Test kunnskapane dine om husflid og handverk i denne kvissen. Kor mange klarer du?

Foto: Nagarjun, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Du finn fasiten heilt nedst. Der finn du òg ein PDF-versjon av quizen om du vil printe han ut. Lukke til!

1. Kva for farge gjev planten vaid?

a) Raudt

b) Grønt

c) Svart

d) Blått

2. Kva heiter teknikken der ein formar motiv i lêr med ein butt reiskap?

a) Rissing

b) Pressing

c) Pauting

d) Skjering

3. Kva land kjem folkedrakta i biletet frå?

/What country does this folk wear come from?

Foto: Ingen kjente rettigheter, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

a) Kina

b) Grønland

c) Island

d) Indonesia

4. Kva blir ein nøstepinne brukt til?

a) Sjekke at kaka er ferdigsteikt

b) Lage garnnøste

c) Få ut trådenden frå innsida av garnnøstet

d) Til å hengje nøstet frå beltet

5. Ikkje berre Noreg fekk sine folkedrakter skrive inn på UNESCOs immaterielle kulturarvliste i 2024. Chosŏnot vart innskriven same år. Kva land kjem denne drakta frå?

Foto: 魯班, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

a) Sør-Korea

b) Taiwan

c) Turkmenistan

d) Nord-Korea

6. Dette festkledde paret er fotografert i tradisjonelle drakter frå Ukraina. Kva for del av drakta snakkar me om når me snakkar om «vysjyvanka»?

Foto: Star61, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

a) Buksa

b) Tørkledet i hendene

c) Beltet

d) Skjorta

7. Gudbrandsdølane og Maasai-folket i Kenya og Tanzania har meir til felles enn ein skulle tru. Kva for europeisk land er blitt hevda å ha gjeve inspirasjon til både Gudbrandsdalen sine geometriske bunadstoff og Shúkà, plagget desse danseglade karane har på seg?

Foto: Nagarjun, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

a) Noreg

b) Skottland

c) England

d) Danmark

8. Kiper var vanlege på Vestlandet og godt å ha når ein skulle hauste eple, samle husmose eller plukke potet. Korleis er botnen på kipa laga?

a) Han er laga av ei treplate

b) Han er fletta av trespon

c) Han er laga av stoff

d) Kiper har ikkje botn

9. Spesielle kunnskapar trengs når ein skal smi dette spesielle handverktøyet som borer koniske hol i trevirke. Kva heiter dette verktøyet?

a) Pren

b) Skralle

c) Navar

d) Sag

10. Robert O’Connor har 40 års erfaring med instrumentbygging. Han bygger cláirseach, eit instrument som i dag er eit nasjonalt symbol for heimlandet hans. Kva instrument bygger Robert O’Connor?

a) Fele

b) Harpe

c) Fløyte

d) Sekkepipe