Du er logget inn som

 

Voss Husflidslag

Voss Husflidslag vart skipa i 1904 og er eit av dei eldste husflidslaga i landet. Målet den gongen var «Ved avholdelser av kurser i saadanne husflidsgrene, som måtte avsees tjenelige for de stedlige forhold». Denne målsetjinga følgjer me i dag òg, og kursverksemd innanfor ulike teknikkar er eit viktig arbeid. I tillegg til kursverksemd driv me vevstove og treverkstad på Tvildemoen.

Kurs:

Kvart semester har me ulike kurs innan tekstil og trearbeid. Me held til i lokala våre i Magasinvegen 26, Tvildemoen på Voss.

Våren 2026 har me kurs i:

  • Kvitsaum/teljesaum – dagtid. Lærar Merete Dugstad
  • Kvitsaum/teljesaum – kveldstid. Lærar Astrid Soldal Lirhus
  • Perlearbeid/bringklut – dagtid. Lærar Helga Nygaard
  • Perlearbeid/bringklut – kveldstid. Lærar Kari Kvingedal
  • Filering til bunadsforkle – dagtid. Lærar Margun Torget Østrem
  • Kjenge – kveldstid. Lærar Eirik Bryn
  • Arbeidsstove for born: Frå 3.klasse og oppover.
  • Trearbeid for ungdom: frå 14 år og oppover.
  • Perlebelte for konfirmant – kveldstid. Lærar Kari Kvingedal.

Ta kontakt med studieleiar Linn-Marielle Aadnekvam på mob 97658301, eller på mail: lmmaabunad@gmail.com for påmelding.

 

Studiesirklar:

  • Biletvev – Marit Dæmring, mob 90054498.
  • Knipling av sølvbord til kvinnebunad – Gudrun Hefte mob 905 26 425.

 

Ung husflid:

Arbeidsstove for barn, trearbeid for ungdom og sying av perlebelte til konfimantar

Vevstove:

Vevstova held til på Tvildemoen, i det grøne huset. Her er 15 vevar som til ei kvar tid er sett opp i ulike teknikkar etter ynskje frå dei som nyttar seg av tilbodet. Her kan du veva herdaklut, bunadskast, ulike dukar og løparar, pledd, skjerf, rye, m.m. Kontaktperson for vevstova er Karen Rio Holstad, mob:97 89 08 95

Trebua:

Trebua ligg også på Tvildemoen. Har du lyst å prøva, ta kontakt med Kjell Høyland, tlf.91 65 92 80

 





Følg oss på facebook og instagram!

Er det noko du lurar på? Send oss ein mail på: Voss.husflidslag@gmail.com

09.02.2026
Voss Husflidslag
29.01.2026
Voss Husflidslag
29.01.2026
Voss Husflidslag
29.01.2026
Voss Husflidslag
28.01.2026
Voss Husflidslag
17.12.2024
Voss Husflidslag
30.01.2024
Voss Husflidslag
01.02.2023
Voss Husflidslag
28.01.2022
Voss Husflidslag
17.01.2022
Voss Husflidslag
Alle artikler
Voss Husflidslag vart skipa i 1904 og er eit av dei eldste husflidslaga i landet. Målet den gongen var «Ved avholdelser av kurser i saadanne husflidsgrene, som måtte avsees tjenelige for de stedlige forhold». Denne målsetjinga følgjer me i dag òg, og kursverksemd innanfor ulike teknikkar er eit viktig arbeid.

Historie

Dei fyrste åra til husflidslaget 1904-1916

 

Voss husflidsforening vart skipa 6. mars 1904. Det var 50 personar til stades på skipingsmøtet. Føremålet med laget var å «at vække og styrke sandsen for husfliden inden Voss herred», og målet ville laget arbeid mot på desse måtane:

  1. Ved afholdelse af kurser i saadanne husflidsgrene, som maatte ansees som tjenlige for de stedlig forholde.
  2. Ved anskaffelse av gode, praktiske mønstre og modeller.
  3. Ved søge husflidsarbeider omsat paa best mulig maade.
  4. Ved nu og da afholde foredrag, som kan vække almen interesse for sagens store betydning i økonomisk og moralsk henseende.

 

Styret skulle ha 5 medlemer, av dei skulle det vera minst to kvinner. Til det første styret vart desse valde:

 

Lærarinne Synneva Glimme

Fru Augusta Abrahamsen

Handelsmann Lars Kindem (leiar)

Handelsmann Georg Rokne

Gardbrukar Styrk Fjose (kasserar)

 

Det var stor interesse for og aktivitet i laget. Til dei første kursa som vart halde, melde det seg så mange at det ikkje var plass til alle.

 

Eit av dei første kursa som vart halde var spon- og korgfletting ved Lars Klyve frå Norheimsund. Her var det 109 påmelde, så flokken vart delt i fire parti. Nokre hadde kurs føremiddag og nokre på ettermiddag.

Til kurset i nytteveving melde det seg 40 deltakarar, men berre 16 fekk plass.

 

I 1905 var det nye kurs i veving, sponfletting. I 1906 vart det halde skoflikkarkurs, kurs i plantefarging. Fram til 1916 vart det halde ulike kurs i plantefarging, skoflikking, vevkurs.  Kursa var gratis, men deltakarane måtte halda materiale, utstyr og verktøy sjølv. Frå 1916 gjekk laget i dvale i 9 år.

c/o Kjellaug Grødem
Blomvegen 23
5700 VOSS
97890895
Styreleder
Kjellaug Grødem
Nestleder
Kjell Høyland
Studieleder
Kjersti L. Daae
Sekretær
Linda Høyby Slåttelid
Kasserer
Ranveig Vinje
Nettansvarlig
Turid Sundt
Ung Husflidskontakt
Linda Høyby Slåttelid
Varamedlem
Dagny Schulz
Varamedlem
Gerd Gjelland Rogneby
Varamedlem
Jan Eikefjord