Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
1. okt 2024|
Rødlista|
Raudlista: Davik og omegn Husflidslag har arbeidd med seising av garnkule som sin raudlisteteknikk, og hadde denne dokumentajsonen på trykk i heftet «Raudlista handverksteknikkar» frå 2015.
Davik og omegn Husflidslag har mange medlemmer som har vakse opp ved fjord og hav, og båt og fiske har vore ein naturleg del av kvardagen. Vi tok difor utgangspunkt i kystkulturen vår og ein teknikk som heiter seising av garnkuler. Nokon kallar dette også for knyting av garnkuler.
Teknikken var kjend for alle yrkesfiskarar frå slutten av 1800 til 1970-talet i Bremanger kommune. Den gong var det truleg bortimot 200 som kunne seise kuler. I dag er det få igjen, kanskje 5 totalt. Vi har snakka med Marta Myklebust frå Ålfoten, i indre del av kommunen, og Johan Vadøy frå ytre del, for å sjå om dei seiser kuler på same måte. Marta vert 97 år i februar 2014. Ho vaks opp i Ålfoten i ein søskenflokk på 5; 4 jenter og ein gut. Marta var den eldste av søskena. Faren var lærar, og familien budde i to rom; kjøkken og stove, i det gamle skulehuset som stod nede ved fjæra. Gangen delte dei med elevane. Det var ikkje store lærarløna, så sidan dei ikkje hadde gard, måtte dei spe på økonomien med å setje smågarn på fjorden.
Marta fortel gjerne om barndommen sin. “Det var ikkje vanleg at jenter styrte med dette arbeidet, men veslebroren vår, Harald, var 10 år yngre enn meg. Det var naturleg då at vi søstrene måtte hjelpe til. Gamlekarane syntest nok at jentene ikkje hadde noko på sjøen å gjere, men far lærte oss opp til å setje garn og dra dei. Det var ofte tungt arbeid, men eg hugsar karane hadde store auge då vi ein gong fekk 22 hyser i garna!
Far var ein nevenyttig kar. Då vi var jentungar, var det far som seisa kulene vi trong til fløyt på garna. Han laga nåler av koparplater til å binde hampetråd på glaskulene. Denne tråden, som var kjøpt i Hardanger, var sterk og tolte salt sjø og hard bruk betre enn bomullsgarn. (Nokre brukte sisal til å seise med). Det var viktig med tett seising for å bevare glaskula.
Ein rekna ca. 7 famnar tråd til ei glaskule. Det var smart å bruke ein flasketut til å starte opp seisinga”.
Marta gifte seg og vart lærar i Ålfoten fram til ho vart pensjonist. Ho synest det er kjekt å kunne dette handverket, og ho fortel at ho brukte teknikken mykje i yrket sitt då ho skulle lære elevane makramé i handarbeidsfaget. No har ikkje Marta seisa kuler på 80 år, men kunnskapen og handlaget har Marta teke godt vare på!
Johan er fødd og oppvaksen i Smørhamn, som opphavleg var ein handelsstad frå 1600-talet, der fiske var hovudnæring i alle år fram til slutten av 80-talet. Far og to brør dreiv i mange år fiske i lag på fiskeskøyta SF 74 B – Vadøy, ein båt på 57 fot.
Johan måtte tidleg lære å hjelpe til med vedlikehald av garn og anna utstyr. Allereie som 10-åring sat han og batt flyndregarn etter skuletid, og han måtte ofte hjelpe til med å bøte garn og seise kuler. Dette var rundt 1960. Det var sjølvsagt viktig å halde reiskap i orden. Han kan godt hugse all førebuinga til torskefiske kvart år.
Han fortel at det var vanleg å klargjere båten med 25 m lange garn som var montert saman til ”set” med ca. 30 – 50 garn totalt. Kvart garn hadde ca. 12 kuler pr. 25 meter lengde. Vi kan sjå for oss at det i ein slik haug med 3 set torskegarn var oppimot 1800 garnkuler! Eit minne frå då han var 12 år, er båten Vadøy som låg til kai i Smørhamn med torskegarn, og det skein i alle dei grøne garnkulene.
Eit imponerande syn for ein gutunge!
Johan lærte å seise kuler av far sin, og han held framleis denne handverksteknikken i hevd. Han bruker m.a. kuler til ”oppstå” på ruser og garn. I tillegg bruker han ringar av plast på garna. Plastringane kom i bruk blant yrkesfiskarane på slutten av 60-talet og har overteke funksjonen som garnkula hadde!
Johan er lærar og er oppteken av å vidareføre den kystkulturen han vaks opp med til komande generasjonar. Elevane får høyre om korleis det var å drive fiske i gamle dagar, og så får dei prøve å seise garnkuler og lage andre ting av tauverk.
Raudlisteprosjektet var første gong publisert i Sogn og Fjordane Husflidslag sitt hefte «Raudlista handverksteknikkar» i 2015 med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Kontaktinformasjon: Davik og omegn Husflidslag
Om Raudlista: Raudlista er ein landsomfattende dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i handverkskunnskap som står i fare for å bli gløymd. Husflidslaga vel sjølv teknikkane dei vil arbeide med.
Til butikken
Din handlekurv er tom.