Våren 2019 har Norges Husflidslag hatt ein spennande pilot i Kristiansand. Der har nemleg Kristiansand Husflidslag og husflidskonsulenten i fylket starta det første Fikselauget i landet. Piloten er ein del av det 4-årige satsingsområdet Holdbart til Norges Husflidslag. Disse åra vil Norges Husflidslag ha ekstra fokus på ressursbruk, kunnskap om materialar og teknikkar for å få ting til å vare lenger.

Husflid for framtida 
Kristiansand Husflidslag er det nest største lokallaget i Vest-Agder med sine rundt 120 medlemmer. Mette Skofteby er leiar på andre året og fortel litt korleis det starta:

-Me tente på ideen om Fikselaug frå første stund. Me visste det kom til å bli litt ekstra jobb, men samtidig så synes me dette var ein sjanse me ikkje kunne la gå frå oss.

Og litt jobb har det blitt for medlemmene i Kristiansand Husflidslag. Dei har arrangert eit Fikselaug i månaden heile våren på Grønt Senter på Odderøya i Kristiansand sentrum. Dei har også hatt kurs og fått formidlingsoppdrag.

-Når me har Fikselaug startar me med litt fagleg påfyll på ca. 20-30 minuttar. Deretter er der fritt fram for alle å fikse det dei har med av plagg. Me set fram alt dei treng av materialar og utstyr og plar å seie at også «smilande kompetanse» står klar.

Det har vore eit populært tiltak. Det har i snitt vore 17 på kvart treff og Mette kan fortelje litt meir om kven som har vore med på treffa:

-Det har vore både kvinner og menn innom. Menn vil fikse buksene sine, kvinner fikser litt av kvart. Det som er fint er at dette har vore populært både hos dei som har mykje erfaring og dei som er ganske uerfarne. Det er flott, for då kan me hjelpe kvarandre. Og det har vore minst tre generasjonar samla; den yngste har vore 10 år og den eldste 86! For å nå unge må me tenkje litt annleis enn me ofte gjer, derfor har me planlagt tiltak for å få med endå fleire unge. Me skal mellom anna ha Fikselaug på universitetet på torsdag 12. september. Det vert vår måte å markere husflidsdagen på.

Nye medlemmer og inkluderende miljø
Kristiansand Husflidslag hadde siste styremøte før sommaren 20. juni og dei har lagt planar for månadlege treff også til hausten også no når piloten er over. Kvifor vil de gjerne halde på med Fikselaug?

-Det har vore så bra for oss på så mange områder. Det at me får låne gratis dei flotte lokala på Grønt senter har gjort at me har nådd nye målgrupper. Eg trur mange har fått eit nytt bilete av kva husflid er og at det er tidsaktuell og viktig kunnskap i disse tider. Me har fått 17 nye vaksne medlemmer og det er 14% auke for oss. Og så er me jo blitt så synlege med både innlegg i aviser, vekeblad og på radio. Å arbeide med Fikselauget har gjort oss veldig stolte og me gler oss til å halde fram.

Ein av dei 17 nye medlemmene er Nurizat Sadyrbaeva. Ho er heilt fersk utdanna lærar og har vore på fleire treff i Fikselauget. Kvifor vart du med på dette?

-Eg synes det verka spennande og nyttig. Med to barn har ein har jo alltid mykje kler liggande som trengs reparasjon. Før har eg kasta dette og spesielt mange olabukser. Det har vært gøy å sjå kor enkelt ein kan fikse plagga og å heile tida lære seg nye måtar å gjere ting på.  I tillegg til det tekniske handverksmessige har eg også lært mykje om materialar. Til dømes kva type tråd som passar til ulike materialar. Det er ikkje så lett å vite når ein aldri har sydd før og har vore spesielt nyttig for meg å lære.

Nurizat deltok også på broderikurs i regi av Fikselauget og har planar om å stille på treffa til hausten.

-Dette er absolutt noko eg vil halde fram med. Det har vore sosialt å og kjekt å kome saman og bli kjend med nye menneske samtidig som ein lærer noko nytt. Frå no av skal eg ikkje kaste buksene, men reparere. Det er skremmande med alt ein les og høyrer om utfordringane knytt til klima og miljø og det er fint å kunne ta grep sjølv med det ein kan. Eg er så inspirert til å fikse kleda me har og la vere å kjøpe så mykje.

Gode samarbeid
Fikselauget i Kristiansand har fått støtte av Kristiansand kommune. Elizabeth Rojas er Klima -og miljørådgivar i By- og samfunnsenheten i Kristiansand kommune og ho fortel kvifor kommunen ville støtte dette tiltaket:

-Me arbeidar for meir dialog, samhandling og innovasjon, fordi me har stor tru på at det må til for å få til endring mot eit meir miljøvenleg samfunn. Forbruket er aukande og det er viktig å setje i gong tiltak for å redusere det. Når me vart presentert for ideen med Fikselaug tenkte me at dette var midt i blinken og noko me gjerne ville støtte. Dei hadde ein klar ide om korleis dei ville gjennomføre det og me såg at her var det stor fagleg kunnskap.

Kommunen har støtta piloten økonomisk og har også stilt med gratis lokalar på Grønt Senter. Rojas har følgt Fikselauget tett både på sosiale media, men også gjennom møter og har også besøkt fikselauget.

– Eg trur at den kunnskapen husflidslaget sit på er så viktig å få ut til fleire og vil vere med å endre haldningane til forbruk. Skal me bli eit lågutslepp-samfunn  må me få ned forbruket og heller få det me har til å vare lenger. Og det er jo nettopp det heile Fikselauget handlar om. Me må berre gratulere for eit utruleg flott gjennomført prosjekt som har skapt stor entusiasme. Me opplever at me har fått mykje igjen for pengane me gav og ønskjer også å støtte opp om dette supre tiltaket vidare. Heia Fikselauget!

 

Følg Fikselauget Kristiansand på Facebook
Se filmen fra Fikselauget i Kristiansand