Du er logget inn som


 

Kari Selnes

Tilbake

Eg har arbeida som kunsthandverkar sidan 1981 og har eigen verkstad med utsalg på Tornes i Romsdal. Eg arbeider med tekstiltrykk (silketrykk og blokktrykk) og innfarging. Produkta mine er i hovudsak interiørtekstilar – dukar, løparar, puter og veggtekstilar, i lin og bomull. Eg  trykker også skjerf i både ull og silke. Medlem i Norske Kunsthandverkarar og Norske Husflidhandverkarar.

logo


Besøksadresse
Postadresse
Telefon
E-post


Eg er veldig dedikert til sjølve handverket, det er viktig for meg heile vegen – frå idé, teikning, overføring til ramme og til sjølve trykkinga. Min hovedinspirasjon til motiver natur – former, fargar, vekster og dyr. Eg er oppteken av det dekorative, ornament m.m. Eg arbeider utifrå kvite eller naturfarga tekstil i lin, bomull, ull og silke.

I tillegg til produksjon av brukstekstil, tek eg på meg oppdrag med interiør utsmykking, og gjenskaping av gamle, trykte tekstil.

silketrykk
trykk på fløyel sommarfugl
pute i bomullsfløyel støvgrønn
linløparar grønn

 

silkeskjerf crepe de chine
ullskjerf

 

0