Du er logget inn som

 

Granvin Husflidslag

Granvin Husflidslag vart skipa i 1966. Laget har no vevstove, i det tidlegare heradshuset i Granvin.

Laget har fram gjennom åra hatt ei rekkje kurs, med ulike tema og teknikkar. Me har husflidskveldar siste torsdagen i månaden, i Mælandshagen, klokka 19-21. Desse møta er opne for alle. Vevstova har ope ein kveld i veka kl 17-20. Laget har Ung Husflid på mandagar for påmeldte elevar fra 5. - 10 kl Husflidslaget held haustmarknad i oktober på Granvin Barne og Ungdomsskule Laget gjev strikka sokkar til alle nyfødde i Granvin. Husflidslaget står for utleige herrebunader og brurebunad. Granvin Husflidslag har sokkaband som raudlisteprosjekt. Åshild Fjose Kløve har utarbeidd mønsteret til vår eigen Granvinsløpar, med utgangspunkt i gamle mønster frå bygda. Dette mønsteret er også brukt i fana vår.