Du er logget inn som


 

Norsk Flid Husfliden Hallingdal

Tilbake

Bærekraft er en del av vårt DNA. Det er selve historien vår. Fremfor alt er vi butikken for de varige produktene, de du bruker og bruker og bruker igjen. De du reparerer og pleier. De du holder fast ved fordi det er noe med dem, noe som gir mening og glede. En tur i butikken vår er en reise i bærekraft og varighet, et solid motstykke til en konsumkultur som lenge har vært på overtid.

logo


Adresse Sentrumsvegen 120
Postadresse 3550 GOL
Telefon 32084060
E-post
Nettside

FESTBUNAD, NES
Festbunaden for kvinner kom på slutten av 1700-talet og utover 1800-talet, då ”Empire-moten” med høgt liv, var rådane i Europa. Frå gamalt vart den brodert på frihand, seinare vart det påtegna mønster på klede. Ullbroderi i friske farger er eit kjenneteikn for Hallingsaumen. Det er ulike broderi å velge mellom.

På Nes vart det frå gamalt av brodert rett på stakken, men i dag kan ein og ha broderte band nede på stakken. Det blir brukt forklede i rutete ullstoff eller blomstrete ullmouseline. Det svarte stakkestoffet er anten to-skaft eller smokingstoff. Skjorta er i kvit bomull med kvitsaumsbroderi. Tradisjonelt bunadssylv er Hallingheng med spenner, halsring og ei stor sølje. Om ein brukar stutt-trøye / jakke til bunaden kan ein ha på seg bringeklut, fyrierma og eit laustsitjande silketørklede som er knytta på sida. Silketørklede kan og bli knytta over luva. Om ein ikkje har stutt-trøye kan ein bruke ullsjal. Vinterstid kan ein bruke Køyrekjol, som er lang og dekkjer heile bunaden. Køyrekjolen vart brukt i heile Hallingdal. Veske med broderi høyrer til.

MANNSBUNAD, KVITTRØYE
I det store og heile har det vorte nytta same slags mannsbunadar i heile Hallingdal. Mannsbunaden kom i bruk på 1700-talet og modellane har vorte påverka av bl.a. uniformsjakker frå militæret. Karane reiste meir rundt og staskleda deira var ofte skreddarsydde.
Bunaden med kvit trøye er ein eldre bunadsmodell frå slutten av 1700 talet /byrjinga på 1800 talet. Den har brodert jakke og bukse, og raud vest, – alt i ullklede. Denne modellen blir og kalla ”brudgomsbunad”, men den er ein festbunad på lik linje med dei andre herrebunadane. Til knebuksa høver det seg med lyse eller mønstra knestrømper og hoseband. Hovudplagget er kolleluve

Ein brettar eit silketørklede i ein passe brei rull, legg den rundt halskragen og knytta ein rein dobbeltknute framme. Endane legg ein på kvar si side. I dag brukar mange ferdigmonterte halsklutar. Fyrierma er sydd på stramei med bunadsgarn og perler. Det finnes mange mønster og ofte vert initialer eller årstal sydd på. Sylvknappar, halsring eller enkel knappesølje, kjede og lommeur er vanleg tilbehør.

0