Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Kurs
Laget driv utbreidd kursverksemd i tradisjonelle handverk. Kursa har ulik lengde og vert i hovudsak halde i laget sine lokale i gamle Alversund skule, adresse Nedre Alver 2, Alversund. Medlemmer får 20% avslag på kursavgifta. Kursa vert annonserte i medlemsbladet Primstaven, på Facebook og på www.husflid.no
Medlemsblad Laget har eit eige medlemsblad, Primstaven. Her vert aktivitetar og nyhende publisert og møter og kurs annonserte.
Bunadsnemnda
Laget har ei eiga nemnd som arbeider med å samle, registrere og dokumentere materiale om bunader og bunadsbruk i området vårt. Bunadsnemnda har og arbeidd med å skaffe ei komplett brudedrakt og krune til laget. Me er glade for å kunne tilby denne flotte drakta til leige. Kontakt Husflidstova for nærmare informasjon og avtale.
Broderinemnda
Nemnda arbeider med å samle inn, registrere og arkivere gamle broderimønster og å gjere dei tilgjengelege for alle.
Husflidstova SA
Husflidstova på Ikenberget i Alversund er butikken til Nordhordland Husflidslag. Her syr me bunader frå Nordhordland, Masfjorden, Indre Nordhordland og Sogn. Me tek og reparasjonar på bunader. Me har stort utval i mønster til bringedukar, belte, selar og skjortekantar. Me fører og anna utstyr til bunaden, som tova hatt, linhue, sokkeband, paraply, bunadsskrin, vevde band og silkesjal. Tradisjon og kvalitet vert vektlagt. Opningstidene er: tysdag og torsdag kl. 10-17. Andre tider etter avtale.
Telefon: 56360744 Besøksadresse: Blombakken 1, Ikenberget, Alversund
Til butikken
Din handlekurv er tom.