Du er logget inn som


 

Bjørg Hustad

Tilbake

Bjørg Hustad fekk Meisterbrev som handvevar i 2003. Ho var den fyrste handvevarmeisteren i landet etter at faget vart lagt under lov om fagopplæring i den videregåande skulen.

Grunnutdanninga i veving fekk Bjørg i 1968-69 i Bergen.
Sidan har ho vove, mest interiørtekstiler. I 1982 etablerte ho verkstaden Skyttel vev saman med Asbjørg Vestad. Etter kort tid overtok Bjørg drifta aleine.
Då ho starta med kyrkjetekstiler innsåg ho snart at ho trong meir kunnskap. Sidan vart det meir utdanning innan veving, kunsthistorie og næringslivskunnskap.

Bjørg har ansvaret for den dagleg drifta og produktutviklinga i verksemda. Ho er aktiv i fagmiljøet, og næringspolitisk saker bruker ho mykje tid på.

logo


Besøksadresse
Postadresse
Telefon
E-post


0