Du er logget inn som

 

Stord Husflidslag

Velkommen til Stord husflidslag!

Skaparglede og mangfald gjennom 50 år!

Me er eit lag med mange aktivitetar: kurs, læringsverkstader, husflidstreff og strikkekafe. Her får du eit kort oversyn over dei ulike aktivitetane i laget. Me håper du finn noko av interesse og at du ønskjer å bli med. Ta kontakt om du har spørsmål. Velkommen!

Kurs

Laget arrangerer ulike typar kurs kvart år, til dømes bunadskurs, keramikkurs, kurs i tauarbeid og lefsekurs. Medlemmar i Norges husflidslag får kurs til redusert pris. Kursa blir annonsert på her på heimesida og på facebooksida vår.

 

Handarbeidskafè i Hagerupshuset

Me startar opp håndarbeidskafè , der du tek med deg det håndarbeidet du har til ein koslige drøs.

Me lagar kaffi/te m/noko attåt. (Ta med kopp)

Følgande datoar er satt opp hausten 2026, 17/9, 15/10, 12/11, 10/12 , torsdagar fra kl 18-21.

Kontaktpersoner er: Anne Elin Sørheim og Wenche Gravdal. sms: 971 96 919

 

Håndarbeidskafè: På Sunnhordland Museum

I samarbeid med Sunnhordland museum arrangerer me strikkekafé i museet sine lokale. Strikkekaféen  er vanlegvis annakvar onsdag i oddetallsveke frå klokka 11.00 -14.00. Kaffe og litt attåt vert servert – til ein hyggeleg pris. Alle er velkommen!

Datoar for hausten 2026: Datoar kjem

Kontaktpersonar:

Susan Smith mob 950 61 246

 

Husflidstreff: 

– På Sunnhordland Museum

Siste torsdag i månaden er det husflidstreff frå kl. 18.

Det er ulike tema for møta med foredrag, demonstrasjon av ulike teknikkar eller ein lagar noko saman. Lett servering og eit lite lotteri høyrer med. Mange har med eige handarbeid, og det er god tid til sosialt samvær.

Som oftast er me i museumshallen på Sunnhordland museum, og møta er opne for alle. Husflidstreffa blir også annonserte på Facebooksida vår.

Det er styret i Stord Husflidslag som står for desse husflidstreffa. Vi tek imot både forslag og ynskjer om tema på husflidstreffa våre.

 

Datoar for hausten 2026: 24/9, 29/10, 26/11, fra kl 18

 

Tysdagstreff i lagshuset

Tysdagstreff er ein uformell møtestad i lagslokalet vårt, med sosialt samvær i fokus.

Det er ope for alle, og ein vel sjølv om ein vil halde på med eige arbeid eller prøve seg på kveldens tema.

Det er også høve til å kjøpe seg kaffi, og litt å bita i.

Ei påminning om dato og kveldens tema vert publisert på laget si facebookside.

Datoar for hausten 2026: 1/9 – 13/10 – 3/11  fra kl 18–21

Læringsverkstad

På læringsverkstadane kjem ein saman og jobbar med ulike handverksteknikkar og med ulike materiale.

Et læringsverksted i Norges Husflidslag er et møtested for å dele kunnskap, inspirasjon og glede for håndverk, og fungerer som en møteplass der deltakere kan lære og fordype seg i ulike teknikker sammen.
 Læringsverkstedene er først og fremst for dei som har noko erfaring frå før, t.d etter eit kurs.
Det gir mulighet for felles arbeid og erfaringsutveksling. NB! Alle må ha med seg eget utstyr!

Her er ingen fast lærar, men deltakarane hjelper kvarandre i arbeidet, deler erfaringar, rettleiar kvarandre og lager ulike produkt. Det er ikkje krav om medlemsskap i husflidslaget for å vera med i ei læringsgruppe.

Stord Husflidslag har valgt å ha kontaktpersoner/ ressurspersoner i kvart læringsverkstad.

Du kan gjerne ta direkte kontakt med kontaktpersonen , om du ynskjer å være med i ei av læringsverkstedene, dei kan og evt og svare på spørsmål.

Me har læringsverkstad i ulike teknikkar, desse blir nærare presentert nedanfor.

Me ynskjer oss læringsverkstadar også i andre teknikkar, så ta kontakt med styret om du er interessert i å vera med og starta opp ein ny.

Dette er gratis for medlemmer i Norges Husflidslag. Ikkje-medlemmer bet kr 200,- pr. halvår pr. gruppe dei ynskjer å delta i.

(Dette gjeld ikkje ressurspersonane/ kontaktpersoner pr. gruppe)

 

Ny læringsverkstad i nålefilting

Stad: Hagerupshuset, Leirvik
Tid: kl. 17.30–21.00

Datoar hausten 2026:

  •       2. september
  •     14. oktober
    1. november
    1. desember

Læringsverkstaden er for deg som har gått på kurs i nålefilting, eller som har litt erfaring med teknikken frå før.

Dette er ikkje eit kurs, og det er ingen lærar til stades. Deltakarane tek med eige utstyr og lærer av kvarandre gjennom erfaringsutveksling, inspirasjon og sosialt samvær.

Det vert kurs i nålefilting hausten 2026. Deltakarane fra kurs vil få informasjon om læringsverkstaden og høve til å bli med vidare i gruppa.

Tilbodet er gratis for medlemmar i Norges Husflidslag.

Ikkje-medlemmar betaler kr 200 per semester.

Kontaktperson:
Oddrun Øwre

 

 

🧵✨ LÆRINGSVERKSTAD! ✨🧵
ERIKA og MONICA-VEVAR
📍 Stad: Leirvikstova, Bandadalsplassen 2A
🗓 Når: Ca. ein gong per månad:
– 22.–23. august
– 19.–20. september
– 24.–25. oktober
– 21.–22. november
⏰ Tid: Laurdag og sundag, kl. 10.00–16.00
Lær meir av kvarandre om veving, mønster, prosjekt og teknikkar, og bli ein del av eit sosialt og inkluderande handverksmiljø – utan lærar!
NB! Alle må ha eige utstyr med seg.
📱 Påmelding / spørsmål:
Randi Eldøy Isdal – sms: 926 98 807
Lone K. Myrvold – sms: 95083620
Dette er ikkje eit kurs, me hjelper kvarandre og lærer, deler erfaringar og har det kjekt med veving!
Dette er gratis for medlemmar i Norges Husflidslag.
Ikkje-medlemmar betaler kr 200,- per halvår.
Vipps 101247 – Læringsverkstad

 

Bunad – Broderi – Læringsverkstad

Læringsverkstad – oppstart høsten-25 – for deg som likar brodering, bunad, grindvev, hosebandfletting🪡🧵🧶

Har du eit bunadsprosjekt eller broderi som har blitt liggande? Kanskje held du på med grindvev, hosebandsfletting, eller anna tradisjonshandverk?

Då er læringsverkstaden vår midt i blinken for deg! Vi møtest ein gong i månaden, frå kl. 18.00 til 21.00.

Her kan du jobbe med det du vil – bunadsaum, brodering av juleduk, skjorter, forklé eller andre små og store prosjekt du ikkje har fått gjort ferdig. Har skjorta fått hol etter slitasje?

Kom og få det gjort – i godt lag! 🧶 Dette er ikkje eit kurs, men ei samling for deg som allereie har starta på eit prosjekt. Det er ingen lærar til stades, men me er eit inkluderande og hjelpsamt fellesskap som gjerne deler tips, støtte og inspirasjon.

Ta med det utstyret du treng – som ekstra lys, lupe, symaskin, nål og tråd. Velkommen til ein koseleg og kreativ kveld med handverk i fokus!

Kontaktpersoner:  Anne Britt Melkevik Dahle, mob 91 35 21 39, Evy Fosse, mob: 91 52 18 95

Sted: Stord Ungdomsskule- tekstilrommet i under etg. mot vidergåande skule

Tid: 18 – 21

Datoar for hausten 2026: 16/9, 14/10, 18/11

 

Maskinstrikk

Læringsverkstad for maskinstrikk.
Me er i Leirvikstova v/NAV i Leirvik sentrum.

Det vert «treff» ca 1 helg i månaden, følgande datoar for hausten 2026:

– 22.–23. august
– 19.–20. september
– 24.–25. oktober
– 21.–22. november

I utgangspunktet alle dager fra 10 -16.
Det er ikkje oppsatt lærar, så me lærer og hjelper kvarandre. NB! alle må ha med eget utstyr og material.
Me har felles kaffipause der ansvaret for tillaging og rydding går på omgang. Alle tar med sin egen matpakke.

NB. Få parkeringsplasser utenfor Leirvikstova. Tenk samkjøring og alternativ P-plasser!

Om du vil være med eller har spørsmål sender du sms til Jorunn Utslåttøy tlf: 45 41 11 68 el. Jane Elin Vik 95 82 44 04

 

Knipling og nupereller
Gruppa samlast omlag ein onsdag i månaden. Høsten 2026 treffes vi i Hagerupshuset på Leirvik.

Treffa for hausten 2026: 19/8 – 16/9 – 21/10 –  18/11  frå kl. 18 til 21.

Møta blir annonserte på facebooksida.

Gruppa ynskjer seg gjerne fleire deltakarar.

Så har du lagt kniplepinnane og nuperelleskyttelen på hylla ,eller du lurer på kva me driv på med, er du hjartleg velkommen.

Me lærer og inspirerar kvarandre i ein raudliste- og utrydningstrua handarbeidsteknikk.

Har du lyst til å vera med eller vita meir om dette, ta kontakt med

Evelyn Brask Nordfonn  mob: 907 49 242

 

Spinning
Spinnetreffa er  ein torsdag  i månaden i lagslokala på Litlabø. Me er ei lita gruppe og ynskjer oss fleire medlemmar!

Treffa er på ettermiddagen frå kl. 18 – 21. Me annonserer på facebooksida vår: Stord Husflidslag – spinning.

Har du lyst til å vera med eller vita meir om dette, ta kontakt med:

Solveig Agdestein (sms) tlf: 91 58 48 92 eller Grete B. Tyse ( sms) tlf. 41 69 20 45

Datoar for hausten 2026: 3/9 –  1/10 – 5/11 – 3/12

NB! Alle må ha med eget verktøy og material.

Vel møtt til både røynde og nyfikne som har lyst å spinna på rokk eller handtein!

Stord husflidslag har 3 rokkar, som ein kan få låne på treffa. Ta kontakt med Grethe eller Solveig.

Vev
Vevgruppa treffest kvar måndag kl 17:00 – 21:00 i lagslokalet på Litlabø.

På grunn av romplass/ tal på vevar, har me avgrensa med plassar.

For å vera med er det krav om noko erfaring i vev. NB! Alle må ha med eige verktøy og material.

Pris: kr. 200 pr. halvår (leige av vev). Kontaktperson: Marit Johnsen, mob. 412 12 217 om du ynskjer meir info – venteliste.

 

Keramikk 

Laget har no læringsgrupper i keramikk, Keramikk 1 , Keramikk 2 og Keramikk 3.

Keramikk 3 vart starta i januar 2026, etter eit keramikk- kurs høsten 2025.

Grunna avgrensa adgang til omn/ plass på skulane er det begrensa plassar i dei ulike keramikk- gruppene.

Kontaktpersonar:

Keramikk 1: Johanne Langeland, (sms). 990 41 096

Keramikk 2: Ragnhild Tveit

Keramikk 3: Anne Marie Fimreite, ( sms) 92043985 og Elisa Fiveland Løkhammer.

Har du vore på kurs i keramikk tidlegare, eller har du noko erfaring frå før? Då kan du vere med i eit læringsverksted. NB! Alle må ha med eget redskap og materialer.

Ta kontakt med Anne Marie, Ragnhild eller Johanne for å høyre om det er ledige plassar – venteliste.

 

UNG HUSFLID

 

UNG HUSFLID er eit tilbod til born og ungdom frå 4.klasse og oppover til 26 år.

Målgruppa er dei som liker å laga ting sjølv i ulike material og teknikkar.

Målsetjinga er å inspirera born og unge til skaparglede, læra dei å beherska ulike teknikkar og utvikla kreativitet.

Gjenbruk og redesign er aktuelle og interessanne tema.

Det vil bli opplæring i grunnleggjande handverksteknikkar, til dømes spikking i rått material, leire/keramikk, strikking, hekling, knyteteknikkar, broderi, maskinsaum. ….m.m.

Gruppa møtest på Leirvik skule (kunst-og handverksavdelinga)  annankvar onsdag  kl.17.30-19.30.

Datoar for Hausten 2026: Datoar kjem.

Medlemsskap kostar 240 kr. pr. år.

Annonsering av oppstart kvart halvår på FB-sida og heimesida til Stord husflidslag.

Kontaktperson: Johanne Gram Langeland mob. 99 04 10 96  (johanne.langeland@sklbb.no )

 

Fikselauget

«Alt kan fiksast!»

Fikselauget er ein verkstad der du kan koma å få tips og hjelp,- til å reparera klede slik at plagga varer lengre.

Ved å vedlikehalda og reparera blir plagga nesten som nye. Miljøvenleg alternativ til bruk og kast!
Ta med deg noko du vil reparera.

Symaskinar, material, utstyr og fiksarar som kan rettleia har me.
Ope for alle!

Hausten 2026 samarbeider fikselauget med:

IKK ; Leirvikstova: Datoar kjem           fra kl  12-15

Det Gule Hus på Stord:

Tidspunkta blir annonsert på FB-sida, Instagram og under det skjer i bladet Sunnhordland.

Hjartelag velkommen om du kan lite, mykje eller ingen ting om reparasjon – me hjelper deg.

Kontaktperson:

Susan Smith mob. 95061246

 

Billedvev
Syslar du med billedvev, og har lyst til å veva i lag med andre? Billedvevgruppa møtes etter avtale i lagslokala i Gruva 7 til ei økt med veving, erfaringsdeling, påfyll og sosialt samvær.

Læringsverkstaden er grunna lågt oppmøte satt på pause, men me håper å få starta opp igjen.

Kontaktperson for gruppa er:

Heidi Haugland mob. 934 93 048.

Du finn oss også som gruppe på Facebook: Stord husflidslag-billedvev.

 

Trearbeid

Læringsverkstad for alle som er interessert i trearbeid. (spikking og småarbeid i tre)

Oppmøteplass er på Leirvik skule i sløydrommet på mandagar frå 17-20.

Datoar: 14/09, 21/09, 28/09, 12/10, 19/10, 26/10, 02/11, 09/11, 16/11, 23/11, 30/11, 07/12 vil bli sista gang før jul.

Ta kontakt derom du vil vera med!

Kontaktperson: Hans Andersen 99415043

Me tek atterhald om endringar!

 





18.06.2026
Stord Husflidslag
18.05.2026
Stord Husflidslag
18.02.2026
Stord Husflidslag
15.12.2025
Stord Husflidslag
01.12.2025
Stord Husflidslag
06.08.2025
Stord Husflidslag
13.01.2025
Stord Husflidslag
06.01.2025
Stord Husflidslag
08.11.2024
Stord Husflidslag
08.10.2024
Stord Husflidslag
19.09.2024
Stord Husflidslag
19.09.2024
Stord Husflidslag
05.09.2024
Stord Husflidslag
04.09.2024
Stord Husflidslag
02.09.2024
Stord Husflidslag
21.08.2024
Stord Husflidslag
21.08.2024
Stord Husflidslag
09.08.2024
Stord Husflidslag
31.05.2024
Stord Husflidslag
31.05.2024
Stord Husflidslag
23.04.2024
Stord Husflidslag
23.04.2024
Stord Husflidslag
18.04.2024
Stord Husflidslag
24.03.2024
Stord Husflidslag
24.03.2024
Stord Husflidslag
24.03.2024
Stord Husflidslag
24.03.2024
Stord Husflidslag
24.03.2024
Stord Husflidslag
22.03.2024
Stord Husflidslag
19.03.2024
Stord Husflidslag
19.03.2024
Stord Husflidslag
15.03.2024
Stord Husflidslag
04.03.2024
Stord Husflidslag
04.03.2024
Stord Husflidslag
23.01.2024
Stord Husflidslag
05.01.2024
Stord Husflidslag
25.10.2023
Stord Husflidslag
31.08.2023
Stord Husflidslag
14.08.2023
Stord Husflidslag
23.04.2023
Stord Husflidslag
22.04.2023
Stord Husflidslag
03.03.2023
Stord Husflidslag
13.02.2023
Stord Husflidslag
23.01.2023
Stord Husflidslag
06.01.2023
Stord Husflidslag
17.11.2022
Stord Husflidslag
14.10.2022
Stord Husflidslag
01.10.2022
Stord Husflidslag
29.09.2022
Stord Husflidslag
19.09.2022
Stord Husflidslag
15.08.2022
Stord Husflidslag
12.08.2022
Stord Husflidslag
26.07.2022
Stord Husflidslag
08.07.2022
Stord Husflidslag
26.06.2022
Stord Husflidslag
15.06.2022
Stord Husflidslag
13.05.2022
Stord Husflidslag
04.05.2022
Stord Husflidslag
11.04.2022
Stord Husflidslag
06.04.2022
Stord Husflidslag
17.03.2022
Stord Husflidslag
24.02.2022
Stord Husflidslag
23.02.2022
Stord Husflidslag
11.02.2022
Stord Husflidslag
06.02.2022
Stord Husflidslag
04.02.2022
Stord Husflidslag
24.01.2022
Stord Husflidslag
23.01.2022
Stord Husflidslag
18.01.2022
Stord Husflidslag
14.01.2022
Stord Husflidslag
10.12.2021
Stord Husflidslag
10.12.2021
Stord Husflidslag
Alle artikler
Ung husflid: Info om barnegruppa og ungdomsgruppa.

UNG HUSFLID

Hausten 2018 starta Stord husflidslag med Ung Husflid for born/unge frå 4.kl.og oppover 26 år. Målgruppa er alle som liker å laga ting sjølv i ulike material og teknikkar. Laget ønskjer med dette å inspirera born/ungdom til skaparglede, læra å beherska ulike handverksteknikkar, utvikla kreativitet, eksperimentera med fargar , material og bli kjent med husflidstradisjonar og kulturarven.

Medlemsgruppa omfattar alle opp til 26 år. Barnemedlem opp til 13 år. Ungdomsmedlem frå 13 år til 26 år.

Årskontigent for 2026 : 240 kr.

Frå 2018 og fram til sommar 2026 har laget hatt ei gruppe for barn/unge der deltakarane har fått jobba i ulike material og teknikkar (tekstile aktivitetar, leire og tre/spikking).

Nytt frå haust-2026 blir ei utviding av tilbodet med ei eiga gruppe for ungdomar frå 14 år til 26 år. Her blir det opplæring i symaskin og saum av ulike produkt.

 

Barnegruppa held til på Leirvik skule (kunst-og handverksavd.)annankvar onsdag frå kl.17.30-19.30
Ungdomsgruppa skal vera på Stord ungdomskule på kunst-og handverksavd.

Norges husflidslag har eige ungdomsråd. I styret for Norges husflidslag skal det sitja ein representant u/26 år.  Alle over 14 år har røysterett.

 

Velkommen til å bli med i Ung Husflid!

Ta kontakt om du/de har spørsmål!

 

Kontaktperson barnegruppa : Johanne Gram Langeland (Johanne.Langeland@sklbb.no) mob. 99041096
Kontaktperson ungdomsgruppa: Trude Stokka (trudstok@gmail.com)

Påmelding for barn/unge 10-13 år til:  Johanne Gram Langeland     E-post:    Johanne.Langeland@sklbb.no   mob.99041096

Påmelding til ungdomsgruppa 14-26 år (symaskinskveldar) via Chekin. Ta kontakt m/Trude Stokka om du/de har spørsmål.

Meir annonsering på heimesida og sosiale media (FB og Instagram).

Stord Husflidslag blei etablert i 1972, og har omlag 213 medlemmar.

Interesser og aktivitetar i laget har veksla opp gjennom åra, og ein kan dela historikken opp i fleire bolkar.

1972- 1980
I dei fyrste åra i laget sin historie var det viktig å få i gang vevkurs, då interesse for vevnad var stor: Eit år var det heile  70 søkjarar til 12 plassar. Det var også stor interesse for kurs i Sunnhordlandsbunaden. Mødre gjekk på kurs, og  mange ungdommar fekk bunad til konfirmasjonen. Bunaden var utarbeidd av Øydis Eide som var rektor på Stord Husflidskule, og  dei fyrste åra kom mange av medlemane frå Stord Husflidskule. Her fekk dei både gi og få kunnskap.

1980-2000 
Framover 80- talet held ein fram med bunad- og vevkurs, men det kom også tilbod om kurs i tegerbinding, gamle hekleteknikkar, nålebinding, dobbel uttrekksaum, pjoning og sivkurs. Det vart også skipa til flotte bussturar for medlemane til ulike plassar i Noreg og ein tul til Dalarne i Sverige.

2000 -2010
I denne perioden var det to flotte og kreative vevprosjekt i laget som fekk stor merksemd: «Vev med vri» med utstilling i Fengslet og Moster Amfi, og «Berbar vev», med utstilling i Kulturhuset. Kjellaug Guddal Sæbø var prosjektleiar for begge prosjekta. Også desse åra kom det nye kurs i gang i keramikk, keramikk rakubrenning, keramikklaga knapper, sølvarbeid, akvarellmaling, steinsliping sveiping, lagging, kipebinding, nuppereller, batikk og sykurs. Det kom og i gang strikkekafe i lagslokalae i Tverrgardsvegen. Der delte me kunnskap om strikke- og hekleteknikkar.

2010-2021

I denne perioden vart læringsverkstadene oppretta. Medlemar som har kunnskaper om ulike handarbeidsteknikkar, kjem saman med andre, delar og hentar kunnskap, og arbeider vidare med teknikken. I dag (2022) har laget 7 læringsverkstader. Laget har også fått sett i gang Ung Husflid for barn frå 4 -til 26.år – Ung Husflid er eit viktig satsingsområde frå Norges Husflidslag.

Veien vidare

Stord Husflidslag jobbar med ulike prosjekt:

Fikselaug

«Alt kan fiksast!»

Fikselauget er ein verkstad der du kan koma og få tips og hjelp til å reparera klede slik at plagga varer lengre. Ved å vedlikehalda og reparera blir plagga nesten som nye. Miljøvenleg alternativ til bruk og kast!
Ta med deg noko du vil reparera. Symaskinar, material, utstyr og fiksarar som kan rettleia ,har me.
Ope for alle! Tidspunkt blir annonsert på heimesida, FB-sida , Instagram og under «Det skjer» i bladet Sunnhordland. Hjartelag velkommen om du kan lite, mykje eller ingen ting om reparasjon – me hjelper deg.

 

Rundt bålet 

Eit tiltak med husflid- og håndverksaktivitetar som passer ute i naturen. Trearbeid, bål og mattradisjonar set ramma for prosjektet.

 

 

 

 

C/o Randi Eldøy Isdal
Rusti 24
5416 STORD
98255252
Styreleder
Randi Isdal
Studieleder
Anne Marie Fimreite
Studieleder
Lone Myrvold
Sekretær
Trude Stokka
Kasserer
Eva Karin Barane
Nettansvarlig
Silje Lauksund
Ung Husflidskontakt
Johanne Langeland
Varamedlem
Tina Petterson