Til trass for flystreiken kunne ein delegasjon ungdomar frå Noreg reise til handverksleiren Young Craft i Danmark 29.juni. Til saman var det 16 stykk som reiste sørover, 11 deltakarar, tre kurslærarar og to reiseleiarar. Deltakarane og kurslærarane var alle i alderen 15 til 20 år og kom frå heile landet.

På Den danske Design- og Håndværksefterskole i Skjern var det samla 46 husflid- og handverksinteresserte  ungdomar frå heile Norden, som gjennom fem dagar kunne jobbe med ulike materiale og teknikkar. Alt frå smiding, sølvarbeid, veving, teppeknyting, spikking, saum i dongeristoff og tradisjonelle spiraltube-smykke lærte dei seg.

Leiren hadde eit stort fokus på berekraft og miljø, noko som ein såg att i det meste. I staden for å kjøpe inn profileringsmateriell med logo, var deltakarane bedt om å ha med seg ei brukt skjorte som ein kunne trykke på. Nokre av dagane var maten vå åt basert på restar frå førre måltid og alle kursa skulle ha berekraftig profil.

Alle ungdomane reiste heim med ein koffert full av gode minner og flotte handlaga skattar.

Sjå fleire bilete frå leiren her.