Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
14. mai 2018|
Tekst: Berit Nøkleberg Morken og Kjellaug Krogh Moksnes|
Bunad og folkedrakt|Rødlista|
Skaut er ein vesentlig del av Trønderbunaden, og Stjørdal Husflidslg har valgt å arbeide med hodelin/skaut til Trønderbunad – og med fylgande kvitsaum som kan brukast til flere andre ting enn skaut.
Ut fra oppleveldsen av bruk/manglende bruk av skaut til Trønderbunaden kjenner ein behov for å gjøre kjendt korleis lage dette, gi opplæring i å sy skaut og gjerne å gjere det meir alminnelig. Laget ynskjer å sjå heilheita i bruk av bunad. Skautet/ hodelinet er en del av bunaden som gjer bunaden heil.
Det er eit veldig fint arbeid som ligg til grunn for dette hodelinet. Kvitsøm med enkel og dobbel uttrekkssøm, klostersøm, austmannarenning. Under skautet er det ein »valk» trekt med rødt stoff, som held skautet litt opp fra hodet og gjer at saumen kjem godt til syne.
Stjørdal Husflidslag har flere år hatt kurs i sying av bunad. I den forbindelse kjenner ein at skautet og er ein vesentlig del av det heile
Skautet har vert lite brukt den seinere tid, som med andre hovudplag til bunad i det heile. Dette er ikkje noko som gjeld spesiellt for Trøndelag. Ein kan tru at skaut/ hovudplgg til bunad i det heile er i ferd med å forsvinna.
Denne typen skaut var først brukt i Selbu. Då var det brukt som brurplagg. Skautet blei seinere brukt som stasplagg på dåpsbarna under dåpen. Hodelinet er en del av trønderbunaden. Ein kan spekulera i at brura nok måtte sy seg skaut før ho gifte seg. Det var truleg ein del av førebuingane til giftarmålet.
Dersom ein ikkje er godt inne i arbeidet med kvitsaum, er det å anbefale å sy prøvelapp før ein set i gang med sjølve skautet. Det er greit å få teknikkane inn i fingrane før sjølve arbeidet vert igangsett.
Til butikken
Din handlekurv er tom.