Du er logget inn som


 

Gunn Evensen

Tilbake

Rand og rose tekstilverkstad

Handveveri i Vest-Telemark med damask som spesialitet. Damaskvovne bunadstekstil, puter, lavendelputer, nåleputer, gratulasjonskort, bokmerke, jolepynt og anna. Eg lagar òg handdyppa trearma ljos, og nokre produkt i fillevev.

logo


Besøksadresse
Postadresse
Telefon
E-post


Vevnadene frå Rand og rose tekstilverkstad skal vere så tidlause, haldbare og funksjonelle at dei kan bli arvestykke. Dei skal vere berarar av minne og meining, men likevel vere laga for notid og framtid.
Besøk gjerne Facebook-sida mi for å sjå fleire bilete av produkta eg lagar, og for å sjå nyheiter. Av materialar brukar eg stort sett lin, norsk spælsau-ull og mohair. Fargebruken er rettleiande, og produkta kan leverast i fargar kunden vel sjølv. Ta kontakt på Messenger, e-post eller telefon dersom du lurar på noko om produkta, prisar eller kvar og korleis dei kan sjåst eller kjøpast. Eg har ikkje open verkstad og heller ikkje utsal/butikk der, men det er mogleg å gjere avtale om besøk i god tid på førehand.