Blokktrykk er ein teknikk der ein stempler farge til eit stoff ved hjelp av ein utskoren tremal. Relieffet i trykkblokka skapar mønsteret på stoffet. Teknikken har vore spesielt utbreidd i Midt-Noreg.

Tidsperiode / kva er blokktrykk?

Frå slutten av 1700 talet og framover mot 1930-40 talet, har blokktrykk på ullstoff vore vanleg mange stadar i Noreg. I midt-Noreg har denne tradisjonen stått spesielt sterkt, og i Møre og Romsdal var det ein utøvar av faget heilt fram til ca 1980-talet.  Spesielt på slutten av 1800-talet fantes det mange tekstilfargarar rundt om i landet, og fleire av desse arbeide også med trykking på tøy.

Dei trykte tekstilane var vanlegvis vevde heime på gardane av ufarga, gjerne heimspunne garn. Deretter vart tøyet sendt til ein fargar og trykkar i nærleiken som arbeide vidare med tekstilen. Første farga han heile stoffet før tøyet fekk dekor i form av svart mønster trykt med trykkblokker av tre. Trykkblokkene som var relieffskorne, vart påført farge og pressa ned i tøyet. Deretter gjekk tøyet gjennom fleire prosesser, mellom anna varmefiksering for at fargestoffet skulle feste seg godt til tekstilen.

Fargarane

Fargarane  var «profesjonelle» som hadde gått i lære i fleire år. Nokre reiste til utlandet for å lære, andre gjekk i lære hos ein fargemeister som var å finne i dei største byane. Men det var heller ikkje uvanleg at opplæringa og utøvinga av faget, gjekk frå far til son i fleire generasjonar. Ein kjenner til fleire namngjevne fargarar som mellom anna hadde gått i lære på Schjølberggården i Trondheim. Fargerigården, Schjølberggården, var nærmast eit slags «sentrum» for utøving og opplæring av fargarar og tøytrykkarar i midt-Noreg.  Fleire av dei som fekk opplæring i Trondheim, flytta attende til distrikta og utøvde faget sitt der. Farginga og tøytrykkinga fungerte då gjerne som attåtnæring til den vanlege gardsdrifta for mange av fargarane.

Schjølberggården med mange trykkblokker og anna utstyret til knytt til farging og trykking, vart flytta frå torget i Trondheim, og er i dag å finne på Sverresborg Museum, Trondheim.

Trykkblokkene

Trykkblokkene var skåre i hardt lauvtre. Dei kunne bestå av to eller tre samanlimte lag der fiberretninga gjekk ulike vegar slik at trykkblokka skulle bli mest mogleg stabil. Det vart importert trykkblokker frå Tyskland slik at ein i dag kan finne trykkblokker med same mønster fleire stader i landet. Men mange av trykkblokkene vart og skore av dyktige lokale treskjerarar. Trykkblokkene er ganske store som krev presisjon og styrke frå trykkaren. På oppsida av trykkblokkene kan ein ofte sjå spor etter kraftige klubbeslag frå tøytrykkaren.

Trykkblokkene hadde gjerne eit rikt mønster. Dei kunne vere tillaga som midtmotiv, hjørnemotiv, kantbordar eller andre bordar. Blomstermotiv, rosettar eller blomerankar var vanleg på mange av trykkblokkene. Blomstermotiva kunne også vere sett samen med prikkar, stjerner og mjuke liner. Det finnes også trykkblokker som har enklare motiv som ruter og  striper, bokstavar og tal.

Nokre av trykkblokkene kunne og etterlikne eksklusive stoff som moaré og dreiel som mange ikkje hadde råd til å skaffe seg. Ein flott stofftrykt tekstil vart då ei god erstatning.

Det finns også trykkblokker med mønster sett saman av små metallstiftar, eller i kombinasjon av treskjering og metallstiftar. I dag er trykkblokkene er oftast å finne på større museum, lokale bygdetun eller i privat eige.

I privat eige finns også ei mønsterbok. Den kunne kunden kikke i før ein valde mønster på sin eigen tekstil. Det blir fortalt at å få trykk med store trykkblokker var meir kostbart enn trykk med små trykkblokker.

Fargane / fargestoffet

Flaggraudt ser ut for å vere den farga som dei aller fleste stofftrykte tekstilane har. Den gav ein fin kontrast til den svarte trykkfargen. I tillegg finn ein tekstilar med botnfarge grøn, gul, oransje, blå, brun eller sjokkrosa.

Sjølv om det finns oppskrifter på fargestoffa som ein brukte tidlegare, kjenner ein ikkje nøyaktig til kva fargestoff som vart brukt. Etter oppskrift kan ein sjå at ein av ingrediensane var blåtre, brissel eller bressel som opphaveleg kom frå Brasil. Kjerneveden i dette treet gav ei blå, blålilla farge og saman med ulike kjemikalier, fekk ein svart og grå-svarte fargar. Men analyse av fargestoff frå 1920-30 talet har vist at det inneheld mange komponentar som er ulovleg å bruke i dag. Dette på grunn av at dei er skadelege for naturen og av helsemessige årsakar for trykkaren sjølv.

For å få fargestoffet jamt fordelt på trykkblokka, brukte dei ei stempelpute. Fargestoffet vart først påført stempelputa med ein pensel. Deretter pressa dei trykkblokka ned i stempelputa for etterpå å overføre det til sjølve tekstilen.  Nøyaktigheit og presisjon var kjenneteikn for ein dyktig stofftrykkar.

Det heimevevde tøyet

Mange av dei gamle tekstilane var vevd med vanleg lerretsbinding, og dei hadde ulik tjukkleik. Nokre var i tillegg også stampa og tova før farging og trykking.

Produkt

Rundt om i heile landet kan ein finn blokktrykte tekstilar. I midt-Noreg , finn ein blokktrykte klede som skjørt, vestar, underskjørt, kjolar, trøyer, sjal, kast og fór i pels. Borddukar og bordløparar, dynetrekk, fellåkle og veggtekstilar med blokktrykt mønster, er også i finne i midt-Noreg.

Nokre av bunadane og folkedraktene våre, har blokktrykte mønster på vest eller skjørtet. Dette gjeld mellom anna Kvinnebunaden frå Namdal,  Selbu-bunaden, Trykk-kjol frå Lesja (over t.h.), Ermeopplut frå Sunnfjord og sjal frå Nordmøre  (over t.v.) som alle har sitt utgangspunkt i blokktrykt ullstoff.

Tradisjonell bruk av trykt seng (dynetrekk) i Møre og Romsdal.

Seng frå Ørskog.

Blokktrykt seng.

Det finns ein del borddukar, særleg på museum nord i Møre og Romsdal.

Fellåkle.

Kjole frå Nesset i Romsdal. Det var gjerne eit ynskje om å etterlikne dyre brokadestoff frå kontinentet.

Jakke.

Herrevest.

Trykking på ullstoff, enkel oppskrift og tips

All trykking krev nøyaktigheit og presisjon. Blokktrykk er ikkje reversibelt, har du først gjort eit avtrykk med trykkblokka, er det umogleg å gjenta det same trykket på same stad.

Dette trenger du:

Ullstoff. Dei fleste ullstoffa har gjennomgått ei etterbehandling og kan innehalde apperetur. Difor er det ein fordel om stoffet vert vaska og tørka på førehand gjerne fleire gonger. Er stoffet krøllete, bør ein dampe det på førehand. Ein kan også trykke på gamle ullteppe og liknande.

Trykkfargar

Pigmentfargar. Desse fargane ligg på overflata og vil ikkje trekke så godt inn i tøyet som reaktive fargar. Fargane vert fiksert i luft, men det kan vere lurt å varmefiksere stoffet med eit strykejarn i etterkant av trykkinga. Stofftrykkfargen Palett kan til dømes brukast med eit greitt resultat, men dette fargestoffet egnar seg lite til tøy som vert utsett for sterk gniding.

Reaktive farger: Fargestoffet vil binde seg til fiberen og vil dermed trekke djupare inn i tekstilen. Tøyet må dampfikserast i ein lukka kjele i etterkant av trykkinga, noko som gjer trykkeprosessen og etterbehandlinga meir komplisert.

Trykkblokker

Har du tilgang til gamle trykkblokker kan dei gjerne brukast. Du kan og skjere dine eigne trykkblokker eller kjøpe frå firma Fjellform, Geilo som fresar ut trykkblokker for sal.

Tradisjonelle trykkblokker. 

 

Slik gjer du:

Eit godt resultat krev planlegging.  Det er lurt å bruke få trykkblokker. Gjerne snu og vende på trykkblokka, og det kan oppstå nye og overraskande mønster.

Du bør ha eit mjukt underlag som sviktar litt, -gamle flanellslaken egnar seg godt. Pass på at bordet og underlaget er heilt glatt, ei lita ujamnheit vil sette merke på trykket.

For å få ein god komposisjon er det lurt å planleggje. Du kan lage prøvetrykk på papir og bruke desse til å komponerte det mønsteret du vil ha. Bruk målband, linjal og knappenåler (på høgkant) for å finne nøyaktig stad å sette ned trykkblokka.  Nokre gonger kan det vere lurt å arbeide frå midten av tekstilen og ut mot kantane.

Påfør fargestoffet på trykkblokka med ei rulle. Pass på at lik mengde av fargestoffet er jamt fordelt utover heile trykkblokka. Senk trykkblokka rett ned og ta den rett opp igjen. Bruk kroppen som vektstang for å få rett tyngde på trykkblokka. Påfør nytt fargestoff for kvart trykk.

Fiksere trykket med eit varmt strykejarn.  Stryk på eit glatt tørkepapir som du legg mellom strykejarnet og trykket. Får du trykksverte på tørkepapiret, bruk eit nytt tørkepapir.

For å oppnå eit litt anna uttrykk, kan ein reservere deler av ei trykkblokk. Bruk då maskeringstape, og ver nøye med kor ein påfører trykkfarge.

Vask og tørk trykkblokkene godt etter bruk.

Blokktrykk krev konsentrasjon og ro, – hugs difor å ta gode pausar.

Kjelder til blokktrykk på ullstoff

Nordmøre museum, Årbok 2014. Artikkel Fargerfaget: Kari-Elin Bolme Løfaldli

Trønderveven 2018,  Årbok for Sverresborg Trøndelag Folkemuseum/ MiST og Sør-Trøndelag Historielag. Artikkel: Trykkblokktradisjonen i Trøndelag, Anne Grete Sandstad

Norsk Håndverksinstitutt, Lillehammer 2018. Dokumentasjons- og opplæringsprosjekt i teknikken Blokktrykk på ullstoff Prosjektnr 14520315

Bunadsliv. Frå handsaum til industri. Åse Vigdis Festevoll

Norsk Husflid 1987. Handtrykt bunadsty frå Nordmøre, Marta Soldal

Ulike avisartiklar frå lokalpressa i Møre og Romsdal.

Tradisjonsbærere og utøvere av blokktrykk på ullstoff i Møre og Romsdal; bl.a.  Ingvild Hansen Nystad, Norddal og Anne Botten Stokke, Valsøyfjord.

Blokktrykk på ullstoff for barn + trykking på litt andre stoff

Metode og erfaringar frå ulike utprøving av blokktrykk med barn.

Erfaringane våre tilseier at ein må styre prosessen og ikkje gje ungane for mange val.
Det er lurt å starte med ei oppgåve, ein type stoff, ei farge og ei eller to trykkblokker.
Maks 10 ungar for ein erfaren instruktør. Tilgang til å hente og slå ut vatn.

Trykkblokkene:

Desse må ikkje vere for store og tunge, – dei må passe godt i ei barnehand.
Ungane må ikkje ha for mange trykkblokker å velje i.
I staden må dei lære seg til å snu og vende trykkblokkene og repetere trykkinga.

Ein kan og lage eigne trykkblokker.
Då kan det vere lurt å lage enkle mønster i isoporbitar og lime desse til pleksiplate som er skåre opp i passande storleik. Ved å bruke pleksiplate kan ein lettare sjå kor ein skal plassere trykkblokka.

Ein kan også trykke med andre ting som td. enden av ein blyant, Q-tips, trebitar i ulike former og andre ting.

Underlaget:

Det er alltid lurt å beskytte borda ved å bruke plast. Deretter må ein ha eit glatt, mjukt underlag (t.d. gamle laken eller dynetrekk) som kan «svikte litt» under trykkinga. Viktig at underlaget er glatt. Til dømes vil eit krepp dynetrekk som underlag, visast igjen i trykket, og trykket vert ujamt.

Stoff:

I tradisjonen i midt Noreg, er det heimevevd ullstoff som er brukt. Den dominerande farga er raudt  og litt grønt, men det finnes også produkt i andre fargar.
Ullstoff kan ein kjøpe frå Skaar tekstil (www. tekstil.no) som sender over heile landet. Ein kan og få tak i ullstoff hos andre fabrikkar eller ein kan trykke på gamle pledd og andre gamle ullstoff.

Dessutan kan ein trykke på andre stoff som bomull, andre ulike stoffkvalitetar, på papir eller det ein måtte ha for hand. Her må ein prøve seg fram sjølv.

Ferdige produkt kan ein og trykke på, som t.d. handkle, store og små brikker, nett, mm.
Dersom desse produkta har eit mønster, bør denne trykkinga kome i andre omgang etter at ungane har øvd seg på einsfarga stoff.

Lyse stoff egnar seg best. Er stoffa for mørke, vil kanskje ikkje sjølve trykket visast godt nok.

Trykkfarge:

Ein kan bruke mange ulike typar trykkfarge, og dei ser ut for å fungere ganske likt (ikkje reaktive fargar). På grunn av enkle tilgang, har vi valgt å bruke Panduro sine trykkfargar.

I tradisjonen i midt Norge er det svart trykkfarge som er brukt.
Ein kan gjerne bruke litt farger for å kvikke opp eit trykk. Men det er ikkje lurt at ein drar fram alle fargene i fyrste omgang. Då vert det fort at ungane vert for oppteken med å velje fargar og ikkje klarer å styre prosessen. Eit råd er at fargane skal kome som «det litt ekstra».

Allergi:  Vi kjenner ikkje til at nokon har fått allergiske reaksjonar ved å bruke trykkfargane.
Viss ein er i tvil, kan ein bruke tynne plasthanskar.

Oppgåve, komposisjon, øving:

For eit vellukka resultat, er det alltid lurt å starte med ei fast oppgåve.
Det gjer det og lettare for deg som instruktør.

Oppgåvene kan til dømes vere:

  • Å fylle ei flate innanfor ei ramme med ei eller to trykkblokker
  • 3 eller 5 mønster på rad med ei eller to trykkblokker
  • Å snu og vende på trykkblokkene
  • Å lage eit hjørne
  • … og andre avgrensa oppgåver

For å lage ein god komposisjon kan det vere lurt å først trykke på papir, for deretter å klippe ut mønstera. Så setter ein saman papirbitane til ulike mønster ved å snu og vende på dei.
Slik kan ein få «eit bilete» om korleis resultatet av trykkinga kan bli.

Vaksne vil gjerne plassere trykket heilt beint på stoffet, trådbeint. Då er det smart å bruke målband og knappenåler og/eller maskeringsteip.

Dersom du skal trykke med ei lita trykkblokk mange gonger, kan det vere lurt å lage seg ei «stempelpute». Bruk t.d. eit plastlokk, – legg  litt fargestoff på lokket og legg deretter ein tynn bit skumgummi over fargestoffet, og du har fått deg ei stempelpute.

 Ting å lage:

  • Sitteunderlag av ullstoff, ev. med voksduk
  • Nålepute med knappenåler med kulørt hode
  • Poser i ulike storleikar og utformingar, med og utan glidelås, løpegang med snor, klaff, mm
  • Poser til klinkekuler, «trusepose» – til å ta med på tur
  • Penalhus
  • Nett og vesker, – kan og vere sydd saman av fleire lappar
  • Bilde med stofftrykk
  • Armeband- vennskapsbånd, nåler og smykke
  • Enkle vottar, grillvott / peisvott
  • Julepynt og anna pynt: fylte hjarte, ruter (små)  og andre former til juletrepynt
  • mm

Dette treng du, tips:

  • Plast til å dekke borda
  • Mjukt, glatt stoff til underlag
  • Tørkepapir
  • Ein gamal handduk
  • Stoff og anna til å trykke på, ulike kvalitetar
  • Panduro trykkfarge
  • Papptallerken
  • Skumgummirulle
  • Søppelsekk
  • Tannkostar for å vaske trykkblokkene
  • Strykejern og strykebrett, til fiksering
  • Vanlig A4 papir
  • Stoffsaks
  • Papirsaks
  • Snorer, kan ev. lage eigne snorer
  • Glidelås
  • Forkle
  • Knappe nåler
  • Målband
  • Ulike modellar

Febr 2019, Møre og Romsdal Husflidslag/ Husflidskonsulenten i Møre og Romsdal