Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
5. sep 2024|
Arrangement|
På Nasjonalbiblioteket sin Handverksfestival 14. september kan du prøve deg på spikking med hjelp frå husflidhåndverker Mari Mosand og Ragnhild Gjems. Når du har spikka ferdig skeia, kan du kjenne korleis det er å ete graut med reiskapen du har laga sjølv!
I mellomalderen åt dei mykje graut her i Norden, og til det trong dei ei skikkeleg skei. Bestikk slik vi kjenner det i dag, kom først til Noreg på 1700-talet. På Nasjonalbiblioteket den 14. september kan du få prøve deg på å lage di eiga skei med hjelp frå to dyktige spikkarar. Spikkeverkstaden er gratis, vi står for alt utstyr og verktøy. Kafeen sel graut denne laurdagen, så når du har spikka ferdig, kan du kjenne korleis det er å ete med reiskapen du har laga sjølv.
Instruktørane for verkstaden er Mari Mosand og Ragnhild Gjems. Mari, også kjent som Krokvokst, er husflidhåndverker og har medvirka i heftet Grønn sløyd. Ragnhild Gjems kan du sjå i steg-for-steg filmane vi har laga laga basert på heftet.
Drop-in-spikkeverkstaden er ein del av Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket, der temaet i år er tekstil, mat og medisin i nordisk mellomalder, med foredrag, panelsamtalar og verkstader.
Får du ikkje tatt turen i helga? Sjekk ut heftet vårt Grønn sløyd – ei praktisk handbok og et inspirasjonshefte for deg som vil lære å spikke og forme ting i ferskt virke.
Til butikken
Din handlekurv er tom.