Årets tema er «Grønn sløyd»!

Heftet kan bestilles på husflid.no – nettbutikk. Grønn sløyd – husflid.no

Vi lar barna få vera med og lære om tradisjonshandverk på eige kurs, der dei får dei prøve seg på tradisjonelt trehandverk, tredreiing og smiing. Barna får lære om teknikkar, materialar og skjærande verktøy.

I tillegg til å lage eigne bruksgjenstandar, tek vi ei runde på dei andre kursa på Hjerleid for å sjå korleis dei vaksne jobbar med sveiping, lafting, kolrosing, korgfletting og mykje meir. Og så blir det sjølvsagt mykje leik og moro! Slik kan foreldre/besteforeldre med godt samvet gå på «vaksen-kurs» på TREseminaret, og ha barna med på Dovre.

Kurset er opent for alle som er interesserte, og det er ingen føresetnad for påmelding at foreldre skal gå kurs. Passar for barn i skulealder.

Utstyr: Barna må vere kledde for å vere ute, og kan gjerne ha med eigen spikkekniv, men vi har også knivar og verktøy til utlån.

 

Tidspunkt og program:
Fredag 26. april kl. 09.00 — 17.00
Laurdag 27. april kl. 09.00— 17.00

Kurspris: 
Fredag kr. 250,-

Laurdag kr. 250,-
Fredag & laurdag kr. 400,-
Moglegheit for å delta ein eller fleire dagar.

Aktivitetar:
– Arbeid med skjerande verktøy og ferske emne rett frå skogen
– Tredreiing, smiing, karveskurd, kolrosing og måling, samt safari på «vaksen»-kursa.

Kursstad: Oppmøte ved gulbygget på Hjerleid.

Måltid: Deltakarane må ha med seg matpakke, men får servert saft, kjeks, og frukt kl.10.00 og 14.00.

Kurslærar:  Arild Larsen, husflidskonsulent i Hedmark.

Meld deg på her:

Barnas TREseminar, Grønn sløyd | treseminaret