Stjørdal Husflidslag har Hedebosaum som eit av sine Raudlisteprosjekt. Her beskriv Berit Håland Forbord historia til hedebosaumen og korleis laget har arbeidt med teknikken.

Kvit lin med utklippte hol, utbrodert med knappholsting, kontursting og tjukksaum er det vi meiner med hedebosaum. Den kan delast inn i fleire grupper som uttrekksaum, utskårsaum, baldyring, utklippa hedebosaum og kniplingane. Hedebohjulet høyrer til den siste gruppa, Kniplingane, og er den delen av hedebosaumen som er mest kjent i Norge. Eg skal i denne framstillinga taka med korleis vi lagar eit hedebohjul.

Mi historie:

Sjølv lærte eg teknikken då eg var 16 – 17 år, av ei moster, Bertha Mæland Nilssen. Kor ho hadde lært det veit eg ikkje sikkert, men ho var elev på Statens lærerinneskule, Stabekk i 1930, så det er truleg der ho tileigna seg kunnskapen som ho lærte vidare til meg.  Eg har lært det vidare til ei datter.

Generell historikk:

Hedebosaum vart utvikla på Heden i Danmark. Heden er eit fruktbart landskap vest for København. Rundt 1800 var der mest sjølveigande bønder som bestemte over eigne inntekter. Dei fekk inspirasjon frå byen der dei selde produkta sine. Gode kår gjorde at kvinnene kunne ta seg tid til å laga ting som var meir pynta enn det som var vanleg på landsbygda.

Lin og ull var produkt frå gardane og det var naturleg å bruka dette i tekstilar. Sidan stoffa vart vevd av håndspunne garn kunne dei bruka same garnet til broderia, det vart harmoni mellom stoff og garn.

Hedebosaumen vart brukt på pynteting som duker og mellomverk i sengetøy, samt til pynt på synlege stader på klesplagg, rundt halsringing og nederst på ermlinninga.

Fram til 1850 var det rik utbrodering av kvite linstoff til heimen. Kvit lin var symbolet på det reine og motiva var ofte symbolske, frå Bibelen.

Hedebosaumen er inspirert av den italienske saumen, Reticella, slik vår Hardangersaum også er. Dette vart sydd i 1500 åra i Venezia, men først i 1780 vart det teke opp på sin måte, på Heden. Utklippa hedebosaum vart teke opp utanfor Heden ca 1850. Saumen kom til Norge, Bergen, truleg gjennom prestefruene som ofte var danske. Bergen hadde god kontakt med utlandet på den tida.

Hedebosaumen endra seg stadig og den vart prega av rasjonalisering. Interessa forsvann og saumen vart mest gløymt. Årsak kan vera at heile samfunnet var i forandring. Det vart lause møblar i stovene i staden for faste benker og skap. Spinne- og vevmaskinane kom i bruk og det var lettare å få tak i material. Det førte til at samspelet mellom stoff og tråd forsvann. Materialfølelsen vart ikkje slik den var, som når dei spann og vov sjølv.

Det var stor produksjon av hedebosaum dei få åra då den var mest populær. Unge heimeverande kvinner, nygifte kvinner utan barn og ansvar for matstell var dei som sydde mest, men også  bestemødre sydde utstyr til barn mens dei låg i vogga, ting som vart lagra i kister til barnet vart vaksen. Lærdomen gjekk frå kvinne til kvinne. Syinga vart stort sett utført på dagtid då dei trong godt lys.

Lokal historie:

I magasinet til Stjørdal Museum, Værnes, har eg funne ein liten prøve på hedebosaum. Den er laga av Rikke Bang (1867 – 1951) som kom frå Blakstad i Stjørdal, der foreldra hadde gard. Sjølv var ho utdanna håndarbeidslærerinne og arbeidde i mange år ved Husflidskolen i Oslo.

Teknikk:

Hedebosaum er ein syteknikk med knappholsting der vi syr frå venstre mot høgre.

Det vart bruka tynt garn og fint linstoff. Ull vart også brukt. Garn og stoff var ofte håndlaga og harmonerte saman. Verktøyet vi treng er ei nål til å sy med. Den må passa til det materialet vi skal bruka.

Når vi skal laga hedeboring må vi ha fleire trådar å sy rundt. Vi kan vikla garnet rundt ein finger, eller laga ein spesiell pinne med ulik tjukkleik – Hedebopinne – for å vikla garnet rundt på den tjukkleiken som vi ynskjer.

Då eg lærte teknikken av moster Bertha brukte eg heklenål og hekla luftmaskar rundt trådane til hedeboringen, i staden for å sy knappholsting.

Framgangsmåte:

Til hedeboring startar vi med ein ring av trådar som vi syr knappholsting rundt. Ringen kan vi fylla med ulike sting, som holgang, edderkopp eller stjerne.

Vi syr taggar på ytterkanten av ringen med opne knappholsting. Vi  startar frå venstre med f.eks. 7 sting, syr kastesting tilbake for å få tydelegare hol, arbeidar oss oppover med 5, 4, 3 og 2 sting. Vi får til slutt ein tagg med eit ope sting som vi brukar når vi festar saman fleire ringar med taggar til eit hedebohjul. Mest vanleg er 8 ringar i eit hjul. Ringane vert festa saman med nokre få kastesting på eine sida.

Vi set saman fleire hedebohjul til ei brikke.

Kva har laget gjort?

Stjørdal Husflidslag har hatt fleire kveldar der hedebosaum har vore temaet.

Vi starta med å laga ein hedeboring og alle fekk skriftleg materiale på korleis vi går fram. Seinare har vi hatt temakveldar med å laga julepynt der hedebosaum er utgangspunktet. Her har vi brukt bomullsgarn f.eks. Fiol og også brukt farga garn til både stjerner og nisse. Sjå foto.

Det vi laga har vore med på utstillingar i samband med at laget deltek på «Jul på Museet» og «Den store Museumsdagen» saman med Stjørdal Museum, Værnes.

Eit oppskrifthefte med hedebosaum brukt til jule- og påskepynt er under utarbeiding.

Kilder:

  • Gjertrud Saglie, Hedebosaum, Landbruksforlaget A/S 1982.
  • Artikkel i Stjørdalens Blad, 14. mars 1992 av Ivar Værnesbranden,i forbindelse med at Stjørdal Museum, Værnes, fekk material frå Rikke Bang, overlevert frå  Stjørdal Husmorlag.
  • Munnleg overlevering frå moster Bertha Mæland Nilssen