Kvart år i slutten av april går TREseminaret på Dovre av stabelen, med spennande kurs og foredrag frå dyktige fagfolk med ulike innfallsvinklar til tre som materiale. I år fyller TREseminaret 20 år, og tradisjonen tru, går også BarnasTREseminar av stabelen under arrangementet.

Barnas TREseminar i 2024, med opplegg for 5. og 8. trinn. Foto: Arild Larsen

Barnas TREseminar er eit to-dagars inspirerande seminar for born i skulealder med materiallære, sløyd og spikking i fokus. Spre ordet til born over heile landet som kan ha glede av to dagar med morosame, varierte og lærerrike aktivitetar i grøn sløyd (som betyr å jobbe i rått trevirke). Det kostar 300 kr å delta for begge dagar. Kurslærarar er Arild Larsen og Evelyn Utigard, konsulentar i Norges Husflidslag. I år vil fyrste dag føregå i Bygningshistorisk park, der det er moglegheit til å prøve seg på alt frå sløyd til andre spennande husflidsaktivitetar som plantefarging, smiing og veving med meir. På dag to er vi på Hjerleid Handverksskule og Senter for Bygdekultur.


→ Les meir om kva som skjer på Barnas TREseminar og korleis ein kan melde seg på: https://www.treseminaret.no/barnastreseminar-1
→ Del gjerne Facebook-arrangementet: Lenke til FB-arrangement finn du her

 

Handverksdag for heile familien 26.april
Laurdag 26.april er det duka for Handverksdag for heile familien i Bygningshistorisk park. Her vert det guida turar, «Solv-kurs» med Jon Bojer Godal (eigen påmelding på treseminaret.no), husflidsaktivitetar med Vågå- og Dovre Husflidslag, husflidsutsal og kaffi og sveler. Entrè 100 kr for vaksne/gratis for born. Born som er påmeldte Barnas TREseminar fylgjer eiget program. Vell møtt!


Barnas TREseminar skjer i regi av Norges Husflidslag i samarbeid med Hjerleid-miljøet, Studieforbundet Kultur og Tradisjon og Gudbrandsdalsmusea.

2024 kunne by på spikking, smiing, kolrosing og søm for flere skoleklasser og deltagere på Barnas TREseminar. Foto: Arild Larsen