– For meg var bua til far avgjerande, seier Ingerid Vindenæs.

MAGASINET HUSFLID: – Vi må tilbake for å finne vegen fram, seier Ingerid Vindenæs (24).

I dag er ho lærling i Oslo og hekta på tradisjonsmåling. Men utan ballasten heimanfrå er det ikkje sikkert at Ingerid hadde vorte handverkar.

Det starta i Mjelddalen på Osterøy utanfor Bergen då faren Lars-Petter Vindenæs (57) kjøpte det som hadde vore bustad for enkja til presten. På folkemunne blir det kalla «Knagahuset». Det er 13 år sidan no.

Lars-Petter vart ikkje skremd av at det var mykje som måtte vølast på Fagerheim. Med erfaring frå restaurering av liknande bygningar visste han at det ikkje finst snarvegar til eit godt resultat. Med tanke på huset si spesielle historie ville han gjera det med andakt.

Det minste raude huset er ei gammal bu. Det største er eit nyare grindverkbygg Lars-Petter  Vindenæs brukar som verkstad. No held han og Ingerid på å setja inn ei barokkdør der. Foto: Ingvild Constance Fostervoll Melien

BLOD PÅ TANN I BUA
– Det har stått bygningar her sidan midten av 1600-talet. Delar av dagens bygg er frå midten av 1700-talet. Då den siste presteenkja døydde, vart eigedommen seld til ein rik bergensfamilie som hadde det som landstad, fortel Lars-Petter.

Sidan hadde huset fleire eigarar, til slutt Knag-familien, som eigde det i over 100 år fram til han kjøpte det.

– Framleis heng ringeklokka til tenarskapet på kjøkkenet, fortel Lars-Petter.

Norsk Husflid har bytt namn til Magasinet Husflid. Les meir her. 

INGERID STRØM NILSSEN VINDENÆS (24)

Lærling i målarfaget

Bustad: Oslo

Bakgrunn: Har vore interessert i restaurering sidan 16-årsalderen. Gjekk på linja for Kunst, design og arkitektur på vidaregåande skule før ho byrja på målarlinja på Hjerleid Handverksskole på Dovre.

Akkurat no: Er lærling hos Malermestrene Juuhl & Bratfoss AS i Oslo. Har eige føretak der ho tek målarjobbar og held kurs i tradisjonelle målarteknikkar.

Instagram: @ingerid_vindenaes

På bildet: Ingerid attskapar ei lita kiste som tilhøyrde tanta til oldemor hennar. Her kritar ho mønsteret, som seinare skal målast. 

Ingerid vaks opp med restaurering av gamle møblar og godt brukte bilar. Han såg tidleg at dottera var ei kreativ sjel som likte å teikne og lage ting.

Då ho var tenåring, hjelpte ho faren med å pusse opp vindaugo til huset på Osterøy.

– Ein gnist vart tend den gongen. Å gje liv til den gamle bygninga var utruleg gjevande. Det sette meg på rett veg. Eg ville arbeide med hendene. Det ligg nok i slekta, seier Ingerid.

Noko Lars-Petter kan skrive under på. Medan morfaren var murar, dreiv andre med måling, kunstmåling og glasarbeid.


HOBBY BLEI LEVEBRØD
Ekstra godt hugsar Lars-Petter broren til morfaren, som var både glasmeister og tusenkunstnar.

– Til dømes bygde han seg hus, dekorerte taket med englar og laga møblar på sin naive og enkle måte. Heldigvis tok eg vare på mange av tinga hans. For Ingerid og meg har han vore ein stor inspirasjon, fortel Lars-Petter.

Over skattoldet heng to måleri som grandonkel Fridtjof har laga, inspirert av kunstnar Hans Dahl. – Eg likar å kjenne historia bak tinga eg har, seier Lars-Petter. Foto: Ingvild Constance Fostervoll Melien

No fører far og dotter tradisjonen vidare. Rett nok er Lars-Petter utdanna maskiningeniør med mange år i bilbransjen og ei periode i oljesektoren. Men samstundes sysla han med eldre hus. Det som starta som ein hobby for tretti år sidan, er no eit levebrød. Det gler han at gjenbruk er i tida, og at fleire yngre er interessert i gamle handverk.

– Krefter innan skuleverket har også innsett at dei praktiske faga treng eit lyft, seier han.

LARS-PETTER VINDENÆS (57)

Tradisjonshandverkar

Bustad: Osterøy utanfor Bergen

Bakgrunn: Utdanna maskiningeniør, har jobba i bilbransjen og oljebransjen. Har restaurert gamle hus på fritida i 30 år. For seks år sidan starta han firmaet Vindenæs bygningsvern og vart heiltidshandverkar.

Akkurat no: Etter 13 års arbeid har han fullført restaureringa av Fagerheim. Bur delvis der og delvis i leilegheit i Bergen med kjærasten.

Instagram: @vindenaes_bygningsvern

På bildet: Lars-Petter samlar på gammal elektronikk. Her med ei hev-senk-lampe han har sett saman med delar frå ulike lampar.


REDNINGSAKSJON
Han er oppteken av heilskapen i huset, og har spesialisert seg i restaurering av vindauge, dører og interiør.

Då han tok over Fagerheim, var innsida prega av siste oppussing på 1970- og 1980 talet. Listverk, dører og vindauge var heldigvis bevart.

– Eg såg straks potensialet. Mange ville nok ha bygd om, etterisolert og pussa opp i moderne stil. I staden har eg restaurert eitt og eitt rom i mest mogleg autentisk stil.

Å redda det rundt 270 år gamle huset har vore eit prosjekt han har gjort delvis saman med dottera. Målet har vore å ta vare på det gamle og henta fram handverk frå fortida.

Når dei har restaurert vindauge og dører saman, har dei skrapa seg gjennom lag på lag med gammal måling å finna fram til opphavlege fargar. Så har dei blanda si eiga linoljemåling. Bua er full av pigment i alle fargar.

Døra frå 1800-talet blir restaurert for ein kunde. Lars-Petter har skrapa seg bakover i tid, gjennom kvit, brun og gul måling, for å finna den originale grøne. Begge i Devold-genser. Foto: Ingvild Constance Fostervoll Melien


VANSJØTTA PRAKTISKE FAG
På Fagerheim speglar dei ulike romma den 270 år gamle historia til huset. I kvart rom har Lars-Petter teke utgangspunkt i ei bestemt tidsperiode når han har valt interiør, fargar og detaljar.

Det var vanleg med umåla tømmerveggar før i tida. Men på Fagerheim har alle rom hatt tapet, sjølv dei små romma på loftet. Berre kjøkkenet hadde måla veggar. Mange av tapetane har han fått rekonstruert og trykt opp på nytt.

Alt dette var altså ein del av oppveksten til Ingerid, men ho veit at ungar flest ikkje får slike impulsar.

– Når skulen også har vanskjøtta dei praktiske faga i ei årrekkje, gjer det meg trist. Eg har difor vore heldig, seier 24-åringen.

– Eg brukar vanlegvis linoljepigment, ikkje målingstubar, seier Ingerid, som her dekorerer ein turkopp med rosemåling frå Os. Strikkejakka er laga av mora og sølja er frå barnebunaden. Foto: Ingvild Constance Fostervoll Melien


JOBB PÅ STORTINGET
Etter vidaregåande var ho likevel usikker på vegen vidare. Men ein dag fann faren Hjerleid Handverksskole på Dovre. Sidan dei hadde tradisjonsmåling på timeplanen, bar det oppover Gudbrandsdalen.

– Der lærte eg mellom anna rosemåling, lasering, ådring, marmorering og forgylling. Vi laga også ulike typar måling og sjablongar, fortel Ingerid.

Etter året på Dovre var ho difor ikkje i tvil: Ho ville satse på tradisjonsmåling. Dermed gjekk turen til hovudstaden og lære hjå Malermestrene Juuhl & Bratfoss AS.

I januar fekk ho Håndlag-stipendet på 25 000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB og Fortidsminneforeningen, for vidare kurs og utvikling i målarfaget.

– Busta på ein god rosemålingspensel må vera samla og ha god spenst, forklarer Ingerid. Øvst til venstre ser me ein avriven bit av den originale tapeten i stova, antakeleg frå 1810. Foto: Ingvild Constance Fostervoll Melien

Det er fleire grunnar til at Ingerid har vorte glad i denne delen av vår kulturarv.

– Mangelen på fasit fascinerer meg. Sidan farge og dekor ofte blir skapt ved hjelp av finurlege løysingar, blir kreativiteten stimulert. Kartlegging av ulike typar måling laga av til dømes rug, tran og lim er også spennande. Sidan eg blir ekstra inspirert av historiske bygningar, var det midt i blinken at eg også fekk jobbe med måling på Stortinget.


STOLT AV DOTTERA
Ingerid kallar seg tradisjonsnerd, og ho trur at forholdet til faren har vorte ekstra sterkt takka vere felles interesse.

– Vi kan snakke i timevis om faglege spørsmål, og vår felles kulturarv er eit hyppig tema, fortel ho.

Ikkje uventa er faren stolt av dottera sitt yrkesval.

– Det Ingerid lærer, er kunnskap som står i fare for å gå tapt. Val av trevirke og type måling er heilt avgjerande. Ekstra viktig er det her på Vestlandet, med så mykje regn og fukt i lufta.

Døra til verkstaden er truleg frå tidleg 1800-tal. – Ingerid har måla ho med linoljemåling frå Wibo. Me brekker fargane sjølv, så eg har pigment i alle fargar liggjande i bua, seier Lars-Petter. Foto: Ingvild Constance Fostervoll Melien

Vindenæs bygningsvern har verkstad på Fagerheim. Arbeidet blir gjort med mest mogleg tradisjonelle metodar og verktøy – anten han restaurerer eigen bustad eller jobbar for andre.

– Det er viktig for meg å visa metoden som er brukt. Eg tek omsyn til tidsperioden bygget er frå og prøver å attskapa dei originale verktøyspora. Golvbord blir høvla og pussa for hand, ikkje med maskin. Stavane til grindverkbygg blir hogd med øks, ikkje med motorsag.


GAMALDAGSE SNÅLINGAR
Også Ingerid er oppteken av å formidla handverkstradisjonane våre. Ho har blant anna halde kurs ved skulen på Dovre der ho var elev.

– Eg prøver å kapre dei unge før moderne handverksfag og idretten slår kloa i dei! I staden for å tenkje profitt må vi ta vare på det som generasjonar har lagt sjela si i. Det er naudsynt med kunnskap – om alt frå korleis treet veks i skogen til siste strok med måling. Gamle hus er dessutan vakrare og meir solide enn dei moderne, seier Ingerid.

På verkstaden heng verktøyet klart til bruk. Noko er gamalt, funne i bruktbutikkar, på finn.no og loppemarknader. Foto: Foto: Ingvild Constance Fostervoll Melien

Men ho og faren veit godt at enkelte ser på dei som gamaldagse snålingar.

– Det er litt artig og eit godt høve til å utveksle meiningar. Uansett er det viktig å ta vare på kulturarven vår, seier Ingerid.

Likevel forstår Lars-Petter kvifor enkelte tyr til raske og lettvinte løysingar når dei skal restaurere eit hus.

– Kostnad er som regel avgjerande, men på sikt er det ikkje lønsamt å gjera det billig. Dessutan er det mange som ikkje veit at ein kan søke om midlar til å restaurere eldre bygningar.


SKRIKANDE BEHOV
Éi av dei som trykkjer slike som Ingerid og Lars-Petter til sitt bryst, er riksantikvar Hanna Geiran (55). Ifylgje henne er det meir enn nok arbeid for dei som satsar på tradisjonshandverk. Mellom anna skal eit kyrkjefond på 10 milliardar gå til freda og listeførte kyrkjer.

Forutan statlege midlar til freda hus i privat eige, kjem også andre tilskot som Riksantikvaren og fylkeskommunane tek hand om.

– Behovet for tradisjonshandverkarar er skrikande, seier Hanna Geiran.

Målet til Ingerid er å arbeide med tradisjonsmåling på heiltid, men først vil ho lære meir. Etter at læretida er slutt om eit halvt års tid, ynskjer ho å gå på skule i Belgia der ho kan spesialisere seg i dekor- og tradisjonsmåling.

Denne saka står på trykk i Magasinet Husflid, utgåve nummer 1/25. Ansvarleg redaktør er Hanne Kathrine Bratholt og utgivar er Noregs Husflidslag.  Magasinet heitte tidlegare Norsk Husflid. Les meir om endringane her.