Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
13. feb 2026|
Tekst: Magnhild Runde|
Arrangement|Opplæring|Spikking og tresløyd|
Drøymer du om å lære deg noko nytt, eller å vidareutvikle deg i ein teknikk innan trehandverksfeltet? Her er ei oversikt over relevante kurs, utdanningstilbod, seminar og festivalar i 2026.
Kurskalenderen vår Hjå mange av våre husflidslag, finst det regelmessige aktivitetar og jamlege kurs i eit stort spekter av trerelaterte tema. Sjekk ut tilbodet i din region, kanskje finst det eit aktivt tremiljø nær deg? Våren 2026 kan du lære meir om tredreiing, sponkorger, pilfletting, gå på snikkarkurs, spikkekurs og mykje anna spennande. Finn tilbodet som passar for deg i kurskalenderen vår.
Foto: Even Lundefaret.
Seminar og sommarkurs TREseminaret, eit sikkert vårteikn på Dovre i veke 17 kvart år, er ei heil veke fylt med mange ulike sløydkurs for store og små. Born mellom 7 og 12 år kan delta på Barnas TREseminar der ein kan få lafte ei lita løe, smi og spikke slik ein lærte det på 40-talet.
Hjerleid Handverksskole har i ei årrekke tilbydd kurs innan mange ulike handverksteknikkar og materiale, i tillegg til å drive vidaregåande utdanning innan fleire tradisjonshandverksfag. I eit par år har dei også husa Sløydskolen, som gjev «kurs i trearbeid for lærarar».
I juni 2026 opnar Handverkstunet på Folkemuseet i Oslo. Her står det ein flunkande ny treverkstad som skal fyllast av aktivitet og læring i åra som kjem; TradLab: Tre.
Raulandsakademiet er eit kurs- og aktivitetssenter, som ligg i Rauland, ei lita fjellgrend i Telemark. Gjennom heile sommaren og hausten tilbyr Raulandsakademiet ei rekke ulike kurs, innan alt frå korgmaking til snikkarkurs og tægerbinding. Her vil ein klare å finne noko som er interessant, uansett kva handverk du er interessert i.
Instituttet for sløyd og handverk på Sätergläntan har ei over 100 år gammal historie. Her kan ein både ta korte kurs, eller vere heilårsstudent i flotte omgjevnadar. Gjennom heile sommaren er det ei rekke med kurs innan mange ulike teknikkar og materiale. Følg gjerne Sätergläntan på Instagram: @saterglantan.
Anders Ljones og sonen Amund kjem til Barnas TREseminar. Foto: Trine Ruud Grønningen.
Festivalar i inn- og utland Ei heil langhelg med kurs, foredrag, marknad og mykje anna kan du oppleve på Sløydfest i Seljord 18.-21.juni. Her vil det vere kurs i alt frå tradisjonell høvelmaking og linfeste til grunnleggande spikkeopplæring og marimba. Instruktørane kjem frå inn- og utland. Handverksdagen på laurdag har aktivitetar for heile familien. Ein del av kursa vert fullbooka raskt så her må du vere tidleg ute! Følg festivalen på Instagram for oppdateringar @sloydfestseljord, samt på Facebook.
Spikkefestivalen i Lillesand går vanlegvis av stabelen første helga i september. I år har dei tatt eit opphald, men neste år er det planlagt ny runde. Dette er ein intim og koseleg festival som tidlegare har hatt stor suksess med kurs i ølhønespikking, pilfletting, krympeboks og mykje anna moro. Klikk på lenka og fylg med for meir info.
Er du i bergensområdet siste helga i august må du få med deg SpoonCarving Weekend Bergen (SCWB). Her kan du møte likesinna spikkeentusiastar i ein avslappa atmosfære på Hordamuseet i Fana. Der er det høve til å sette opp telt, hengekøye eller overnatte innandørs (få plassar). Du treng ingen forkunnskapar.
Hjå våre svenske naboar kan du sjekke ut Borkfest, som er ein årleg handverksfestival i Borkhult i Östergötland. Her kan du lære deg å sveipe boksar, flette krakkar, bruke øks, flette korger i hassel og never og mykje anna spennande.
Skal du til Danmark i sommar? Då bør du ta turen innom Boserupgård Naturcenter i Roskilde og vere med på Snittefest 28.-30.august. Hit kjem nokre av landets mest ihuga spikkarar, og det finst kurs for både nybyrjarar og vidarekomne, på denne autentiske og koselege perla av ein festival. Følg festivalen på Instagram for oppdateringar @snittefest_dk
Det er også mange ulike spikkefestivalar i England som er verdt å sjekke ut. Spoonfest i Edale – Derbyshire 30. juli-2. august. Billettane blir lagt ut 1. mars og går fort. Så her gjeld det å vere rask på labben. Om du vil nerde innan dreiing, vurder også The Bowl Gathering lokalisert nær Abergavenny i Monmouthshire 11.-13.september.
Europas lengste handverksfestival finn du i Dorwieler i Tyskland 2.-8. august. Den heiter Von Hand Festival og har eit breitt spekter av sløydrelaterte kurs, som restaurering av økser, bein og horn intarsia, og skulpturmaking. Følg festivalen på Instagram for oppdateringar: @vonhandfestival.
Glimt frå Sløydfest i Seljord i 2024. Foto: Leif Gabrielsen.
Folkehøgskular Våren er ei tid for å søke seg til ein folkehøgskule, og som er ein glimrande sjanse til praktisk fordjuping. På linja Sløyd, spikk og smi, ved Seljord Folkehøgskule tek dei imot elevar i alle aldrar. Kva med eit år der du kan fordjupe deg i drøssevis av teknikkar innan grøn sløyd, lære deg å smi og mykje anna?
På Fosen FHS i Trøndelag kan du lære deg tradisjonell båtbygging der læringsprosessen startar i skogen. For deg som heller vil bygge eit minihus, så finst det også ei linje for dette. Elevar i ulike aldrar søker seg til Noregs økologiske folkehøgskule.
Ved Numedal folkehøgskule tilbyr dei ei linje som heiter håndverk og natur. Der kan du lære deg tømmerhogst, lafteteknikkar, treskjering, dreiing, knivmaking og smiing med meir. Linja har eit fokus på gamle handverksteknikkar og berekraftig bruk av naturressursar.
Linja Kreativt håndverk på Evje Fhs tilbyr fordjuping i treskjering, dreiing, tresløyd og mykje anna spennande.
Sjå www.folkehogskole.no for fleire tips.
Vidaregåande opplæring og høgare utdanning Hjerleid Håndverksskole er landets fremste skule for tradisjonshandverk. Dei tilbyr eigen linje for treskjering, møbelsnekring og tømring. Elevar frå heile landet oppsøker handverksskulen for å fordjupe seg i desse fagfelta.
Universitetet i Søraust-Noreg tilbyr studiar i tradisjonskunst: instrumentmaking og trehandverk. Dei tilbyr årsstudium, bachelor eller masterstudium. På Notodden kan ein ta årsstudium i tre.
Bli møbelsnekkar gjennom vgs-opplæring i faget på Møbelsnekkerskolen i Mysen.
Har du gode tips som bør vere med i denne lista? Skriv til evelyn@husflid.no for fortel om tilbodet.
Til butikken
Din handlekurv er tom.