Raudlista: Lærdal Husflidslag har arbeidd med garnbøting som sin raudlisteteknikk, og hadde denne dokumentajsonen på trykk i heftet «Raudlista handverksteknikkar» frå 2015.

Not og garnnål

Fiske var ei viktig attåtnæring til det jordbruket ein kunne drive langs fjorden. Det var viktig å ta vare på det ein hadde av reiskap og utstyr. Å kunne bøte eit garn var difor eit handverk det var godt å kunne

Ikkje alle kunne dette handverket, så i fjordbygdene i Lærdal var Jacob Natvik på Fodnes ein som vart brukt til denne jobben, både i Erdal og i Vindedalen.

Garna vart sett over kvar vår, for at dei skulle vere klare til sommarfiske. Heime var det fast bøtedag på måndagar. Det var fiskefreding mellom fredag kl. 18.00 og måndag kl. 18.00. Då var det viktig å ha garna heile og klare til dei skulle i sjøen att så snart fredingstida var ute.

Reiskapen Jacob brukte var ei garnnål. Tidlegare brukte ein hampetråd, men då nylongarn vart vanleg gjekk ein over til det.

Skader på garnet oppstod når fisken sette seg fast, og særs når kobben hadde vore og forsynt seg.

Før ein kunne byrje arbeidet måtte ein leggje garnet utover, slik at ein kunne sjå kvar og kor mange hol det var. Der det var hol, måtte ein klippe vekk alle lause trådar.

Når ein skulle byrje bøtinga, skulle ein alltid byrje på ein ”trelegg”. Det vil sei på ein knute det var att tre trådar.

Det skal vere fire trådar som går ut frå kvar knute inne i garnet. Tre trådar i kantane.

Ein laga lause masker, for det skulle vere plass til fire knutar i kvar maske. Ein måtte passe på at alle maskene var like store og at det vart passeleg stramt.

Ein skulle også avslutte arbeidet på ein ”trelegg”.

Så var garnet klar til å setjast i sjøen att!

Kjelde: Svanhild Hauge

Raudlisteprosjektet var første gong publisert i Sogn og Fjordane Husflidslag sitt hefte «Raudlista handverksteknikkar» i 2015 med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Kontaktinformasjon: Lærdal Husflidslag

Om Raudlista: Raudlista er ein landsomfattende dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i handverkskunnskap som står i fare for å bli gløymd. Husflidslaga vel sjølv teknikkane dei vil arbeide med.