Du er logget inn som

 

Bømlo Husflidslag

Bømlo Husflidslag vart etablert 4. oktober 1988. Husflidstovo var skule fra 1850 til 1972. Den eldste delen av huset blei bygd i 1850 og var det aller fyrste skulebygget i heile Sunnhordland som blei bygd for kommunale midler. Lokaliseringa kom av at i området der bygningen står var det Klokkargard, og klokkeren var ofte den fyrste læraren i ei bygd.

Me er eit lag med mange aktivitetar: Kurs, læringsverkstad, husflidskveldar og Ung Husflid.

Nedanfor finn du litt informasjon om dei ulike aktivitetane i Bømlo Husflidslag. Me håper du finn noko av interesse og at du ynskjer å bli med.

Ynskjer du medlemskap hos oss, skjer det via Norges Husflidslag si nettside.

 

Kurs

Me arrangerer ulike typar kurs kvart år. Medlemmar i husflidslaget får kurs til redusert pris. Kursa blir annonsert her på heimesida og på Facebooksida vår. Har du ynskje om kurs, ta kontakt med oss. Påmelding til kursa skjer via eigen link (Checkpoint).

Husflidkveldar

Ein mandag i månaden møtest me klokka 19.30- 22.00 til sosialt møte. Me har foredrag/tema for kvelden der me presenterar ulike handtverksteknikkar. Me har med eige arbeid og inspirerer kvarandre. Me avsluttar med mat og loddsalg. Påminning kjem på Facebook-sida vår.

Læringverkstad

Læringsverkstadene er eit tilbod til medlemmene våre.

Me har no tre grupper, den eine er: Vevgruppe. Her kjem ein saman og jobbar med ulike veveteknikkar og med ulike materiale. Her er ingen fast lærar, men medlemmane hjelper kvarandre i arbeidet, deler erfaringar, rettleiar kvarandre og lager ulike produkt.

Me har og ei vanleg gruppe som møtes for å jobbe med bunadssøm, strikking, hekling, nupereller eller andre prosjekt. Her tar ein med seg det ein sjøl ynskjer å jobbe med. Ein sosial møtestad for alle.

Læringsverkstaden er annakvar tirsdag kl 18:00 – 21:00 i Husflidstova.

Den tredje gruppa vår startar opp hausten 2026 og er: Spinning på rokk og handtein. Me møtes ein laurdag i månaden frå kl. 12-15. Her har ein med sitt eige utstyr, ingen fast lærar, men me hjelper kvarandre i arbeidet. For datoar, sjå program haust 2026.

Husflidsdagen
Årlig arrangerer me Husflidsdagen på Svortland skule. Dagen arrangert i midten av oktober. Det er eit tema for dagen og det blir avholdt ei utstilling om dette temaet. Denne dagen så har me invitert inn lokale utstillarar i tillegg til egne medlemmer med ulike handverksprodukt til ei salsmesse. Me arrangerer kafè og dagen blir avslutta med åresal og basar, der me har gevinstar av ulike håndarbeidsprodukter både laga av medlemmene sjølve og frå utstillarane.

Ung Husflid er eit tilbod til born og ungdom frå 3.klasse og opp til 26 år. Me har valt å dela dei inn i ei barnegruppe, alder 3.kl til 7.kl og ungdomsgruppe 8.kl-26 år.

Ung Husflid Målsettinga er å inspirera born og unge til skaparglede, læra dei å beherska ulike handverksteknikkar og utvikla kreativitet. Det vil bli opplæring i grunnleggjande handverksteknikkar, til dømes spikking i råmateriale, toving, strikking, hekling, knyteteknikkar, broderi, og maskinsaum. Gruppa møtest i Husflidstovo anna kvar mandag frå 17.30-19.30. Medlemsskap kostar 240 kr. pr. kalenderår. All materiale er gratis. Ung Husflidkontakt er Ingrid Grimstad.

Husflid Ungdom er et tilbod til ungdom frå 8.klasse til og med 26 år. Dei samlast ein kveld per månad frå kl 18-21. Her får ungdommane læra forskjellige husflidsteknikkar. Gjenbruk, redesign, saum, strikking og Bunadsglede er aktuelle og interessante tema.  Medlemsskap kostar 240kr. pr. kalenderår. All materiale er  gratis. Kontaktperson for gruppa er Sissel Nielsen Mæland.

Har du spørsmål eller innspel? Ta kontakt med oss på epost: bomlo.husflidslag@gmail.com

eller på Facebook:  www.facebook.com/groups/bomlohusflidslag/

 





Husflidstovo

Utleige av Husflidstovo: Ein kveld pr.veke: 100kr For ein kveld: 200kr For ein heil dag: 500kr Helg: 1500kr (1200kr for medlemer) Dersom du ynskjer å leiga Husflidstovo, ta kontakt med Annette H. Eggøy på telefon 98823742

03.10.2026
Bømlo Husflidslag
28.08.2026
Bømlo Husflidslag
30.01.2026
Bømlo Husflidslag
30.01.2026
Bømlo Husflidslag
09.10.2025
Bømlo Husflidslag
10.09.2025
Bømlo Husflidslag
10.09.2025
Bømlo Husflidslag
30.01.2025
Bømlo Husflidslag
30.01.2025
Bømlo Husflidslag
17.09.2024
Bømlo Husflidslag
17.09.2024
Bømlo Husflidslag
25.08.2023
Bømlo Husflidslag
25.08.2023
Bømlo Husflidslag
28.03.2023
Bømlo Husflidslag
15.09.2022
Bømlo Husflidslag
08.06.2022
Bømlo Husflidslag
28.04.2022
Bømlo Husflidslag
Alle artikler
Ung Husflid måndagar kl.17.30 – 19.30 i Husflidstovo. Alder: Frå 3.klasse opp til 8.klasse. Ung husflidkontakt: Ingrid Grimstad, tlf: 90471585 E-post: i.grimstad.00@gmail.com

Ung Husflid møtes desse datoane høsten 2026:

31.08

14.09

28.09

12.10

26.10

09.11

23.11


Husflidstovo var skole fra 1850 til 1972. Den eldste delen av huset ble bygd i 1850 og var det aller første skolebygget i hele Sunnhordland som ble bygd for kommunale midler. Lokaliseringen kom av at i området der bygningen står var det Klokkargard, og klokkeren var ofte den første læreren i ei bygd.

Karianne Haugland Fimland
Totlandsvegen 146
5440 MOSTERHAMN
90848781
Styreleder
Karianne Fimland
Nestleder
Unni Meling
Studieleder
Anita Bergheim
Sekretær
Liv Tori Selle
Kasserer
Annette Habbestad Eggøy
Nettansvarlig
Karianne Fimland
Styremedlem
Anita Bergheim
Ung Husflidskontakt
Ingrid Grimstad
Varamedlem
Gunn Sissel Alfredsen
Varamedlem
Mona Aasheim