litt lengre turar: Celsius glass studio på Devoldfabrikken, Rennebu-messa i Trøndelag, Krivivev og Tingvoll ost på Nordmøre.
Giske Husflidslag har som mål å arrangere fleire kurs og studieringar i året. Mange av kursa er satt opp etter ynskje frå medlemane. Vi har tidlegare hatt kurs i saum og montering av bunadsskjorter, bunader og bunadsskaut. Trykking på skinn. Kurs i re-design. Vi har også arrangert studiering av strikka snornissar. Planane vart lagt for fleire studieringar, men dei vart avlyst pga covid-19. Dersom du er interessert i å bli kjent med Giske Husflidslag er det berre å møte opp på eit av våre arrangement eller medlemsmøte.
Følg oss gjerne på facebook: @giskeflid
• Stifta 11. februar i 1993 • Held til på Solbakken skule, Vigra • Medlemar per 01.01.2022: 39 stk. • Medlemsmøte onsdagar, ein gong i månaden • Kurs - studieringar - temakvelder - arrangement • Deltek på Julemarked på Vikingen • Inspirasjonsturar • Facebook: @giskeflid
Norsk Flid Husfliden Arendal
Norsk Flid Husfliden Kristiansand
Norsk Flid Husfliden Mandal
Til butikken
Din handlekurv er tom.