Raudlista: Florø Husflidslag har arbeidd med båtrya som sin raudlisteteknikk, og hadde denne dokumentajsonen på trykk i heftet «Raudlista handverksteknikkar» frå 2015.

Båtrya – Lofotrye – Drafsrye … Eit vevd teppe med knytefloss på den eine sida og glattvev på den andre. Brukt som overbreisle i opne båtar langs hele kysten. Dei la gjerne seglet som tak over framskoten, så la dei teppe og skinn som underlag og brukte rya som dyne. Dette heldt godt på varmen.

Ryene blei brukte på same måte i dei trekkfulle rorbuene når mennene rodde Lofotfiske.

Rya var vevd av ull av utegangarsau , som var den mest vanlege sauerasen. Desse sauene hadde spesiell tett ull og svært tett underull , som gjorde rya nesten vassavstøytande. I motsetning til skinn, som ville morkne av fuktigheit , var det berre å henge rya opp til tørk. Ryene var også vaskbare.

Glattsida var gjerne vevd i kypertvev, ein teknikk som gjer teppet mjukt og smidig. Falden var vendt mot flossida. Samansyinga av breiddene vart alltid gjort på flos sida. Vevane var smale på den tida, så ryene var sydd saman av minst 2 breidder.

Mønster kunne førekome som striper, ruter eller sikksakkmønster.

Gamet var plantefarga.

Flossen kunne variere i breidde frå 5-9 cm. Flossgarnet kunne vere blyanttjukt og med god tvinn . Dette for betre vassavstøyting.

Flossen hadde også den evna at etter at den blei trykt ned når ein låg på den, reiste den seg igjen. Det kunne gå med ca. 15 kg ull til ei stor rye.

Historikk

Det er funne restar av båtryer i Tyskland, heilt tilbake frå tredje til fjerde århundre. I Sverige og Finland er det funne restar av teppe frå 7. århundre.

Det eldste teppet vi kjenner frå Norge er frå 1681 i Lofoten, men båtryer har vore nemnt i skifteprotokollar frå 1400-talet, så dei må ha hatt ei viss tyding når det gjaldt verdifastsetjing.

Kor vanleg ryene var for dei som dreiv fiske og fangst i fjordane, veit vi ikkje så mykje om. Men for Lofotfiskarar høyrde rya med til båtutrustninga.

På 1700-talet var ei rye tilsvarande ei drektig kvige i verdi.

Vi kjenner til at ryer blei laga heilt til 1940.

I Sogn og Fjordane ser det ut som om produksjonen har vart fram til krigen , også for opphavleg bruk. Men etterkvart som dei fekk betre båtar, blei ryene gjerne brukte på hytta eller lagt vekk. Vi veit ikkje sikkert når siste rya blei produsert for opphavleg bruk. Etter krigen blei mykje kasta, då ville folk gjerne ha nytt.

I seinare år har kunsthandverkarane forsøkt å lage slike ryer for å teste ut teknikken.

Både Kystmuseet i Florø og Nordfjord Museum har båtryer i samlingane sine, dei fleste laga før 1900.

Framstilling av ull til rya

Lang ryggull blei brukt til renninga. Renninga var viktig og måtte vere sterk nok til å tole flossknytinga. Elles kunne rya lett gå i oppløysing. Tett renning hadde også tyding for at rya skulle virke mest mogeleg vassavstøytande.

Flossen blei knytt til rya under vevinga. Flossen kallast også napp.

For at garnet skulle bli mjukt, blei nøstene laga i sauefeitt. Då este det ut og blei loddent.

Flossgarnet blei surra rundt eit kjevle med eit djupt skar i for plass til saksa, «nappakjevle». Dette var for å få lik lengde på flossen.

Renninga var tett, 80 til l 20 trådar pr. 10 cm, tråden var laga av sauen sine dekkhår.

Gjennomsnittsvekta på dei gamle ryene var 8 kg., men det finst eksempel på ryer som vog heilt opp til 20 kg.

Innslagsgarnet kunne vere ei blanding av dekkhår og botnull. Flossen blei knytt over 3 renningstrådar.

Tida for å framstille ei rye var

  1. Ullsanking – 4 dagar
  2. Sanking plantar til farging – 3 dagar
  3. Planlegging mønster – 1 dag
  4. Renning av bommen – 1 dag
  5. Påsveiping og treding – 4 dagar
  6. Veving – 20 dagar
  7. Stopping – 1 dag
  8. Samansying – 1 dag

Totalt: 35 dagar

Reingjering av rya

Eit stort kar blei fylt med såpevatn. Såpa var heimekokt av talg, kaustisk soda og salmiakk. Så gjekk husmora opp i karet og trakka rundt.

Etterpå blei rya frakta ned i fjæra på trillebåre og bunden fast, slik at den blei skylt når floa kom.

Så blei rya hengt til tørk i naustet til neste sesong. Ryer som blei skylt i ferskvatn risikerte å bli mølletne.

Raudlisteprosjektet var første gong publisert i Sogn og Fjordane Husflidslag sitt hefte «Raudlista handverksteknikkar» i 2015 med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Kontaktinformasjon: Florø Husflidslag

Om Raudlista: Raudlista er ein landsomfattende dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i handverkskunnskap som står i fare for å bli gløymd. Husflidslaga vel sjølv teknikkane dei vil arbeide med.