Nettbutikk
Min side
Du er logget inn som
husflid.no
Lagslokala på Litlabø
Stord Husflidslag
Spikking
Ordinær pris: Kr. 700,-
Medlemspris: Kr. 550 ,-
Kurset passar både for nybyrjarar og dei som har litt erfaring frå før. På kurset lærer du å spikke ei stor sleiv, eventuelt andre enkle kjøkkenreiskap. Spikkeverktøy og vedlikehald av desse er også eit tema på kurset. Om det er av interesse, kan ein få læra å øksa ut eit emne. Eventuelle spørsmål om kurset kan rettast til kurslærar Håkon Nes, mob. 906 41 213
Ordinær kursavgift er 700 kr, 550 kr for medlemmar av husflidslaget. Deltakarane tek med seg spikkeemne om dei har, dese kan også kjøpast av kursleia, Håkon Nes. Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.
Kurset går frå fredag 4.mai kl. (17 - 21) til lørdag (kl. 10 - 15) i lagslokala til Stord Husflidslag på Litlabø" Påmelding innan 27. april. Etter denne datoen er det ikkje mogeleg å melde seg av kurset.
Påmelding til Svein-Egil Johansen, mob. 971 05 410, eller e-post: *protected email* Oppgje namn, telefonnr., e-post, postnr. og fødselsår.
Til butikken
Din handlekurv er tom.