Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
13. sep 2024|
Rødlista|
Raudlista: Voss Husflidslag sin raudlisteteknikk er filerte forkleborder til bruk i bunadsforkle til bunaden på Voss. Teknikken er og brukt til andre bunader i distriktet.
Forkleborda er filert på ein botn – eit nett som kan vera handknytt eller maskinlaga. Den er filert med bomullstråd på eit nett framstilt av bomullstråd. Å knyta nett er det svært få i vårt område som kan. Kunsten å filera er nok meir kjent, og det er fleire som kan den. Men det har vore svært vanskeleg å få tak i nett av rett kvalitet dei siste 25 åra. Slik har nylaga filerte forkleborder nesten blitt borte. Under prosessen med å samla inn border, kurs me har halde og arbeidet med boka viser det seg at interessa har vore der, og det viser seg at mange har kjennskap til og kunnskap om filering.
Til arbeidet treng du nett, broderi-ring, og nåler.
Å beskriva teknikken på ein enkel måte er ikkje enkelt, då må nok du kjøpa boka. På bileta ser du døme på knyting av nett og stopping i nettet.
Bakgrunnen for prosjektet er interessa for bunad generelt og særleg for at det finns eit større mangfald innanfor utforming av broderi, perlearbeid etc. som no held på å bli borte. Fokuset i prosjektet har vore på eitt element og ein variant i bunaden vår. Det er blitt mange like kopiar og altfor mange tilnærma like forkle, så det vert viktig å henta fram og ta vare på mangfaldet i mønstera.
Det er heldigvis fleire som kan filera i dag, men dei fleste er nok eldre. Bjørg Kvarekvål er nok den som har halde tradisjonen mest vedlike, og har villig lært den vidare. Interessa er stor. Me har hatt kurs i sjølve fileringsteknikken og i det å knyta nett. No har og yngre meldt seg på kurs og lært seg teknikken. Det lovar godt for framtida.
Det er lite detaljert dokumentasjon om bunadsforkleda våre i skriftelege kjelder. Desse detaljane har nok vore tradisjonsboren kunnskap formidla frå ein generasjon til neste. Det har blitt funne mange forkle på «kistebotnane» i bygda, og me trur at det finns endå meir. Folk er svært ivrige til å fortelja om og vil visa oss kva dei har.
På Voss folkemuseum har dei en del forkle med filerte border, det same på Hardanger Folkemuseum, Utne. Alt dette har me samla i boka vår Filerte forkleborder tradisjon og mangfald som framleis er å få kjøpt. Me hadde innlegg i lokalavisa og det fekk respons hjå ein del. Når me så deltok på messe vart det langt fleire som tok kontakt. Dei eldste forkledea me fann har me tatt bilete av og hatt med på utstilling er frå tidleg 1800.
Eitt av dei eldste forklea me hadde på utstillinga.
Filering finn me fleire plassar i Noreg, men brukt i forkleborder finn me på Voss og noko i Hardanger og Fusa. I Valdres finn ein teknikken i Konerull og julehandkle og i Brudeplagg frå Telemark. Fleire stader vert den og brukt til dukar etc, men då med ein litt anna stoppeteknikk enn det me brukar.
Filering er ein svært er gammal teknikk og nytta mange stader i verda, men ikkje akkurat slik me brukar den. På digitalmuseet.no finn ein ein del materiale, og Institutt for bunad og folkedrakter var på Voss hausten 2020 og fotograferte og registrerte 52 forkle. Me har ikkje per no oversikt over kor langt dei er komne i sitt arbeid.
Styret valde teknikken filering av forkleborder. I starten var det å læra seg teknikken og å læra den vidare på kurs som var i fokus. Etter kvart kom tanken på at dette og måtte nedskrivast slik at det vart tatt vare på for ettertida. Å få fram mangfaldet i mønster vart og viktig, så me enda opp med å laga ei bok; Filerte forkleborder; tradisjon og mangfald. Det er ei lærebok om å knyta nett, filera i nettet, og montera borda til forkle. I tillegg inneheld boka ein historisk del.
Laget og forfattarane har halde kurs både i knyting og filering. Det siste i den grad det har vore mogleg å tak i brukande nett. Då boka var ferdig, hadde me bokslepp på Voss folkemuseum. Der hadde me også ei utstilling av forkle i samarbeid med museet. Me har og vore inviterte til fleire husflidslag og ungdomslag for å fortelja om prosjektet og boka vår. Lokale bokhandlar, Husflidsbutikken på Voss og i Bergen sel boka vår. Ho er og å få kjøpt ved å kontakta Voss Husflidslag.
Kjelder:
Kontaktinformasjon: Voss Husflidslag
Om Raudlista: Raudlista er ein landsomfattende dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i handverkskunnskap som står i fare for å bli gløymd. Husflidslaga vel sjølv teknikkane dei vil arbeide med.
Til butikken
Din handlekurv er tom.