Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
Nettbutikk
Min side
5. sep 2026|
Tekst: William Riedlinger, NH|
Foto: Lene Storhaug, NU |
Arrangement|Bunad og folkedrakt|
Fagdagane i bunad og folkedrakt på Fagernes 1. og 2. september i år hadde tema strømper, sko og tilbehøyr. Over hundre av landets mest kunnskapsrike bunadstilverkarar, vitarar, og underleverandørar samla seg på Scandic Valdres for å lære meir, bli kjend, og nørde i lag
God stemning i den bunadkledde forsamlinga.
Arrangementet er eit samarbeid mellom dei fem aktørane Norges Husflidslag, Norsk folkedraktforum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Noregs Ungdomslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Programmet vart opna av Kjærsti Gangstø, dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon, med fine ord om kva me kunne glede oss til desse dagane, samt eitt minutts stille til minne om Kong Harald. Ole Aastad Bråten, direktør ved Valdresmusea, heldt opningstala, og inviterte oss inn til to dagar med fagleg påfyll om bunad, folkedrakter og fottøy.
Årets kurs
Kursa i år hadde med temaet sko og fottøy å gjera, i alle former. Agnete Sivertsen heldt kurs i strikking av sjonaleist, Kim Sølve Jakobsen i arbeid med siv, og Ragni Engstrøm Nilsen i bruk av DigitaltMuseum som verktøy for draktforsking, Hanne Yndestad Aadland i bregding av sokkeband og Hege Kleven i rosesaum. Dei som heller ville ut på vandring fekk omvising på instituttet si utstilling «Fyrstedamer i bunad».
Fleire føredrag under Fagdagane
Kristin Gulbrandsen frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt leia oss gjennom det fyrste føredraget på programmet, om funn frå samlingane. Instituttet sine samlingar og registreringar gjev ei rik oversikt over kva nordmenn har hatt på beina opp gjennom historia. Føredraget fungerte som ei innleiing for daganes faglege innhald, og gav oss noko å prate om under lunsjpausen.
Nina Granlund Sæther heldt føredraget «Varm og elegant på føtene» om strømpetradisjonar i og utanfor Noreg. Faktumet som slo skribenten mest var at mønsterbøker med mange mønster me ville kjend godt att i dag vart produsert allereie så tidleg som på 1500-talet og ville påverka norsk strikkekunst og mønsterforståing alt kort tid etter.
Så fekk me fire lengre føredrag om sko og fottøy frå ulike delar av landet. Fyrst ute var Marta Linga som fortalde om Krotasko frå Hardanger, og hennar mastergradarbeid om å dokumentere og rekonstruere sko av denne typen. Arbeidet ho hadde gjort var grundig, ikkje berre hadde ho oversikt over utbreiinga og førekomsten av skotypen i Hardanger, men ho hadde fordjupa seg i praksisen til handverket. Ho gjorde heile prosessen og formidla levande i bilde og framsyning av verktøy, om alt frå garving til pauting av læret og saum av skoen.
Elle Marit Eira, tidlegare lektor ved Samisk Høgskule og duojár, fortalde om samiske fottøy og beinklede. Hennar føredrag vart gjort endå meir levande med ei lita utstilling av fottøya ho hadde snakka om slik at me kunne ta på og sjå dei i detalj. Elle Marit kunne gje innsikt i eit spørsmål som hadde vore gjennomgåande begge dagar, det om høgre og venstre. Ikkje politisk parti, det var tross alt borgfred desse dagane, men kor vidt skoen skulle tilpassast dei spegelvende formene til føtene. Elle Marit opplyste at skallar, føttøy brukt både til kvardags og fest, var alltid laga «rakleist», altså utan høgre og venstre. Dei skulle bytast om slik at dei aldri tok form etter foten. Kom det avtrykk etter stortåa skulle ein bruke ein pinne for å lage same merke på andre sida av skallen.
Audny Grønli og Marit Abrahamsen frå Bleikvassli Husflidslag fortalde om ullsko og -støvlar frå Helgeland. Begge har vore aktive utøvarar og kunne fortelje levande om prosessane bak desse tova skorne som held føtene varme i kalde innlandsvintrar i nord. Publikum vart tekne med på alt frå karding, toving og stikking, til montering, liming, og finish. Audny hadde med seg sko til store og små, nokre i milde fargar, men dei fleste i gøyale og prangande fargar skapt spesielt for beraren.
Siste føredrag var av skomakar Heidi Brattsti. I føredraget «Spesielle detaljer ved tradisjonelle sko» fekk me eit djupdykk i alle dei snåle detaljane skomakarar før i tida kunne finne på å ha på skorne dei lagde. Øyre, pløse, pampus, og tustelås var nokre omgrep me kunne bli kjende med og få sjå i bruk i gamle sko.
Speakers’ Corner
Stipendiat ved Norsk Håndverksinstiutt Dina Harkmark Lie var fyrst ut i Speakers’ Corner med eit innlegg om sko ho jobbar med å rekonstruere. Så lærde me om produksjon av tresko på Vestlandet ved Hanne Yndestad Aaland frå Norsk folkedraktforum. Neste talar fekk oss til å lyfte blikket og sjå utover Nordsjøen. Ingrid Haugnes fortalde om sitt prosjekt saman med den skotske kunstnaren Owen Snaith om å finne identitet og kulturarv i tradisjonelle klede. Bunadar, tartan, spelsau, kilt, lyng, og tistel gjekk om einannan for å danne ei forståing av det felles og unike klessskapet til desse Nordsjø-kulturane. Hausten 2027 skal det haldast føredrag ved Nasjonalmuseet og V&A Dundee i Skottland. Speakers’ Corner var avslutta med ei kjapp framvising av Nasjonalbibliotekets Nettbibliotek og potensialet det har i draktforsking, ved Maria Björkroth.
Varemesse
Under Fagdagane kunne alle svinge innom varemessa, som i år var den største nokon gong. På varemessa kunne ein både kjøpe frå og bli kjend med forhandlarar av sylv, stoff, band, sko, lêr, og tenester. Opplysningsarbeid var også synleg på varemessa, Norges Husflidslag hadde vervestand, informerte om Bunadglede, og selde bøker. Norsk folkedraktforum hadde ei utstilling om strømper og hoseband i rekonstruerte bunadar, og Norsk institutt for bunad og folkedrakt hadde stand om sitt arbeid med å hjelpe bunadtilverkarar med å finne rette materialar og teknikkar for sine bunadar.
Bli med neste år
Om du får lyst til å vera med neste år, så kjem Fagdagane til å finne stad til cirka same tid, i starten av september. Følg med i Norges Husflidslag sine kanalar for å få beskjed om dato og stad. Me sjåast!