Nettbutikk
Min side
Du er logget inn som
husflid.no
Dei fyrste åra til husflidslaget 1904-1916
Voss husflidsforening vart skipa 6. mars 1904. Det var 50 personar til stades på skipingsmøtet. Føremålet med laget var å «at vække og styrke sandsen for husfliden inden Voss herred», og målet ville laget arbeid mot på desse måtane:
a) Ved afholdelse af kurser i saadanne husflidsgrene, som maatte ansees som tjenlige for de stedlig forholde. b) Ved anskaffelse av gode, praktiske mønstre og modeller. c) Ved søge husflidsarbeider omsat paa best mulig maade. d) Ved nu og da afholde foredrag, som kan vække almen interesse for sagens store betydning i økonomisk og moralsk henseende.
Styret skulle ha 5 medlemer, av dei skulle det vera minst to kvinner. Til det første styret vart desse valde:
Lærarinne Synneva Glimme Fru Augusta Abrahamsen Handelsmann Lars Kindem (leiar) Handelsmann Georg Rokne Gardbrukar Styrk Fjose (kasserar)
Det var stor interesse for og aktivitet i laget. Til dei første kursa som vart halde, melde det seg så mange at det ikkje var plass til alle.
Eit av dei første kursa som vart halde var spon- og korgfletting ved Lars Klyve frå Norheimsund. Her var det 109 påmelde, så flokken vart delt i fire parti. Nokre hadde kurs føremiddag og nokre på ettermiddag. Til kurset i nytteveving melde det seg 40 deltakarar, men berre 16 fekk plass.
I 1905 var det nye kurs i veving, sponfletting. I 1906 vart det halde skoflikkarkurs, kurs i plantefarging. Fram til 1916 vart det halde ulike kurs i plantefarging, skoflikking, vevkurs. Kursa var gratis, men deltakarane måtte halda materiale, utstyr og verktøy sjølv. Frå 1916 gjekk laget i dvale i 9 år.
Norsk Flid Husfliden Arendal
Norsk Flid Husfliden Kristiansand
Norsk Flid Husfliden Mandal
Historie
Lærarinne Synneva Glimme
Fru Augusta Abrahamsen
Handelsmann Lars Kindem (leiar)
Handelsmann Georg Rokne
Gardbrukar Styrk Fjose (kasserar)
Eit av dei første kursa som vart halde var spon- og korgfletting ved Lars Klyve frå Norheimsund. Her var det 109 påmelde, så flokken vart delt i fire parti. Nokre hadde kurs føremiddag og nokre på ettermiddag.
Til kurset i nytteveving melde det seg 40 deltakarar, men berre 16 fekk plass.
Til butikken
Din handlekurv er tom.