Flette, bregde eller fingre hoseband er ein nokså enkel teknikk og krev lite utstyr. Det er derfor ein teknikk som egnar seg bra for ein Ung Husflid-kveld eller på andre arrangement der ein har aktivitetar for barn og unge. I Sogn og Fjordane samla fleire lokallag seg i mai og 13 damer fekk prøvd seg på denne teknikken.

Hoseband er blitt brukt sidan tidleg middelalder. Bandet vart knytt rett under kneet for å halde hosene -strømpene- oppe, som den gangen var sydde av lær eller ullstoff. Både kvinner og menn brukte slike band. Sjølv om strikka hoser vart vanlege i løpet av 1600-talet, fortsette ein å bruke hoseband. I dag vert banda hovudsakleg brukt saman med bunaden.

For å lære teknikken kan det vere lurt å begynne med eit litt mindre prosjekt enn heile hoseband. Å flette eit band på ein nøkkelring er mogleg å få gjort ferdig i løpet av eit par timar og gir god innsikt i teknikken. Oppskrift på nøkkelring finn du her.

Dersom ein ikkje har vore borti teknikken før, kan det vere lurt å ikkje ha altfor mange trådar. Fire ulike fargar og to trådar av kvar, er ein grei start for nybyrjarar. Det kan også vere lurt å ha prøvd ut litt forskjellige typar trådar, før du lærer vekk teknikken til andre.

Vi brukte Hillesvåg sin «Tinde», som er av norsk pelsull. Denne er glansfunn og mjuk, men vi opplevde at den tova seg kanskje litt for mykje for ein nybegynnar. Sandnes garn sin Peer Gynt eller Rauma 3-tråds strikkegarn kan vere eit godt alternativ. Desse alternativa er også litt tjukkare, så banda vert litt breiare, utan å måtte bruke fleire trådar.

På førehand var det laga klart ferdig oppklipte trådar, omtrent 70 cm lange. Desse skal leggast dobbelt inn i ringen. Rekkefølga på trådane er avgjerande for korleis mønsteret kjem til å sjå ut. Legg ein trådane slik at dei vert spegla på kvar side av midten, får ein dei karakteristiske V-ane som er i flammeband. Start då med å feste to doble trådar i same farge i midten. Fest deretter ein og ein farge på kvar si side av midten, slik at det ser likt ut på kvar side.

Tre ein liten tapebit gjennom nøkkelringen og fest den i bordkanten, slik at arbeidet held seg i ro, når du skal begynne å flette. Det er ulike måtar å flette hoseband på. Nokre flettar tråden heile vegen, frå ei side til den andre, medan andre konsentrertar seg om ei side om gangen. Nokre plukkar trådane frå utsida og inn, medan andre plukkar frå innsida og ut. Det er ikkje noko som er rett eller galt her, det er berre ulike variasjonar. Resultater vert der same.

Når ein skal vise teknikken, kan det vere lurt at alle samlar seg bak kurslærar, slik at alle kan sjå korleis du plukkar trådane. Flett tre-fire omgangar, slik at ein begynner å sjå mønsteret.

Det er ulike tradisjonar for kva mønster og fargar som vert brukt i dei ulike områda i landet. Det kan vere lurt å sette seg litt inn i kva som er tradisjon for ditt område, og finne ut kva moglegheiter ein har for variasjonar.

Når ein lagar nøkkelband, er det lov å leike seg med både fargar og mønster. Det kan vere lurt å prøve ut litt forskjellige mønster, som ein kan ha og vise fram på kurs. Byter ein om på nokre av trådane i ulike farge, får ein kjerringtenner. Desse viser seg som prikkar eller striper, alt etter som kor mange trådar ein har. Legg ein trådane usymmetrisk, at det ikkje er lik fordeling av fargane på kvar side av midten, vil det oppstå andre mønster.

Ønsker ein å ha ei oppgåve med litt større utfordringar, men ikkje har tid til å flette heile hoseband, kan ein lage bokmerker. Då får ein også øvd seg på å starte flettinga frå midten og «vendinga» som er på dei fleste hosebanda brukt i dag. Eit bokmerke vert laga på akkurat same måte som hoseband, men brukar kortare trådar. Finn oppskrift på hoseband her.

Lag skilje på trådane ved å legge dei mellom to eller tre pinnar, og tape pinnane fast i bordplata. Her er det brukt grillpinnar kjøpt på matbutikken. Bruk trådar som er omtrent dobbelt så lange som det ferdige produktet skal vere.

Endane på hosebanda har også veldig mange ulike variasjonar, alt etter som kva som er tradisjonen i kvart område. Ein kan avslutte med duskar i forskjellige variasjonar, eller heilt enkelt knyte dei to innerste trådane. Nokre stadar er det tradisjon for å ha «tunger» i eine enden, som vist på bandet til venstre.