Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
1. sep 2024|
Arrangement|
Velkommen til årets største fest for husflid, handverk og design på Dyrskun 2024. Vi kan love ei spennande helg for deg som likar husflid! Helga 13.-15.september brakar det heile laus. Her er ei oversikt over mykje av det spennande som skal skje, og som Norges Husflidslag er involvert i.
Norges Husflidslag jobbar med Dyrsku’n året rundt i samarbeid med Dyrsku’n AS og Vest-Telemark Museum. Norges Husflidslag har fagansvar for nasjonal tevling for husflid, handverk og design og jobbar for å styrke husflid og handverk på Dyrsku’n i alt frå tevling til salshall og synleggjering av både nyetablerte og etablerte handverkarar.
Hall A: Salshallen for husflid, handverk og design Hall A, eller salgshallen for husflid, handverk og design blir i år å sjå i ny drakt, og her kan publikum møte mange av medlemmane i Norske Husflidhåndverkere, samt mange andre dyktige handverkarar. Det vil også vere ein eigen informasjonsstand med Norske Husflidhåndverkere, kvar vi vil vise fram og promotere handverkarmedlema våre, også dei som ikkje har høve til å delta fysisk på Dyrskun.
Årets gjesteutstillar i Hall A er husflidhåndverker Anne Kristine Mjelva. Hun har hatt eget keramikkverksted siden midten av 80-tallet. Arbeidene er hovedsakelig vaser og store krukker brent i ulike rakuteknikker. Naked raku, hvor hun får fram et rent, svart/hvitt marmorlignende uttrykk, er den brennemetoden som tiltaler henne mest. Her er det ingen glasur som dekker overflaten og selve formen. Her er det kun karbonet fra røyken som trenger inn i selve godset og resulterer i en fusjon av form og overflate. I sluttproduktet finnes mange nyanser av ofte blankpolert sort og hvit overflate som regel i kontrast til røft, svart upolert gods. Grunnet skifte i årstider, brenner Mjelva ikke raku hele året. Hun brenner også elektrisk. Vaser og krukker er hennes hovedtema, men hun produserer også annen funksjonell brukskeramikk.
Nytt av året er også en kuratert utstilling i salgshallen, med produkter frå alle utstillarane i hallen. Det er Norges Husflidslag som har kuratert utstillinga. Her vil det også bli demonstrasjonar av husflidshandverk.
Hall B : Nasjonal tevling for husflid, handverk og design Opplev husflid, handverk og design frå heile landet og besøk Nasjonal tevling for husflid, handverk og design som Norges Husflidslag er med på å arrangere. Over 150 arbeid har vore med i tevling om gjeve premiar og prisar.
Årets særutstilling: “Bord dekk deg” Velkommen til staseleg dekt bord med særutstillinga «Bord, dekk deg!». Publikum kjem til dekt bord, med keramikk, tekstilar, glas, smidde gjenstandar og trearbeid frå nokre av dei framste handverkarane i landet. Les meir her.
Postbanken: Telemark Husflidslag 100 år Opplev husflid frå kvar ein krik og krok i Telemark. Hels på husflidsengasjerte som held kulturarven levande. Utstilling, demonstrasjonar, loddsal.
Gongestogo Handverksteknikkar og byggeskikkar v/ Fortidsminneforeninga Hanne Roholdt: dekketøy frå tre generasjonar, tekstilar og gjenstander frå ulike tidsepokar
Sterke-Nils-tunet – husflid og handverk for heile familien Engasjerande husflid og handverk for store og små! Prøv deg i smia, på nupereller, syteknikkar spikking, trådsløyd og masse meir! Møt ein halmbindar og ein salmaker og masse meir.
Tett-på teltet Laurdag, kl. 15: Telemark Husflidslag 100 år. Et historisk tibakeblikk. Foredrag ved Geir Berge Nortveit (Tett på -liten) Sundag, kl. 15: Høgtideleg premieutdeling for husflid og handverk. Prisutdeling ved Agnete Sivertsen, styreleiar i Norges Husflidslag m.fl. (Tett på – stor)
Inngangsporten for husflid og handverk (NY ARENA) Prøv deg på ein husflidsquiz for born og unge, og vinn flotte premiar!
Møt unge handverkarar i det splitter nye inngangspartiet for husflid, handverk og design.
Til butikken
Din handlekurv er tom.