Er du mellom 7 og 12 år og interessert i trehandverk? Bli med på Barnas Treseminar i Bygningshistorisk park på Dovre laurdag 25. april mellom kl. 09.00 og 17.00.

 

Dette skjer på årets TREseminar for born:  

  • 09:00- 13:00 «Lafte ei lita løe» med Amund og Andreas Ljones
  • 13:00 –17:00 Spikke ei skjektepil med Jon Bojer Godal
  • 13:00- 17:00 Drop-in: Smiing på feltesse med Svein Olav Läppanen som er lærling på Hjerleid, saman med assistent

Pris 300 kr. Det er avgrensa med plassar. Det kan bli endringar i programmet.
Påmelding via TREseminaret sine nettsider.


«Laft ei lita løe» – Andreas og Amund Ljones
Fyrste del av dagen vil du kunne prøve kanskje landets kulaste byggesett. Her skal du få bygge eit lite hus med same teknikk som ein har bygd hus med i fleire århundre her til lands. Du vil få prøve deg på lafting, som vil seie å legge lag på lag med stokkar, som eit puslespel. Instruktørar på lafteverkstaden er Andreas Ljones, i lag med sonen Amund (12).

Foto: Andreas og sonen Amund Ljones tek deg med frå start til slutt i å lafte ei lita løe. Foto:  Trine Ruud Grønningen

 

Spikke skjektepil – Jon Bojer Godal
Vil du teste ut korleis born lærte seg å spikke på 40-talet? Kanskje oldeforeldra dine lærte det slik? Bli med når den dyktige ringreven Jon Bojer Godal syner deg korleis du kan lage ein morosam sak: nemleg skjektepil, samstundes som at du får god trening i grunnleggande spikketeknikk.

Skjektepila er blitt brukt i Telemark, Hordaland, Nordland, Troms og Finnmark som veit.  Gjennom å lage ei slik pil, vil vi få øve oss på mange grunnteknikkar i spikking, og ikkje minst kan den bli til ein morosam leikesak når ein er ferdig. Pila har tidlegare vore brukt til å fange ryper med blant anna. Vi har også med oss ein student frå Universitetet i Søraust-Noreg denne dagen.

 


Smiing
Stikk innom feltessa og lær deg grunnleggande smiing med lærling Svein Olav Läppanen frå Hjerleid AS.

Foto: Smedlærling Svein Olav Läppanen tek i mot store og små til ei økt med smiing utover dagen. Foto: Even Hansen

 

Andre aktivitetar mellom 12-17
Lokale lag og foreiningar vil kome til Bygningshistorisk park og halde ulike aktivitetar med tema smart tradisjonshandverk for alle som vil kome innom denne dagen, store som små. Kanskje får du tid i løpet av dagen til å besøke eit lag eller fleire?

Foto: Årets seminar for born vil pågå i Bygningshistorisk park. Her frå Barnas TREseminar i 2025 der Arild Larsen og Evelyn Utigard frå Norges Husflidslag heldt kurs i grøn sløyd.

 

Film: Even Hansen

 

Praktisk informasjon
Kle deg godt, sidan vi skal vere ute heile dagen.  Ta med matpakke, drikke, ein kopp og sitjeunderlag. Meir informasjon kjem.

Om Barnas TREseminar og Handverkslaboratorium
Barnas TREseminar er ein del av Handverkslaboratorium, som er ein aktivitetsserie over fleire dagar med utforsking, testing og skapande arbeid med hendene for barn og unge både i og utanfor skulen. «Handverkslaboratorium» er eit pilotprosjekt frå 2026 som går ut på at born og unge skal få teste seg på forskjellige former for tradisjonshandverk med ulike gode førebilete, med alt frå elevar og lærlingar ved Hjerleid til studentar og andre profesjonelle formidlarar. Nytt av året er ei ekstra satsing på handverksformidling som fagfelt.

Om arrangørane
Samarbeidsorganisasjonane Hjerleid Handverksskole, Hjerleid AS, Studieforbundet kultur og tradisjon, Gudbrandsdalsmusea, Dovre Handverk og Norges Husflidslag står bak arrangementet. Universitetet i Søraust-Noreg er med i årets samarbeid.

Har du spørsmål om påmelding?
Ta kontakt med prosjektleiar Ragnhild Angard
E-post: ragnhild@hjerleid.no telefon: 958 88 409

Kontaktperson for Barnas TREseminar er:
Evelyn Utigard,  Husflidskonsulent i Norges Husflidslag
E-post:  evelyn@huslid.no telefon: 416 85 397