Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
9. sep 2025|
Arrangement|
Foto: Eva Brænd
Meld deg på her
Denne helga set me bandvev i fokus, særleg plukkeband vove i grindvev, på bandstøre, bandrei, og i bandvevstol. Me nyttar omgrepet «folkesymposium» for å tyde at på dette symposiet er me alle like, det vil sei at deltaking er heilt gratis, men opphald og mat må deltakarane sjølv betale. Overnatting kan bookes hjå Raulandsakademiet.
Folkesymposiet er tufta på tanken at menneske vil levera kulturarven sin vidare, gjennom likesidig formidling. Omgrepet folkesymposium er vår måte å seie at alle er like, deltakarar, arrangørar, føredragshaldarar, og demonstrantar skal betale kost og losji sjølv, men symposiet er derimot heilt gratis for alle. Alle bidrar med noko, mat, kaffi, opprydding, garn, osv.
Me ynskjer å samla fleire av Noregs dyktigaste tradisjonsberarar innan plukkeband. På symposiet skal me veva saman, dokumentera, formidla, og stifta kjennskap tvers fylkes- (og kanskje lande-)grenser. Me inviterer nøkkelpersonar i kulturlivet for å diskutere ivaretaking og forvalting av raudlista handverk.
Alle vel dugnasoppgåver ved påmelding.
Fredag
16-21 Ankomst og innsjekk for langvegsfarande og samvev
18-19 Middag
Laurdag
9-10 Registrering og Samvev
10-10.30 Velkomen Arrangørane fortel om mål for helga.
10.45-11.15 Føredrag Vestlandsbånd: Randi Stoltz og Åse Vatshelle fortel om arbeidet med boka og om registrering av band, mønster, materialval og oppveving av band
11.30-12 Føredrag Revitaliseringsarbeid i et minoritetsperspektiv med Helga Vara
12-13 Lunsj
13-13.30 Føredrag Bunad som held bandveving levande og verdien av eige arbeid med Mona Øvregård
13.45-14.15 Føredrag Camilla Honkainen Miller fortel om og demonstrerer veving av skogfinske band
14.15-14.45 Føredrag Bandvev for alle! ved Magnhild Peggy Jones Gilje
15-16 Butikk Handverksløa på Telemarkstunet held open!
16-18 Samvev Eldbjørg Breivik Smeland ynskjer velkommen til samvev med mønster over 13 trådar registrert i Åmli
19-21 Samvev
Sundag
9-9.30 Føredrag Eli Vesaas og Sigrunn Brattekås synar fram bandstøre og band frå Telemark
9.45-10.15 Føredrag Teknikk og mangfald i bandvev med William Riedlinger
10.30-11.00 Føredrag Bandvev frå Setesdal med May-Lis Flateland
11-11.45 Demonstrasjonar Bandstøre, bandvevstol og bandvevrei med Sigrunn Brattekås, Eli Vesaas og William Riedlinger
13-14 Samvev og farvel
Adresse:
USN Rauland
Akademiet 2, 3864 Rauland
Arrangerast av Kim Sølve Jacobsen v/ USN Rauland, Magnhild Peggy Jones Gilje v/ Norsk Håndverksinstitutt, William Riedlinger v/ Norges Husflidslag
Ein reiskap mange bandvevarar kjenner til og har brukt, men er berre siste lekk i ei lang kjede av bandvevreiskapar. Foto: Anne Bohnam
Bandrei i Agder og bandstøre i Telemark, denne reiskapen er blant dei eldste me kjenner til som var brukt til å veva band på. Foto: Eva Brænd
Denne reiskapen kjem frå grensetraktane mot Sverige, men i dag opptrer oftast i museum. Foto: Roger Johansen
Til butikken
Din handlekurv er tom.