Det er ei glede å kunne ønske velkommen til to dagar med inspirasjon, interessante foredrag, aktivitetar og festmiddag 28.-29. oktober 2024. Det faglege står i høgsetet på Fagdagane, men det gjer også det sosiale samværet. Fagdagane er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk Folkedraktforum, og Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Fagdagane er for alle som arbeider med, eller er interesserte i folkedrakt og bunad.

Praktisk informasjon

  • Tema: Frå den store verda til norske bygder: moteimpulsar. Korleis har impulsane utanfrå sett spor i norsk draktskikk? Korleis var kontakten med omverda? Kvar kom impulsane frå, og korleis vart dei mottekne på dei norske bygdene?
  • Tid: måndag 28. oktober kl. 12 til tysdag 29. oktober kl. 15
  • Stad: Thon Hotel Vettre, Konglungveien 201, 1392 Vettre i Asker
  • Pris: Kr. 3.950 (deltakaravgift, overnatting frå måndag til tysdag, lunsj og festmiddag måndag, frukost og lunsj tysdag)
    Kr. 3.200 (deltakaravgift, lunsj og festmiddag måndag, frukost og lunsj tysdag)
  • Påmelding: 9. august – 20. september

Meld deg på her.

Måndag
10.00    Registreringa opnar
12.00    Lunsj
13.00    Velkommen
13.10    Bunadbruk på UNESCO-lista – kva no?

13.20    Camilla Rossing: Europeiske impulsar til Norden
Camilla Rossing er leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Hennar foredrag handlar om korleis folk her nord har tatt mot, forstått og tolka moteimpulsane som har komme utanfrå. I dei tradisjonsprega folkedraktene kan vi finne spor etter slike impulsar, gjerne frå fleire ulike stilperiodar samstundes.

14.00    Ragnhild Hutchison: Handel, import og toll-lister
Ragnhild Hutchison er historikar med doktorgrad frå EUI i Firenze, og er i dag leiar for Tidvis som driv interaktiv forskingsformidling. Ho har også arbeidd med prosjektet «Historiske toll- og skipsanløpslister», og det interaktive prosjektet «Oslo havn 1798». Ho har særleg arbeidd med spørsmål knytt til økonomisk utvikling og globalisering på 1700-tallet.

14.45    Pause

15.00 – 17.00    Plagganalyse
Deltakarane får vere med på å analysere ulike historiske plagg. Dei blir delte inn i grupper, og brukar 20 minutt med kvart plagg saman med ein konservator. Konservatoren utfører analysen av plagget, og deltakarane kan stille spørsmål og sjå på plagga under digital lupe.

18.30    Førdrikk i lobbyen
19.00    Festmiddag

Tysdag
09.00    Kurs i småteknikkar*
Tema for kursa i år er broderi og band. Du kan også velje ei diskusjonsgruppe som alternativ til kurs. *Sjå liste over kurs under.

11.00    Pause og utsjekk

11.30   Ordet er fritt
Benedicte Emilie og Kristin Magret Brækken, Såme: Skredder og kunde – korleis finner vi kvarandre? Tilverkar sin rolle i eit moderne, digitalt samfunn
Hans Munkevik / Filmkonsulentene: Digital støtte til lærer og elev i Bunadtilverkarfaget

12.00    Lunsj

13.00  Kristin Gulbrandsen: Hovudplagg
Kristin Gulbrandsen er utdanna herreskreddar og arbeider som førstekonsulent ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Ho har lang erfaring med historiske rekonstruksjonsprosjekt, og foredraget hennar handlar om korleis den europeiske moten har påverka dei tradisjonelle hovudplagga vi finn i folkedraktene våre.

13.45    Åsa Elstad: Fiske, mote og væreigarar i nord
Åsa Elstad har utdanning i tekstilforming og ein dr.art.-grad i historie, og har arbeidd med kvinne- og kysthistorie gjennom mange år som konservator ved Museum Nord. Ho har skrive fleire bøker om emnet, mellom andre «Trådar frå fortida», frå 2023, som ho vil fortelje om i foredraget sitt.

14.30    Avslutning

 

Kursa er no fullteikna, med unntak av diskusjonsgruppe

Kurs
Tema for kursa i år er broderi og band. Du kan også velje ei diskusjonsgruppe som alternativ til kurs. Dette er ein del av programmet og går parallelt tysdag fra kl. 9. Kursa/diskusjonsgruppa varar i cirka to timar, og er inkludert i deltakaravgifta. Vi ber alle deltakarar velje kva for kurs eller gruppe dei vil gå på. Dette gjer du når du melder deg på, her er det førstemann til mølla-prinsippet. Ein kan også velje å ikkje delta på kurs eller samtalegruppe.

Else Johnsrud – Tamburering
Tamburering blei mye anvendt på 1800-tallet til dekor på tørkle forkle mm. Teknikken blir utført med luftmasker, hekla direkte på stoffet, som er spent ut i ei ramme. Dette er ein morosam og dekorativ teknikk, som raskt gir eit imponerande resultat.

Barbro Storlien – Silkebroderi
Tradisjonelt har ullgarn vore det vanligaste broderigarnet i Norge, men silke har også blitt brukt. Sjølv om stinga er dei same er det andre utfordringar når du jobbar med glatt silkegarn, og dei kan du få utforske på dette kurset. Vi broderer kontursting, franske knutar, plattsaum og sjattersaum med fransk silkegarn på silke. Kurslærar har med materialpakke som inneheld påteikna stoff, silketråd, nål og broderiplansje.

Agnete Sivertsen – Smøyg
Smøyg er ein svært gamal broderiteknikk, som i utsjånad liknar på veving. I Hardanger har den vore mykje nytta på bringklutar og belte. På bringklutane er smøygen sydd i fleire fargar, og gjerne nytta saman med andre broderitypar som plattsaum og kjedesting. Smøyg er og nytta på skjortekragar og på kaps. Då vert den kalla svartsaum, og er sydd med einsfarga, svart tråd, som oftast silketråd, på fin, kvit lin. På dette kurset får du ein smakebit av smøyg, og kan sy ein prøvelapp.

Bodil Dago – Pinneband
Pinneband, også kaldt stångband eller bregdaband er fletta band. Det som skil sprang og pinneband frå anna fletting er at trådane er festa i begge endar, noko som gjer at bandet veks frå begge endar, og vert avslutta på midten. Denne måten å flette band på er kjent fleire stader i verda. I Norge kjenner vi teknikken frå seinare tid først og fremst i Østerdalen og Gudbrandsdalen, og pinneband med liknande design som dei norske er også kjent i Sverige og Finland. Pinneband har vore brukt på mange måtar i eldre draktskikk, som skjerf, både rundt livet på paradeuniformer, og som muddband til å halde kjørepelsen saman med, som strømpeband og som stutteband til å stutte opp stakken, enten for å kunne vekse i den, eller for å kunne arbeide. Som vist på bildet under er pinnebandet, i motsetnad til vevde band, elastisk i breidda. Arbeidet vert spent opp på ei bandstang eller mellom to skrutvinger på ein planke. Til flettinga brukar ein berre fingrane og pinnar til å halde orden på skillet.

Magnhild Peggy Jones Gilje – Grindvevanalyse
Introduksjon til analyse og registrering av grindvevde band med plukkmønster. Vi går gjennom korleis ein analyserer og registrerer eit band. Praktisk avteikning av mønster og renneliste. Vi tar opp spørsmål som; Kva slags verktøy kan ein nytte? Kva detaljer bør ein sjå på? Kva er formålet med registreringa, og korleis kan ein gjere ei registrering som kan komme andre til nytte ved eit seinare tidspunkt. Vi ser på bruk av vevde band i folkedrakt og i dagens bunadbruk.

Mona Øvregård – Brikkevev
Kurslærer arbeider med tradisjonshandverk innan bunader og folkedrakter med hovudfokus på Telemark, der veving av belte og forkleband er ein viktig del av drakta. Under minikurset får du rettleiing i korleis lage renning og tre brikker, og korleis ein med enkle knep også vev belte med magebelte. Deltakarane får teste å veve eit prøveband på ferdig tredde brikker for å lære rytmen i veven, skifte innslagstråd, øve på rydding i garnsurret og snuing av brikker.

Kjærsti Gangsø m.fl. – Diskusjonsgruppe om bunadbruk
Sidan 2017 har Norges Husflidslag, Norsk folkedraktforum, Noregs Ungdomslag, Studieforbundet kultur og tradisjon, og Norsk institutt for bunad og folkedrakt arbeidd med ein nominasjon av den allmenne bunadbruken i Norge til UNESCOs representative liste over immateriell kulturarv. Nominasjonssøknaden, sendt frå Kulturdepartementet mars 2023, vil etter planen innskrivast på UNESCO-møte i Paraguay i desember i år. Vi som står bak nominasjonen, er no i gang med å utarbeide ein handlingsplan for vern og vidareføring av bunadbruk og -produksjon for åra 2025-2030. Vi inviterer derfor deltakarane på Fagdagane til å bidra med innspel til ein slik handlingsplan. Vil du vere med på høgtenking og refleksjon om kva vi kan gjere, kva vi kan be Staten Norge gjere og korleis vi skal følgje opp innskrivinga er dette staden for deg.