Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
13. feb 2026|
Tekst: Evelyn Utigard|
Foto: Rebekka Kolvik|
Arrangement|
Den 7. februar gjekk årets handverkskonferanse i regi av Sparebankstiftelsen DNB av stabelen. Eit knippe unge handverkarar har stått for årets program der hovudlinjene kretsa kring temaet «tradisjon og innovasjon».
–Tradisjonsarv har ein stor samfunnsverdi, innleia styreleiar Idar Kreutzer frå Sparebankstiftelsen DNB årets Håndverkskonferanse.
– Det bidreg til å ivareta ein arv, men ikkje mindre viktig så bygger arbeid med å finne nye løysingar på erfaringar som allereie finst, sa han. Dette er nokre av grunnane til kvifor stiftinga held fram med satsinga Håndverksløftet, som er eit pågåande arbeid.
Publikum vart mellom anna introdusert for stipendiaten Siri Skjerve og Normørsmusea sitt doktorgradsprosjekt om handlingsbåren kunnskap i tradisjonshandverk og kunsthandverk. Handlingsbåren kunnskap kan også forståast som eit eige språk, meiner ho. Prosjektet har fått den fengande tittelen «Nevespråk».
Siri Skjetne fortalde om det nystarta PhD-prosjektet «Nevespråk», som vert utført på oppdrag frå Nordmørsmusea.
Av andre foredrag så kunne ein bli kjend med vevar Ella Solberg, som fortalde korleis hennar vevkompetanse kan bidra til livsmeistring og meining gjennom å tilrettelegge for skapande verksemd i ei vevstove ved institusjonen Helgeseter i Bergen.
Vevar Ella Solberg framfor ein fullsett sal, om kor meiningsfylt og viktig vev kan vere for fleire enn henne sjølv.
Naturgarvar Liv Olesen tok publikum med til «klasserommet», der ho nyleg har turnert med eit DKS-opplegg kring garving og sying i fiskeskinn. Ho fortalde at ho måtte justere opplegget fleire gonger, for å imøtekome elevar med manglande grunnleggande ferdigheiter i kompetansar slik som å tre i ei nål eller knyte knutar. Og at praktisk arbeid kan vere ein måte å setje eleven i kontakt med seg sjølv og i ein større miljømessig samanheng.
Bli kjent med handverket Arrangementet var like fullt ein arena for å bli kjend med andre handverkarar. Det vart sett av god tid til å besøke demonstrasjonar av alt frå gitar-, kostyme- og seglmaking til tømring og bandveving.
Smed Øystein Parelius Hatle skapte blest utanfor Sentralen denne februardagen.
Fredrik Schulstad svingte laftebila inne i Marmorsalen.
Seglmakar Marius Borg-Heggedal fekk vist fram yrket sitt for eit interessert publikum denne dagen.
Når unge tradisjonshandverkarar får bestemme menyen, vert det kompe og sveler.
Framtida til handverket Arrangørane ville gjerne høyre frå deltakarane om kva dei meinte var det viktigaste vi må gjere no for å sikre framtida til tradisjonshandverket. Dei inviterte eit knippe talspersonar frå Sparebankstiftelsen DNB, NHO Service og Handel, Tradisjonshandverk opplæringskontor og kompetansesenter, ein snekkarmeister og smed til panelsamtale.
Møbelsnikkar og tidlegare Homo Faber Fellow Marianne Bain (t.v.) leda paneldebatten med stødig hand.
Unge handverkarar fekk fortelje kva dei tenkte om framtida, og gav eit innblikk i kva som driv ein til å satse som tradisjonshandverkar. «Eg ynskjer at mitt handverk skal bidra til positiv samfunnsutvikling», sa bokbindarlærling Siri Marie Fjeld.
Den svenske øksegründeren Julia Kalthoff avslutta programmet med nokre inspirerande ord om kva for særeigne positive verknader det å vere i ein handverksprosess kan ha. Og korleis øksa som forlenga arm, kan opne for uendelege kreative moglegheiter.
Den kjende svenske øksegründeren Julia Kalthoff inspirerte publikum med sitt brennande engasjement for kva det å bruke øks gjer med ein.
Ellen Krageberg, direktør i Norges Husflidslag delte ut flyers til besøkande. Foto: Evelyn Utigard.
Dei unge arrangørane som har bidratt i planlegginga er:
Prosjektleiar Ingrid Kristine Lund, arrangør Sparebankstiftelsen DNB.
Til butikken
Din handlekurv er tom.