Årets Dyrsku går av stabelen 8.-10.september 2023. Dyrsku’n i Seljord er landets største møteplass for landbruk, lokalmat, handverk og husflid m.m. Kvart år kjem kring 90 000 besøkande for mangfaldige opplevingar og handel.

Har du lyst å selge dine varer på årets messe? Påmeldinga til Hall A: Utstillarhallen for design, husflid og handverk på Dyrsku’n er no open. Meld deg som utstillar innan fristen 1. februar.

Om Hall A på dyrsku’n

Hall A er ein heilt eigen hall for utstillarar innan husflid, handverk og design. Salshallen ein unik og viktig arena for å tilgjenggjere og selge kvalitetshandverk og teknikkmangfald frå heile landet.

Dyrsku’n prioriterer utstillarar som har design, husflid eller handverksproduksjon som næring, nye utstillarar som ynskjer å utvikle seg frå hobby til næring og yngre handverkarar som er i etableringsfasen. Ei fagnemnd avgjer utstillarar basert på innkomne søknader. .

Norges Husflidslag oppfordrar husflidshandverkarar og alle som jobbar med næringsretta handverksproduksjon i heile landet til å søke standplass til hausten.

 

Slik søker du

Søk standplass her

Les meir om kriterier for deltaking her

Les meir om pris her

Søknadsfrist 1. februar 2023

 

Kanskje du også vil melde deg på landets største design,- husflid og handverkstevling? 
Les meir om tevlinga og fylg med på kåmande oppdateringar her. Informasjon om påmelding til handverkstevlinga kjem snart!