Du er logget inn som

 

Nordhordland Husflidslag

Nordhordland Husflidslag organiserer husflidsinteresserte i kommunane Alver, Austrheim, Fedje og Masfjorden og ellers alle andre som ynskjer å vere med i lokallaget vårt.

Kurs

Laget driv utbreidd kursverksemd i tradisjonelle handverk. Kursa har ulik lengde, frå 12 til 60 timar og vert halde rundt om i laget sitt distrikt. Kurs me har hatt siste åra: Veving, bunadssying, brodering, toving, tauknyting, plantefarging, grindbygging, steinmuring, sying av og trykking på skinnfell, pilfletting, rosemåling, lefse- og flatbrødbaking, salting og krydring av sild og pølselaging. Medlemmer får 10% avslag på kursavgifta. Kursa vert annonserte i medlemsbladet Primstaven,på plakatar i distriktet, i lokalpressa og på www.husflid.no

Medlemsblad
Laget har eit eige medlemsblad, Primstaven, som kjem ut 2-3 gongar om året. Her vert aktivitetar og nyhende publisert og møter og kurs annonserte.

Bunadsnemnda

Laget har ei eiga nemnd som arbeider med å samle, registrere og dokumentere materiale om bunader og bunadsbruk i området vårt. Bunadsnemnda har og arbeidd med å skaffe ei komplett brudedrakt og krune til laget. me er glade for å kunne tilby denne flotte drakta til leige. Kontakt Husflidstova for nærmare informasjon og avtale.

Broderinemnda

arbeider med å samle inn, registrere og arkivere gamle broderimønster og å gjere dei tilgjengelege for alle.

 Husflidstova SA   

Husflidstova på Ikenberget i Alversund er butikken til Nordhordland Husflidslag. Her syr me bunader frå Nordhordland, Masfjorden, Indre Nordhordland og Sogn. Me tek og reparasjonar på bunader. Me har stort utval i mønster til bringedukar, belte, selar og skjortekantar. Me fører og anna utstyr til bunaden, som tova hatt, linhue, sokkeband, paraply, bunadsskrin, vevde band og silkesjal. Tradisjon og kvalitet vert vektlagt. Husflidstova har for tida ingen nettside som verkar. Opningstidene er: mandag-onsdag:0900-1600, torsdag 10-18, fredag 0900-1600. Laurdag stengt. ( Prøving av bunad kan avtalast på laurdagar. Ring butikken for meir informasjon)
Telefon: 56360744
Besøksadresse: Blombakken 1, Ikenberget, Alversund



Viser 0 kurs/arrangement(er).

Ingen kurs å viseFlere kurs og aktiviteter




Siste fra Nordhordland Husflidslag

27.04.2022
Nordhordland Husflidslag
23.01.2022
Nordhordland Husflidslag
Alle artikler
Våre lokallag
Ung Husflid-grupper
Husflidhåndverkerne
Viser 0 kurs/arrangement(er).

Ingen kurs å viseFlere kurs og aktiviteter
27.04.2022
Nordhordland Husflidslag
23.01.2022
Nordhordland Husflidslag
Alle artikler
Lørdagskafe på Biblioteket

Her er bilde fra den første kafeen vi hadde på Biblioteket i Knarvik.

Her kommer datoene for kommende kafeer:

2021:

13/12

 

2022:

8/1, 5/2, 5/3, 2/4, 7/5 og 4/6

Gina Blomberg
Elvavegen 43
5918 FREKHAUG

98222833
Styreleder
Gina Blomberg
Nestleder
Aud Marit Halland
Styremedlem
Gunn M. Hellesø
Styremedlem
Kjersti Haugland
Styremedlem
Torill Vågenes Geelmuyden
Styremedlem
Kristine Takvam
Styremedlem
Anne Lise Molvik
Varamedlem
Grethe Spurkeland
Varamedlem
Øyvor Haldis Larsen
Studieleder
Kjersti Haugland
Sekretær
Anne Lise Molvik
Nettansvarlig
Gina Blomberg
Kasserer
Kristine Takvam
Ung Husflidskontakt
Øyvor Haldis Larsen
0