Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
Nettbutikk
Min side
1. jul 2026|
Tekst: Evelyn Utigard|
Foto: Ingrid Westgård Jørgensen|
Arrangement|
Ein nordisk møteplass for tresløyd Festivalen er i ferd med å etablere seg som ein av dei største og viktigaste festivalane i Norden når det kjem til tresløydrelatert innhald. Han vert arrangert annakvart år av frivillige eldsjeler. Festivalen ønskjer å appellere til alle nyfikne og interesserte på tvers av nordiske landegrenser, for å bringe sløydmiljøet tettare saman og ikkje minst introdusere nye folk for den rike sløydverda på inspirerande og leikne måtar. Norges Husflidslag er glad for å bidra både på nasjonalt, regionalt og lokalt plan. Sløydfest er et samarbeid mellom Seljord Folkehøgskule, Seljord Husflidslag, Telemark Husflidslag, Norges Husflidslag og Valen og Flatin Grendelag.
Plass til sjeldne handverk I år kunne ein velje mellom atten ulike kurs, i alt frå vidjespenningar, tradisjonsmåling og høvelmaking. Ein kunne også finne meir sjeldne handverksfelt som tidlegare har vore lite formidla her til lands, som å lage børstar av eit stykke hegg eller med hestehår.
Frisløyd og sløydheng – ikkje berre kurs Ein viktig del av festivalen er det som skjer utanfor kursa. Ein treng ikkje eingong å gå på kurs for å ha det kjekt på festivalen. Det var stort sett liv kring bålet, der ein kunne sitje med eigne handverksprosjekt eller halde fram med noko ein hadde starta på under kurs.
Handverksdag, midtsommarfeiring og verdspremiere Under kvar festival opnar festivalen opp for alle som vil kome med handverksmarknad, utstilling, demonstrasjonar, aktivitetar og workshops for store og små. I år var det ekstra stas at musikarane frå Skrotmusik i Sverige kom på festivalen og hadde med seg sin portable leikeplass som lagar lyd når ein leikar. Ein kunne også lage fløyter, mekke ein skrotrobot eller sjå korleis ein kan veve ein hatt med siv.
Sidan festivalen gjekk føre seg helga rundt midtsommar, vart det sjølvsagt også ei tverrnordisk midtsommarfeiring med maistong, svenske midtsommarsongar, grillfest, kaker og St. Hans-bål. I all løyndom hadde arrangørane òg førebudd det dei trur er ei verdspremiere: eit täljhest-veddeløp (bandkrakk med hestehovud). Alle deltakarane «vedda» på kvar sin teljehest, der éin gjekk av med sigeren og vann ein fin premie.
Sløyd for nye generasjonar Arild Larsen frå Noregs Husflidslag heldt kurs i grunnleggjande grøn sløyd og sliping, der både ferske og vidarekomne sløydarar har fått ei solid mengde påfyll i teknikkar og materialforståing til å gyve laus på eiga hand vidare. Antonia Barth, Lara Domeneghetti og Coline Boquin, som alle har delteke på Homo Faber Fellowship-programmet*, var til stades og viste og fortalde om prosjekta sine gjennom ord, handling, film og bilete. *Homo Faber Fellowship er eit sponsa utviklingssprogram for duoar beståande av etablerte handverkarar og nyutdanna innan tradisjonshandverk. I Noreg samarbeider Norges Husflidslag og Sparebankstiiftelsen DNB om ordninga.
Fylg med for meir Dersom du er nysgjerrig på sløyd, eller interessert i å lære meir, anbefaler vi alle å sjekke ut sloydfest.no og bli med på neste festival, som vil vere i 2028. Eller kanskje ein ikkje må vente så lenge? Eit par av deltakarane vart så inspirerte at dei ønskjer å få til noko liknande i sin eigen landsdel.
Dersom du vil sjå meir frå festivalen, kan du finne reels og bilete på festivalens Instagram og Facebook-sider.