Ein fersk rapport om bunadbruk i Noreg slår fast at ein større del av bunadproduksjonen skjer i Noreg, og at unge – spesielt kvinner – i aukande grad ønskjer å sy heile eller delar av bunaden sin sjølv, så lenge dei får rettleiing.

Det er eit viktig og gledeleg funn, meiner Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon, organisasjonane bak rapporten og UNESCO-nominasjonen av bunadbruk som immateriell kulturarv. Dei peikar på at rapporten gir eit meir nyansert bilete av produksjon og interesse enn det offentlege ordskiftet til vanleg formidlar.

– I fleire år har debatten vore dominert av uro for tap av kunnskap og utflagging av produksjonen. No får vi eit meir samansett bilete. Det blir produsert meir i Noreg enn mange trur, og det spirer ei ny interesse blant unge for sjølv å lære og bidra, seier Mette Vårdal, historikar og forfattar av rapporten «Bunad nå! Status 2025».

Last ned rapporten.

 

Halvparten av nybunader blir truleg laga i utlandet – men tendensen snur
Rapporten estimerer at rundt 45 prosent av bunadene som vart selde i 2024 er heilt eller delvis utanlandsproduserte. Det er særleg dei store produsentane som står for dette. Samtidig viser undersøkingar at fleirtalet av forbrukarane er opptekne av at bunaden skal vere laga i Noreg, og produsentane melder om aukande etterspurnad etter lokal produksjon, reparasjon og omsaum.

– Det skjer ei viktig haldningsendring. Bunadkjøparar er opptekne av at bunaden skal vere laga i Noreg, og at det ligg solid fagkunnskap bak, seier leiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Ho peikar på ei konkret interesse for kvalitet, opphav og handverk. Det handlar om å ta vare på ei levande kulturarv som er tett knytt til både identitet og miljømessig berekraft,

UNESCO-innskrivinga i desember 2024 har truleg vore ein viktig faktor i å styrke merksemda kring bunad som levande kulturarv. Rapporten legg grunnlag for vidare arbeid med kunnskapsformidling, rekruttering og styrking av bunadproduksjon i Noreg.

Unge kvinner vil lære – men dei må få tilgjenge
Eit av dei mest oppløftande funna i rapporten er at unge – særleg kvinner – uttrykkjer vilje til å sy delar av bunaden sjølv, dersom dei får rettleiing. Heile 37 prosent av kvinnene i undersøkinga svarer at dei kunne tenkje seg dette. Dette samsvarar med auka interesse for bunadkurs i regi av frivillige organisasjonar.

– Dette tyder på at mange unge ikkje berre ønskjer ein bunad, men òg ei djupare forståing av handverket og historia bak, seier rapportforfattar Mette Vårdal.

I dag er det stor mangel på læreplassar, kurslærarar og relevante utdanningstilbod for dei som vil bli bunadstilvirkarar.

– Det er eit stort potensial for å vidareføre kunnskapen om bunad som handverk og sosial praksis, men då må vi sørgje for at folk faktisk får moglegheitene, og sikre utdanningstilbodet, seier seniorrådgjevar Solveig T. Grinder frå Norges Husflidslag.

Rapporten Bunad nå! blei lansert på eit frokostmøte i Oslo, 13. mai. Til stede var Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Institutt for bunad og folkedrakt, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon, Kulturrådet, samt politikerne Trude Storheim (AP), statssekretær i Kulturdepartementet, Åslaug Semb Jacobsen (Sp), Kathy Lie (SV) og Silje Hjemdal (FrP). Avbildet er representanter fra Norges Husflidslag: Agnete Sivertsen, solveig Grinder, Tone Sjåstad, Agathe Lauvdal, Ellen Krageberg, Evelyn Utigard og Hanne Kathrine Bratholt. Foto: Lene Storhaug.