Raudlista: Årdal Husflidslag har arbeidd med blåhua frå Seimsdalen som sin raudlisteteknikk, og hadde denne dokumentajsonen på trykk i heftet «Raudlista handverksteknikkar» frå 2015.

Blåhuva er skildra av både U. F. Bøiesen i hans ”Beretning” frå 1817, og også av engelskmannen Francis M. Wyndheim i 1859. Slik skildrar Wyndheim to gutar han ser i Hæreidsvassbugen ved Årdalsvatnet: ”velbrukte, loslitte rundtrøyer, knebukser, ullstrømper, ja primitive sko fulle av huller, og en blå strikket nattlue av det slaget som sitter på mannfolkene i det indre av Sognefjorden, utgjorde disse to gutters antrekk”.

I ein avisartikkel i Sogn avis frå 1973 fortel Tomas Hæreid om korleis Sverre O. Asperheim hadde ei slik hue som bestemor hans, Ingeleiv Reidarsdotter, spøta over 70 år tidlegare. Han synte hua til fleire, men ingen av dei skjønte korleis det spesielle brotet med ein flossakant var laga.

I 1970 var Sverre O. Asperheim innlagd på Lærdal sjukehus saman med Teodor Høyum. Han nemnde hua for Teodor. ”Syn ho til syster mi, ho Magni Hjelmås, så trur eg ho greier det”, svarte Teodor – og slik vart det. Tomas Hæreid spurde Magni om hjelp med hua, og slik fekk både Hæreid og fl eire andre seg nye blåhuer etter gammal modell.

Magni skisserte grunnforma på hua på eit matpapir, og rekna seg fram til ei oppskrift utifrå det. Garnet ho brukte var det tynnaste av dei to kvalitetane ”Bruflatgarn” – eit tretråda ullgarn som klesbutikken Bruflat i Øvre Årdal selde i umerkte hesper. Den mørke blåfargen stemde bra, og gav også ei passande strikkefastheit. Ho laga seg ei enkel oppskrift, som ho varierte litt etter kven som skulle få seg hue.

Brotet er bretta opp på retta av hua, og den særeigne flossakanten er sydd gjennom begge laga. Flossen har både blått og den kvite mønsterfargen i seg – men meir blått enn kvitt. Måten å sy denne flossakanten på er godt skildra i Heidi Fossnes si bok ”Håndplagg til norske bunader” (s.13).

Sogn bunadnettverk har hatt to temakveldar på museet der flossakantar har vore tema. Første kvelden var det eigentleg den tvebandstrikka Lærdalsvotten som var tema, og den har ein stor, fargerik flossakant. Sjølve flossakanten var så tema våren 2013. Til denne samlinga hadde museet leita fram fl eire blåhuer frå Indre Sogn, og vi bestemte oss for å ta fatt på arbeidet med å lage oss blåhuer.

Tre av medlemane i laget er etterkomarar etter Magni Hjelmås: dotter, dotterdotter og hennar dotter igjen, og vi hadde såleis tilgang til både huver frå syttitalet og dei gamle notatane.

Vi har prøvd og feila litt undervegs, men er kome godt avgarde med huene. Om lag halvparten av medlemane har spøta seg huer, og fleire av oss er også ferdige med flossakanten. Det er nok den som har vore den største utfordringa for oss, for den skal fylle passe mykje. Nokre av oss har brukt bomullsgarn til det kvite mønsteret, slik vi såg det var gjort på mange av dei gamle huene på museet, medan andre har brukt ullgarn i både botnfarge og mønster

Raudlisteprosjektet var første gong publisert i Sogn og Fjordane Husflidslag sitt hefte «Raudlista handverksteknikkar» i 2015 med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Kontaktinformasjon: Årdal Husflidslag

Om Raudlista: Raudlista er ein landsomfattende dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i handverkskunnskap som står i fare for å bli gløymd. Husflidslaga vel sjølv teknikkane dei vil arbeide med.